Igjen undrar eg: Bryta opp eller bli verande i kyrkja?

19.04.2024
Sofie Braut
Aktuell kommentar Den norske kirke Gudstro Gudstjeneste Menighet Kirkesituasjon Kirken Kirkemøte

Aktuelt

Sofie Braut - Foto: Johanna Hundvin Almelid. Dagen

I desember skreiv eg første del i ein serie på tre kommentarar om medlemskap Den norske kyrkja. Her følgjer del to. Kyrkjemøtet over for i år. Har det gitt meir lys over om eg bør blir bli verande?

Ei smådaff saksliste. To leiarkandidatar som ikkje veit kva som skil dei. Tre parti drivne fram i ein demokratiprosess ingen heilt trur på. Den som vil vera kristen i Den norske kyrkja, bør vera årvaken.

Kyrkjemøtet 2024 er over for denne gong, og fasit er at lite oppsiktsvekkjande har skjedd. Det er fint, vil mange, kanskje underleg nok, meina.

På Facebook utbryt konservative Therese Egebakken eit «Hurra!» for nyvalt leiar av Kyrkjerådet Harald Hegstad. Han har i det minste ei fortid som tradisjonell teolog. Også frå anna konservativt hald rapportar ein om glede over eit av dei rolegaste og minst konfliktfylte kyrkjemøta på mange år. Det er lett å forstå.

Konsoliderande fase?

Det har vore mange år med kamp og kiv i på Kyrkjemøtet. Åra sidan 2016, då eg sjølv kom med i kyrkjepolitikken, har stått i ekteskapsdebattens teikn. No ser tida ut til å vera kommen for ein konsoliderande fase.

Ein underliggjande påstand er at samlivsstrid har teke opp plassen for «meir sentrale ting» dei siste åra. Men om det nyleg avslutta Kyrkjemøtet er representativt for ein ny, «post- samlivsdebatt-epoke», synest årets dagsorden underleg energitappa og konturfattig.

For «den nøytrale tilskodar», som det heiter i fotballen, var det i alle fall lite å festa seg blant saker til behandling. Leiarval er likevel alltid spanande.

Med Harald Hegstad ved roret har kyrkjebyråkratiet fått ein mann for dei smule farvatn. Innestemma blir truleg det fremste arbeidsverktøyet i den daglege drifta framover.

Demokrati i praksis

Hegstads motvilje mot å definera seg sjølv som leiar vis-a-vis motkandidat Gard Sandaker Nielsen i forkant av valet var likevel ein pinleg augneblink. Kan noko betre demonstrera kor fåfengt «demokratiarbeidet» i kyrkja er? Kyrkja har som kjent investert mykje krefter og ikkje minst pengar i utvikling av kyrkjeleg demokrati.

Men når det dreg seg til valdagen, hiv leiarkandidatane den demokratiske tankegangen over bord. Eitt av måla for demokratiet er vel å levera opne og ordentlege alternativ til veljarane? Det kan sikkert verka sympatisk og audmjukt å overlata til journalistar å definera slike skilnader. Særleg demokratisk er det neppe.

Er det rart mange oppfattar «kyrkjedemokrati» og alt dets (parti-) vesen som ein parasitt og eit pengesluk?

Dnk-konservativ jubel for liberal leiar

Uansett er det eit verkeleg tankekors at dagens Dnk-konservative no er komne dit at dei jublar for kandidaten som for kort tid sidan føretok ein svært spektakulær teologisk snuoperasjon.

Det trengst sjølvsagt lite skarpsinn for å grunna ut at dette dreier seg om kor lite ein ønskte seg motstandaren. Men det er verd å merka seg at dei sjølve ikkje oppfattar seg særleg ulike. Eg trur det er ei korrekt framstilling. Dei to kjenner kvarandre godt etter mange års tett samarbeid.

