Biletbruk i salmetekstar

17.06.2024
Egil Sjaastad
Doktorgrad Teologi Teologihistorie Teologistudium Salmedikter Salmer Salmeskatt Salmebok Brorson Landstad Typologisk Anagogisk Bokstavlig Treenighet Menneske Sang- og salmeskatt Sang og musikk

Omtale

Vigdis Berland Øystese

Omtale av Vigdis Berland Øysteses dr.-avhandling

Vigdis Berland Øystese ved NLA i Bergen har i mange år vore blant dei fremste hymnologane her i landet. Etter mange års forsking har ho no kome i mål med doktoravhandlinga si. Arbeidet med avhandlinga har sortert under Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studiar (tidlegare Nordisk institutt) ved Universitetet i Bergen. Tittelen på avhandlinga er Kyrkjeleg biletbruk. Eit studium av den norske kyrkjesalmen.

Det hymnologiske miljøet i Noreg er ikkje stort. Men Berland Øystese har likevel hatt dyktige fagfolk som rettleiarar og medspelarar, endatil ei frå Sverige:

· Asbjørn Aarseth (professor i litteratur i Bergen, død 2009).

· Jan Inge Sørbø (professor ved Institutt for sosialfag i Volda).

· Oddvar Johan Jensen (professor i kyrkje- og teologihistorie ved NLA i Bergen).

· Anna Bohlin (professor på Universitetet i Bergen, litteraturvitar i Göteborg).

Gjennomlesinga syner også at ho har hatt mange grundige drøftingar både med språkfolk, litteraturvitarar og teologar – ut over gruppa av rettleiarar.

Føremålet med arbeidet har vore å undersøkja biletbruken i salmetekstar i fem sentrale norske kyrkjesalmebøker. Ho vil sjå korleis biletbruken i gamle salmar blir ført vidare, eventuelt endra, frå bok til bok.

Utgangspunktet var Kingos salmebok av 1699. I denne boka har ho leita fram 80 salmar som altså har vore med gjennom nyare norsk salmehistorie fram til Norsk salmebok i 1985. Dei fleste av salmane sto i ei eller fleire av følgjande bøker i tida mellom 1699 og 1985: Landstads Kirkesalmebog (1870), M. B. Landstads Kirkesalmebog revidert og forøket (1926) og Nynorsk salmebok (1925).

Det religiøse språket er sterkt prega av biletbruk. Både Bibelen og forkynnande tekstar nyttar metaforar for å forkynna realitetar i trua. Med «bilete» siktar Berland Øystese ikkje berre til typiske metaforar som hyrding og lys, men til «einingar i teksten av visuell og lydleg karakter som har meiningsberande funksjon». Og interessa hennar har altså vore retta mot det som har skjedd ved revisjonen av salmetekstar i dei nemnde fire salmebøkene etter Kingos bok.

Når salmematerialet er inkludert, er Berland Øysteses avhandling på vel 600 sider. Det er derfor uråd å gå inn på alle dei konkrete observasjonane ho har gjort.

Sjølvsagt måtte endringane ta farge av språkutviklinga og nyare rettskriving. Ord som «sig» og «mig» måtte etter kvart bli til «seg» og «meg» osb. For Berland Øystese var dette eit lite problem. Ho er fortruleg med gamle språkformer og gamal rettskriving, og desse endringane påverkar dessutan i liten grad bodskapen i salmane.

Versomfanget i salmane var derimot eit problem som heile tida fylgde arbeidet hennar. Mange av salmane hjå Kingo blei nemleg med tida korta kraftig ned. Samstundes blei nye salmar tekne inn. Bøkene fekk fleire og fleire nummer. At dette fekk utslag i måten biletbruken fungerte på, skjønar vi ved nærare ettertanke. Endatil varsame endringar set spor i innhald og meining. Vår store norske salmediktar og salmebokredaktør Magnus Brostrup Landstad er den som grundigast skreiv om prinsippa for arbeidet med salmeboka si. (Han drøfta dette både i 1852 og 1862.) Landstad var svært pietetsfull overfor Kingo, for han sette han høgt som salmediktar. Likevel leita Landstad etter norske måtar å uttrykke seg på. Dette kom til å farge måten han vidareførte biletbruken i Kingos bok, 170 år etterpå.

