Bedehus eller katedral

30.07.2023
Ottar Mikael Myrseth
Aktuell kommentar Liturgi Liturgihistorie Tradisjon Tradisjonsformidling Menighet Menighetssang Menighetshus Bedehus Fellesskap Frihet Åndelighet Kirkesyn Kirkebygg Kirkehistorie Kirkeordning

Aktuelt

Ottar Mikal Myrseth

Ei rivande utvikling har prega kristen-Noreg siste generasjonen. Frie forsamlingar har dukka opp i bygd og by etter som kristne organisasjonar har oppretta kyrkjesamfunn som tilsvar til utviklinga i Den norske kyrkja. I staden for å resignere i møte med liberaliseringa av folkekyrkja, har ein starta eige forsamlingsbyggande arbeid.

Dermed har trufaste truande funne seg ny heim og påført folkekyrkja åndeleg årelating. Men utfordringar står i kø for nye frie kyrkjelydar: Skal vi bygge bedehus eller katedral?

Bedehuskulturen har hatt sin styrke i den folkelege fellesskapen (venesamfunnet) og bibeltruskapen. Katedralen (kyrkjehuset) har hatt tradisjonen, liturgien, sakramenta og teologien. Når desse skil lag, er det tap for begge.

Den tida bedehuset var ‘attåt’, i kyrkja om føremiddagen og på bedehuset om kvelden, var det eit slag likevekt. Men dei nye bedehusforsamlingane er ikkje minst under påverknad av moderne frikyrkjer. Her er minimalt med tradisjon. Rituala gjerne erstatta med spontanitets-ideal. Forkynninga følgjer idear som kan likne marknadsføring. Lovsongen som erstattar songboka, hentar forbilde i moderne musikktrendar og listepop.

Frikyrkjer treng venesamfunnet, bibeltruskapen og teologien. Presset for å gi rom for det som styrer folkekyrkja, er sterkt. Siste døma er radikal kjønnsideologi og opning for samkjønna ekteskap som er iferd med å splitte fleire av dei.

Bedehusforsamlingane treng også liturgien og sakramenta. Heilt attende til dei fyrste kristne er tradisjonen eintydig for korleis dei feira gudsteneste. Denne tradisjonen har katedralen, og ikkje bedehuset, forvalta. Same bønene vart bedne, same rituala ordna det felles åndelege livet. Og det heile bygd opp og halde saman av sams truvedkjenning og teologi.

Ein kyrkjelyd vert bygd innanfrå, etter gamle førebilete og på apostlane sin grunn. I dag dreg både folkekyrkja sin malstraum og den moderne kulturen sine forventningar i ei anna lei. Når kyrkja spring etter folket for å tekkast dei med pop-up-påfunn, drop-in-dåp og liknande, snakkar vi folkekyrkje med trykk på feil ende av ordet.

I dag er alle kristne forsamlingar truga av trenden som rir samtidskulturen: At tru er vist til privatlivet og at staten har overteke ansvaret for moralen.

«Når de bed, skal de seie …» sa Jesus og lærte læresveinane ei dagleg bøn. «Når de samlast, skal de gjere …» skreiv apostelen og føreskreiv ein fellesskap kring det heilage nattverdmåltidet. Dette har katedral-tradisjonen ivareteke i alle generasjonar. Synd om det skal gå ut av bruk i vår generasjon.

Ottar Mikael Myrseth

biskop i Den nordisk-katolske kyrkja

(Tidlegare publisert i Dagen)