Hegstads kuvending i samlivsteologien var ikkje er justering på eit enkelt punkt. Få har flytta seg lenger i det teologiske landskapet enn Hegstad. Det som såg ut som eit skifte i samlivssyn, dreidde seg i realiteten om både nydefinering av eit

nøkkelomgrep som synd og eit farvel til det bibelske idéuniverset knytt til kropp og kjønn.

«I en bibelsk etikk er syndige handlinger noe som får skadelige konsekvenser som kan erfares» skreiv Hegstad i ein Luthersk Kirketidende-artikkel for halvtanna år sidan.

Slike utsegner og tilhøyrande resonnement, representerer eit langt steg bort frå tradisjonell teologi. Syndsomgrepet vert redigert for ein samlivssyn som unekteleg passar betre med samfunnets smak og fleirtalets Fingerspitzgefühl.

Husmannsånd

Eg kan ikkje fri meg frå kjensla av at ei viss husmannsånd pregar konservative som har valt å bli verande i Den norske kyrkja. Ein gler seg over at det i det minste vart ein tidlegare konservativ som vart leiar.

Ein omfamnar ein partistruktur som alle veit at berre er ein rest av Åpen folkekirkes reiskap for å få gjennomført si konstituerande kampsak, likekjønna vigsel. Ein traktar tilsynelatande, som alle andre, etter fred og ro.

Men kanskje nøkkelen tvert i mot er å ta vare på uroa? Når noko har spora av, slik mykje tyder på at kyrkja har, både teologisk og organisatorisk, er det lett å stilla spørsmålet: Kven har ansvaret? Andre spør: Korleis kan vi nå få fred og ro?

Ei annan modell

Men kva om det finst ein annan modell? Ein der ein verken klandrar eller søkjer komfort, men tek vare på bibelorda som konfronterer og avslører oss? Om vi er midt i ei avsporing, veit vi det likevel finst hjelp. Det finst tårer og bøner for slikt. Livet i seg sjølv er ofte ei avsporing. Det finst omvending.

I kristen tenking er ikkje berre poenget at eg skal vedkjenna mine eigne synder. Vi bør erkjenna at vi som profeten Jesaja, er ein «med ureine lepper som bur blant eit folk med ureine lepper».

I Apostelgjerningane les vi korleis nokre av dei første kristne reiste som misjonærar til ulike byar i Lilleasia. Ytre sett som dei reinaste kaospilotar. Det vart strid og problem kor dei snudde seg. Ville dei skapa splid? Nei. Lite tyder på det.

Faktum er at sanninga set skilje. Slik var det før, og slik er det no. Kyrkjeliv må vevast av eit anna slags stoff enn politisk pragmatikk og kompromissvilje. Same kor formålstenlege slike politiske verktøy er til sitt bruk, har det ikkje same verdi i kyrkja.

Skal eg gjera det vågestykket å bli verande i kyrkja, må det gjerast med stor uro. Det trengst framleis folk som vil utfordra denne hangen til politikk og motseia denne overdrivne tendensen til at organisasjonen i seg sjølv overskygger kyrkja sitt indre og lokalt forankra liv, med sentralstyring og ofte sekulærkulturelle ideal.

Kva søkjer vi i gudstenesta?

Lite tyder på at slikt indre eksil er særskilt behageleg. Men prosessen med å vurdera medlemskap og framtida i kyrkjelivet, tvingar fram grunnleggjande spørsmål, til dømes om kva eg søkjer i ei gudsteneste. Fellesskap som i eitt og alt stadfester meg og mitt?

I kyrkja trengst folk som er opne for å reagera som ein Nehemja i Det gamle testamentet. Folk som Paulus eller Jeremia. Eller Jesus, for den del. Alle desse hadde til felles at dei sørgde over fråfall og stilte seg saman med eit folk på avvegar.

Ein overflatisk fred i kjølvatnet av årets Kyrkjemøte, er trass alt potensielt livsfarleg, åndeleg sett. Om ein vil ta trua på alvor.

(Siste del i denne serien kjem i juni)

Sofie Braut

(Tidligare publisert i Dagen)