Berland Øysteses arbeid gjeld endringar i biletbruken – i vid meining. Som teorigrunnlag for arbeidet sitt nyttar ho stoff frå kanadiaren Northrop Frye (1912–1991). Hans faseteori, «Theory of Symbols», slik han framstiller den i boka Anatomy of Criticism frå 1957, sette henne på eit godt spor.

«Med denne faseteorien i ryggen les eg difor tekstmaterialet mitt i fleire omgangar og studerer biletbruken frå ulike innfallsvinklar. Fryes teoriar om den fleirtydige teksten gir meg både ein teoretisk ståstad i møte med salmetekstane, og ein metode i arbeidet med dei» (s. 49).

Sanselege bilete spelar ei vesentleg rolle. Men også tankemessige omgrep og kategoriar er med; omgrep som t.d. «synd» og «nåde», guddom og djevel.

Fryes tilnærming liknar Quadriga, den tolkingslæra som var vanleg i mellomalderen når dei gjekk gjennom bibeltekstar. Quadriga opererte med firfaldige meiningar i bibeltekstane. Berland Øystese tar også Quadriga med i analysen av salmetekstane:

· Den bokstavelege meininga gjeld det vi skal vita.

· Den allegoriske meininga gjeld det vi skal tru.

· Den tropologiske meininga gjeld måten vi skal leva på.

· Den anagogiske meininga gjeld det vi skal vona.

Quadriga kan forståast og brukast ikkje berre som eit tolkingsmønster for bibelteksten, men også som eit skjema for det kristne livet, seier Berland Øystese. Quadrigaens forståingsmønster kjem til uttrykk i salmar frå ulike tidsperiodar. Sjølv om bruken endrar seg gjennom revisjonane, kan ein finne dette mønsteret.

(Ei lita avklaring i parentes: Qudrigaen la vekt på allgorisering. Målet for allegorien var å finne ei djupare meining enn den reint historiske. Luther ønskte ikkje å la vilkårleg allegorisering prege tolkinga av bibel-tekstar, især ikkje når det galdt strid om lærespørsmål.)

Frye delte biletbruken inn i fem kategoriar. I hovudsak er det denne femdelinga Berland Øystese følgjer. I samanfattinga frå s. 372 viser ho på ein ryddig måte korleis ho har gått fram og eksemplifiserer med mange salme-endringar.

Den bokstavelege fasen gjeld rytmiske og visuelle mønster, og korleis desse har endra seg. Rettskriving får som nemnt liten omtale. Men Berland Øystese er obs, for ein av grunnane til ønskjet om salmebokrevisjonar har vore at språket verka utdatert. «Ortografi og teiknsetjing vert endra, ord byter tyding og går av bruk, jamvel skrifta endrast frå dei gotiske bokstavane i K og L, til antikvaskrift i salmebøkene frå 1900-talet» (s. 374, K og L er forkorting for Kingo og Landstad).

Mange av salmane i Kingos bok «har uregelmessig rytmikk og verkar ustøe i ganglaget», seier ho (s. 375). Nye ideal kom inn, og nyare bøker vart meir prega av rim og rytme og versinndeling.

Den deskriptive fasen gjeld forandringane i måten salmeteksten (gjennom revisjonane) omtalar verda på.

Salmekjennarar veit at det ikkje er landskap med jord og vatn, stein og plantar, som dominerer biletverda i salmane, sjølv om skapingssalmar, kvelds- og morgonsalmar hentar fram konkrete synsinntrykk.

«Dei fleste bileta rører seg langs ein vertikal akse som representerer åndelege verdinormer. Øvst er guddommen omgitt av skarar av englar av ulike slag, apostlar og martyrar. Nedst er djevelen og hans kumpanar. Mennesket lever sitt liv mellom desse ytterpunkta» (s. 378).

Dette følgjer med i salmerevisjonane – sjølv om ein ser endringar i tyngdepunkt (sjå nedanfor).

I den formelle fasen drøftar ho korleis desse endringane slår ut på eit meir overordna meiningsplan. Ho valde å strukturera den formelle fasen etter den 1., 2. og 3. trusartikkelen. Her skriv ho:

«Dei ulike personane i guddommen vert tilbedne og lovsungne saman og kvar for seg, og det vert ikkje skilt skarpt mellom dei. Treeininga vert framheva, men ikkje problematisert i salmane. Biletet av Jesus er paradoksalt. Han er det vesle fattige barnet og den strålande brudgommen. Han er den forpinte dødsdømde, og den som har sigra over død og djevel og tronar i himmelen saman med Gud Fader. At Gud kjem i kjøt, vert framheva … men korleis denne gudskroppen, eller mennesket Jesus, vert framstilt i salmane, endrar seg noko» (s. 382).

