Menneske, kva er du verd?

03.04.2024
Rolf Kjøde
Aktuell kommentar Menneskeverd Menneskesyn Teologistudium Biologi Abortdebatt Gudsbilde Gudsforståelse Guds bud Gudsfrykt Guds Ord Kjærlighet

Aktuelt

Rolf Kjøde

Kva gjer kunstig intelligens-revolusjonen med teologiutdanninga? Det var eit viktig tema for ein forskarkonferanse som eg deltok på nyleg. Og i forlenginga har eg tenkt: har det noko med påske å gjere?

Han som blei hylla ved inntoget til Jerusalem, var meir enn ein menneskeleg superkjendis. Han var Guds eigen Son frå evighet. Og likevel; då han blei menneske av kjøt og blod, gjorde Gud seg til eitt med oss. Kva seier ein slik identifikasjon om menneske sitt verd?

I den tredje fasen av sekulariseringa, som filosofen Charles Taylor seier at vi lever i, har eit anna tankeunivers enn det kristne tatt over som rammeverk for folks tru og verdiar. Denne utviklinga stansar ikkje med at fleirtalet i folket vårt faktisk ikkje trur på Gud. Taylor skriv at denne fasen er kjenneteikna av at også kristne finn det normalt å tenke med eit sekulært utgangspunkt.

Utviklinga hit er ikkje ny, og det har ikkje minst hatt enorm betydning for synet på mennesket. Kva opphav definerer identiteten vår? Ber vi i oss Guds eige bilde, eller er vi berre eit produkt av naturens eigne tilfeldige prosessar? I eit naturalistisk menneskesyn er vi prinsipielt ikkje noko anna enn materie. Konsekvensane av dette er svære.

Kunstig intelligens (KI) er ikkje berre eit revolusjonerande verktøy. Dei mest mørkredde teiknar bilde av ei framtid der maskiner vil erstatte menneska, men det blir vel med dette som med alt anna menneske brukar sine gudgitte evne til å finne opp; det kan brukast til både godt og gale.

På ein måte er likevel ikkje problemet primært kva KI kan bli. Det er menneska som bestemmer om det skal kome ut av kontroll. Hovudproblemet er snarare det motsette. Kva skjer når mange nok tenker at mennesket sjølv berre er ei biologisk maskin?

Då blir vegen kort til den ideologien som gjerne blir kalla transhumanisme; trua på at vi kan overstige våre eigne artsgrenser. Ein slik måte å tenke på følgjer logisk ein naturalistisk ideologi.

KI er ikkje det einaste området vi må vurdere i lys av dette. Mange store problemstillingar i vår eiga tid heng saman med spørsmålet: Menneske, kva er du verd?

I altfor mange tiår har barnet i mors liv vore utrygt fram til veke 12. Ein gong ropte nokon med profetisk røyst mot denne uretten inn i eit folk som enda uttrykte ein viss respekt for Gud. No ser det ut som dei fleste politiske partia vil utvide kraftig denne grensa. Vi kristne teier i frykt eller likesæle.

Mot dette finns knapt noko truverdig sekulært vern. Dersom det ufødde barnet ikkje er nettopp det, men berre eit stykke biologisk materiale, er abort ved 22 veker prinsipielt like uproblematisk som 12 eller 32 veker. Resten er berre diskutable kjensler om relativt rett og galt.

På den andre sida, dersom barnet frå starten av eksistensen sin har ein «ibuande verdi» – ein verdi som gjeld menneske på alle funksjonsnivå og i alle aldrar, betyr det at kvart menneske er noko meir. I jødisk-kristen tradisjon kallar vi det Guds bilde.

Menneskets uendelege verdi ligg i at vi liknar Gud som rasjonelle og relasjonelle kjærleiksvesen med eit unikt ansvar for å forvalte på hans vegner. Gud har skapt kvar av oss til fellesskap med seg.

Men kva har dette med påske å gjere? Ein heil del, vil eg tru. Om vi tenker oss om, lever nesten ingen som om menneske berre er biologisk masse. Folk flest oppfører seg intuitivt som om mennesket er noko langt meir, og som ikkje må krenkast.

Menneske sitt unike adelsmerke er at vi blir stilt til ansvar. Vi er moralske vesen, vi søker sanning, og vi søker rettferdig oppgjer og gjenoppretting.

Jesu kors og død i påska minner oss om dette. Her stiller den treeine Gud oss til ansvar i eit oppgjer som treffer Guds eigen Son slik at vi blir fri. Når Gud sjølv, i Jesus Kristus, betaler den høgst tenkelege prisen for det vi menneske har rota til, tar han det unike i vår verdi, retten å bli stilt til ansvar, på alvor.

Men enda meir, når Gud er villig til å betale ein så høg pris for å gjenopprette det fellesskapet vi braut, avslører han også kor stor kjærleik han har til oss. Vi fortener ikkje Guds kjærleik, men Guds fullkomne kjærleik elskar oss likevel. Så stor kjærleik elska han oss med. Så mykje er du verd.

Rolf Kjøde

(Tidlegare publisert i Dagen)