Bra om Gud og miljøet

04.08.2019
Johannes Kleppa
Bokanmeldelser Natur Første trosartikkel Gudsfrykt Miljøvern Skaperverk Forbruk Forvaltning Fordeling Klima

Eg har like frå min ungdom vore oppteken med miljøspørsmål, og eg var i mi gymnastid med og starta ein naturvernorganisasjon.

Gud og miljøet

Trass dette har eg likevel hatt vanskar med slutta meg til miljøvernorganisasjonar eller gje mi heilharta støtte til dagens politiske miljøengasjement. Det har delvis sin grunn i at det til tider er noko urealistisk over det heile, at det får bestemte partipolitiske overtonar eller at det har eit panteistisk grunnsyn som gjer at mennesket kjem på line med dyra.

Denne boka har ein grunntone som eg finn bibelsk rett og sunn, sjølv om det er nokre punkt som eg tenkjer annleis om. Eg har ei sterkare avvisning av evolusjonslæra og at det var noko vondt i skaparverket før syndefallet, enn det som her vert signalisert som mogleg. Dette rokkar likevel ikkje med hovudtendensen i framstillinga.

Boka har undertittelen «Hva sier Bibelen?», altså om Gud og miljøet. Utgangspunktet er med det Bibelens syn på naturen og alt som høyrer naturen til, altså startar det heile i Gud som skaparen og i Guds vilje for sin skapning. Det er likevel ikkje slik at framstillinga berre er oppteken med første trusartikkelen, men Gud vert også presentert som frelsar, altså det som gjeld andre og tredje trusartikkel. Med det får vi eit bilete av Gud som svarar til Bibelens gudsbilete, og det er nødvendig for å forstå naturen rett og prioritera rett med tanke på mennesket og naturen.

I boka er det henta fram mykje bibelmateriale frå både GT og NT, og då ikkje berre det som går direkte på naturen, men også på det som går på forvalting, undertrykking, fattigdom og – ikkje minst – det som gjeld fordeling, personleg forbruk og gjevarteneste. Til tider er framstillinga her nokså radikal, og då tenkjer eg ikkje politisk, men personleg. Hovudpoenget i boka er ikkje politiske endringar, men ein enkel livsstil. Det trur eg er ein rett, god og nyttig innfallsvinkel. Det gjeld haldningar og livsstil.

Løysinga på klima- og miljøproblema er både vanskelege og enkle, fordi det går rett inn på materialismen, forbrukarkulturen og fritidskulturen som praktisk talt alle i rike land er prega av. Så lenge vi ikkje er villige til å redusera på eige forbruk og eigen luksus, men berre fokuserer på politikarane sitt ansvar, vert det meste slag i lause lufta. Går levestandaren i Vesten vesentleg ned, vil mykje automatisk ordna seg.

Denne boka har den rette vinklinga og innstillinga, og det har sitt utgangspunkt i at det er teke på alvor at skaparverket er Guds og at mennesket er skapt i Guds bilete. Då får mennesket det rette ansvaret og prioriteringane får eit rett utgangspunkt. Boka har samtale- og studieplan.

Altså: Ei bok for alle som er opptekne med ei kristen tenking om naturen og miljøet – og ein kristen livsstil.

 

Kjell Arne Norum

Gud & miljøet: Hva sier Bibelen?

Verbum 2019

Hft. 174 sider

 

(Artikkelen har tidligere stått på trykk i Dagen)