I den mytiske fasen undersøkjer Berland Øystese korleis dei store mønstera frå litteraturen viser seg i salmane, og korleis dei arketypiske bileta vert endra.

Ein arketype er eit originalbilete, ein «nedarva» måte å tenkje og føle på. Arketypar pregar litteraturen. Typiske eksempel på noko, opphavlege modellar av noko, blir kopierte – meir eller mindre umedvete.

Døme frå salmeskatten: Kveldssalmane tematiserer gjerne korleis salmens eg har det før natta kjem. I Kingos bok er den bedande og syngjande uroleg og ber om vern mot farar, mot djevelens åtak og list. Dette høyrde til i samtidslitteraturen. Og «det verste som kan henda, er å døy i synda, å somna inn utan å ha si synd tilgitt» (s. 389).

Revisjonen av «Sjunge vi af Hjertens Grund» (i NoS nr. 712) er talande. Her blir arketypiske bilete tydeleg endra: Hjå Kingo ser vi vitnemål om at Gud framleis er til stades i skaparverket og syter for oss. I Norsk salmebok høyrer salmen inn under overskrifta «Forvaltaransvaret». Dette fargar forståinga, for her lyder klagen over at vi øydelegg Guds skaparverk.

I den siste fasen, den anagogiske, er poenget å peike på korleis biletbruken løftar blikket mot den evige verda, og korleis denne biletbruken blir endra i tekstrevisjonane etter 1699.

Fleire av skildringane i Kingos bok kan bli rett forstått berre om ein ser dei i ein høgare samanheng enn den jordiske. Ja, i pasjonssalmane sine opphevar Thomas Kingo både tidsgrenser og geografisk avstand. Vi blir samtidige med Jesus når han går mot liding og død (s. 392).

Det krev ein eigen tolkingskompetanse å omsetje alle desse utanomjordiske spranga til noko som angår den enkelte truande og det kyrkjelege fellesskapet, hevdar Berland Øystese (s. 393). Bøkene som kom seinare, var nedkorta og makta sjølvsagt ikkje å løfte fram dette på same måten som dei lange salmane hjå Kingo.

Dei ulike fasane spelar ikkje like stor rolle i avhandlinga, men alle spelar med.

Alle vil skjøne at tekstrevisjonar må til etter som hundreåra går. «Salmebokredaksjonane freista å tilpassa tekstversjonane til dei ulike smaksnormene og tolkingshorisontane som kan finnast til ulike tider» (s. 367), seier Berland Øystese. Det er spennande å sjå korleis det som vart oppfatta som nødvendige endringar, kunne påverke meiningsinnhald og tyngdepunkt i salmane.

Alt på s. 192 kjem ho med ei førebels oppsummering. Her understrekar ho at det dogmatiske innhaldet i kyrkjesalmane ikkje er drastisk endra frå 1699 til 1985, for kyrkjelæra ligg i store trekk fast. Men vektlegginga kan endra seg; nokre tema blir tona ned, andre blir løfta fram. «Dette skjer både gjennom forkorting og tildikting i salmetekstane, men også ved endringar i dei delane av teksten som vert tekne vare på.»

Og nettopp dette blir bekrefta gjennom arbeidet hennar vidare.

For den som er ute etter tydelege innhaldsmessige endringar, er følgjande tankevekkjande observasjonar:

· Nedkortinga av tekstane fører stort sett ikkje med seg læremessige endringar. Men tyngdepunktet kan bli endra. Omgrep som Guds vreide blir nedtona. Revisjonane dempar (utan å neglisjere) at mennesket er syndig. Tekstane i Kingos bok gjorde det meir tydeleg at frelsa er nødvendig. «Nåden vert framheva også i dei reviderte tekstane, men ikkje i like stor grad dei behova hjå menneska som gjer nåden nødvendig» (s. 385).

· Treeininga får færre konkrete og sanselege detaljar. Dermed risikerer ein å skape større distanse mellom den truande og den treeinige Gud. Mennesket og livet i verda trer derimot tydelegare fram. «Mennesket verkar vera meir einsamt med sitt store forvaltaransvar i 1985 enn i 1699» (s. 389).

