Bjørgvin biskop bør skriva under!

01.02.2022
Egil Morland
Aktuell kommentar Kjønnsuttrykk Kjønnsteori Kjønnsrevolusjon Kjønnsidentitet Kjønnsforskjell Biskop Psykiske lidelser Ideologi

Aktuelt

Egil Morland

I eit opprop mot kjønnsforvirrande undervising heiter det at «organisasjoner med undervisningsmateriell og opplegg som formidler kjønnsideologi med uvitenskapelige og ikke-biologiske påstander om kjønn», ikkje bør nyttast: «Barn skal ikke undervises i uholdbare og forvirrende teorier om «kjønnsmangfold», «du kan velge hvilket kjønn du vil ha» og «født i feil kropp». Barn kan ikke velge kjønn, det er medfødt», heiter det vidare.

Som ofte før hentar Vårt Land inn kloke kommentarar frå biskop Nordhaug. Med ei mangespaltars overskrift ser det ut til at han tek avstand frå initiativet: -Jeg er redd et slikt opprop kan gjøre situasjonen vanskeligere.

Men då eg for andre gong las gjennom intervjuet, i eit forsøk på å vera mest mogleg upåverka av overskrifta, ser eg at Nordhaug har fått med seg og slutta seg til dei aller fleste grunnane for åtvaringa mot kjønnsforvirrande undervising: Han set pris på at «noen» no utfordrar til samtale om biologisk kjønn og identitet. Han kritiserer deologien bak såkalla «rosa kompetanse», og peikar på korleis opplegget deira kan føra til psykisk forvirring og uvisse.

Ja, biskopen formulerer seg til dels sterkare enn oppropet: «Den kraftige veksten i antallet unge kvinner som søker kjønnskorrigerende behandling bekymrer biskopen.» Han legg til at «faren er her til stede for at ulike former for psykisk uhelse blir tolket som kjønnsdysfori, og søkt løst ved hjelp av medisinsk behandling med uheldige senvirkninger».

Biskopen deler endå til motivasjonen for oppropet: «Et felles utgangspunkt for samtalen om kjønn bør være at «alle menneskers kjønn identifiseres ved om man er disponert for å produsere sædceller eller eggceller», slik oppropet formulerer det.

Eg ser berre plussverdiar ved å samordne biskopen sine synsmåtar med oppropet sine intensjonar.

Men det er både tankevekkjande og interessant at det aller meste av dette vert nulla ut av ei overskrift som osar av negativitet.

Jau, biskopen hadde sine reservasjonar. Vel verdt å høyra på.

Men ein av desse vil eg protestera mot. Biskop Nordhaug seier at han er «usikker på om et opprop av denne typen kommuniserer på riktig måte med dem som berøres av tematikken personlig.»

Det kan vera at han har rett i det. Men dei var vel heller ikkje målgruppa? For då er vi over på ein annan arena. På den individ-orienterte arenaen har verken oppropets eller biskopens intensjonar ein sjanse. Dei høyrer – i beste fall! – heime i ein fase to i ein slik samtale.

For oppropet tek fatt i det rådande ideologiske og politiske hegemoniet i samfunnet. Dét kan berre møtast med prinsipielle og over-individuelle føringar. Som til dømes: Kvifor skal staten rulla ut den raude løparen, ja til og med finansiera, den nye kjønnsideologien – i det som er borna og storsamfunnet sin viktigaste fellesarena, skulen? Det er ein ideologi som, under det ideologiske trykket, viser seg i alt frå Posten sin reklame til underhaldning i TV og i ulike sportsarrangement (jfr. latterleggjeringa av Rosenborg-trenar Hareide), og som får fleire og fleire til å teia om det som skjer.

Det var på høg tid at det nemnde oppropet kom. Vi bør alle, i dei ulike livsfasar vi er i, vakne opp og ta inn over oss kor katastrofal situasjonen er blitt.

Derfor skreiv også eg under. Og Bjørgvin biskop har gitt gode grunnar for at også han bør gjera det!

Egil Morland

(Publisert i Dagen 280122)