· Visjonane av himmelen og målet for den kristne si pilegrimsferd høyrer med i alle salmebøkene. «Dei kan jamvel få tilført fleire valørar gjennom revisjonane. Ikkje minst kan dei nynorske salmane tilføra brudebileta meir heimlege konnotasjonar» (s. 392). Men omtalen av fortapinga blir nedtona.

· Gjennom salmehistoria er Gud ofte framstilt som ei vernande borg. Kristus er ein uovervinneleg krigsherre. Motmaktene er ikkje mindre skræmelege. Det vert vist til dom og straff som bakteppe for bøner om miskunn og nåde. «Desse bileta held seg nokså godt gjennom revisjonane, endå Herrens motstandarar misser noko av fælska si» (s. 380).

· Folk på 1600-talet tolka gjerne ulykker og uår som Guds reaksjon på folket si synd. Da galdt det å gjera bot og be om tilgjeving (s. 381). Denne tanken får langt mindre plass i nyare tid, især i den yngste boka som er undersøkt, Norsk salmebok frå 1985. Derimot får naturvern og mennesket sitt ansvar for skaparverket ein tydelegare plass.

Dette samsvarar nok med ein tendens Berland Øystese har observert: «Mange moderne salmar er meir opptekne av eksistensielle problemstillingar og målber gjerne menneskets tvil og uro» (s. 393).

· I eit eige kapittel omtalar Berland Øystese typologien i Kingos salmar (s. 268–279). I avhandlinga høyrer dette til under «formell fase» knytta til andre trusartikkel. Der ser vi korleis gamaltestamentlege hendingar og personar blir nytta for å forkynne t.d. Jesu person og verk.

Eit døme som Berland Øystese viser til, er Kingos pasjonssalme «Over Kedron». Kingo gjorde både Adam og David til typar på Kristus. Adam fall i synd. Ved sin død rettar Jesus opp Adams fall. David, den store kongen, er «typos» på Jesus som den evige kongen. David var redd og flykta, Jesus gjekk lagnaden sin opent i møte, tyngd under «al Verdens Sorg og Synder» (Kingo nr. 285:2).

Etter Landstads Kirkesalmebog fra 1870 finn vi ikkje denne rike typologien. Berland Øystese spør: Kravde denne typologien for mykje bibelkunnskap?

I konklusjonen hevdar ho: «Typologi, der hendingar og personar frå GT ber bod om hendingar og personar som skal koma, spelar ei vesentleg rolle i pasjonssalmane og enkelte andre salmar i K. Denne tolkingsmåten understrekar sambandet mellom GT og NT.»

Men altså: «Den typologiske samanhengen går ofte tapt i revisjonane» (s. 385).

· Eldre salmar hadde gjerne ei tillagd doksologistrofe som prisa Faderen, Sonen og Den heilage ande. Desse ekstrastrofene blir ofte fjerna i revisjonane, og difor blir det mindre fokus på treeininga. Dette går især ut over den plassen Guds Ande får i salmebøkene (s. 321).

· Om ein held seg til den gamle skalaen der djevelen og hans demonar er nedst, Gud og det evige livet øvst, skjer det noko gjennom hundreåra. Den demoniske enden av skalaen blir sjeldnare framstilt og detaljane blir færre. Det vert lagt mindre vekt på omtalen av synda og dødskreftene. Derimot trer mennesket tydelegare fram på verdiskalaen.

· Den erotiske biletbruken i salmane skildrar sameininga mellom den truande og Jesus. Denne spela ei rolle t.d. i nattverdsalmar. I revisjonane blir den erotiske biletbruken dempa eller omskriven. Brurebiletet held seg, det gjer også kjærleiken. Men dei erotiske bileta misser mykje av intensiteten og detaljrikdomen gjennom revisjonane, seier Berland Øystese (s. 383).

(Brorson-salmar var enno ikkje skrivne då Kingo gav ut boka si. Det hadde vore interessant om ho her hadde gjort ein avstikkar til Brorson-salmane og revisjonane av dei. Men slike avstikkarar ville ha gjort avhandlinga enda større!)

· I fleire temaområde ser vi dermed ein tendens til at biletbruken blir mildare gjennom endringane. Dette gjeld også sentrum i trua: Skildringa av Jesu liding blir mindre direkte og utmålande. «Det er ein tendens til at det er dei konkrete og assosiasjonsskapande bileta som blir borte når ein salme skal kortast ned, medan meir forklarande eller teologiske passasjar vert ståande» (s. 380). Det er dette som gjer at Berland Øystese også – mot slutten av avhandlinga – spør om folk i dagens folkekyrkjer blir like mykje trigga av språket. Er lettare å skjøna den meir dempa biletbruken enn den konkrete og utmålande biletbruken hjå Kingo?

«Det spørst», skriv ho, «om freistnadene på å nøytralisera og abstrahera biletbruken har mindre appell enn til dømes barokkens frodige salmetekstar. Noko av poenget med bileta i den eldre salmen var å vekkja sansane hjå folk i kyrkjebenkene slik at dei såg og høyrde og gjorde reisa mellom no og då, og der og her, fram og attende. Når bileta vert uskarpe eller utviska, blir det vanskelegare å gjera slike assosiasjonsreiser» (s. 394).

Dette vart berre ein smakebit av alt det Berland Øystese er innom i avhandlinga si. Og det eg held fram, er sjølvsagt resultat av det mine auge særleg har sett etter. Men dei som les heile avhandlinga, vil nok vere samd med meg i følgjande:

- Vigdis Berland Øystese har gjort eit grundig forskararbeid. Dette vil seinare forskarar ha stor glede av.

- Ho har også peika på ein tematikk som salme- og songforfattarar, salme- og songbokredaktørar, gudstenesteleiarar, musikarar og forkynnarar ikkje kjem utanom om dei skal ta oppgåva si seriøst. Kva salmar og kristne songar vil vi setje opp på møte og gudstenester? Kva innhaldsmessig tyngdepunkt ynskjer vi i repertoaret vårt? Kva kriterier har vi for god og levande salmekunst?

- For forkynnarar er det nyttig å reflektere over den biletbruken vi held fram når viktige tema skal forkynnast. Kan gamle salmar kanskje gjere oss dristigare i biletbruken, frodigare i språket, meir assosiasjonsskapande i måten vi preikar på? Er vi for fintfølande? Kanskje kan biletbruken i eldre tider erobre oss sterkare og hjelpe oss betre inn i den bibelske tankeverda?

Vel, vi lever i ei anna tid enn Kingo. Vi må stikke fingeren i jorda også når det gjeld song og poetiske tekstar. Vi må spørje: Kva fungerer? Kva kan ta bodskapen med innafor vesten til unge og eldre i dag? Kva er naturleg tilbedingsspråk for yngre generasjonar?

Det viktigaste er at tyngdepunktet i den kristendomen vi forkynner og syng for kvarandre, ikkje blir bestemt av trendar i samtida, men av kyrkjelæra (eit synspunkt Berland Øystese nok er samd i, jf. s. 394). Denne læra skal vere forankra i Bibelen og ha sitt sentrum i Kristi person og gjerning.

Til slutt: Melodiar og musikk er og har alltid vore viktig. Sjølvsagt kunne ikkje Berland Øystese gå inn på den problematikken. Det ville heilt ha sprengt ramma for arbeidet (sjølv om ho i føreordet skriv gripande om songen i barndomsheimen – og seinare gjer greie for kor viktig melodiane har vore i kyrjesoga, jf. s. 16 og 25–26). Dei avgjer i høg grad kva som slår igjennom i kyrkjer og forsamlingar. Her må vi sleppe kreative krefter til, fornye gamle songar og salmar og framelske nye aktørar.

Og nyskapte tekstar skal helsast velkomen. Men dei skal vurderast innhaldsmessig og litterært. Sjølv er eg blant dei som har vore oppteken med å verne nettopp om teologisk tyngdepunkt og sjelesorg i tekstane. Men eg treng å sjå ut av glaset og spørje korleis songar og salmar kommuniserer bodskapen og ‘treffer’ folk i vår tid. Eit samspel er nødvendig, samspelet mellom språkfolk, songarar, musikarar og kristne med åndeleg erfaring og tyngde.

Doktoravhandlinga til Berland Øystese sette i gang mange tankar, tankar som enno er uferdige. Dei vil følgje meg i dagar som kjem.

Takk for eit kjempearbeid!

https://bora.uib.no/bora-xmlui/handle/11250/3125186