Bryta opp eller bli i Den norske kyrkja? Eg har konkludert

31.07.2024
Sofie Braut
Aktuell kommentar Den norske kirke Gudstro Gudstjeneste Menighet Kirkesituasjon Kirken Kirkemøte

Aktuelt

Sofie Braut - Foto: Johanna Hundvin Almelid. Dagen

Folkekyrkja er slepphendt med læra og slurvar i samtalekunsten. Kva står ho for? Er ho til hjelp for Jesu etterfølgjarar?

Denne utforskinga av medlemskapen min i folkekyrkja starta sist desember. Ein påstand om at «det ikkje var håp for Den norske kyrkja», gav meg lyst til å sjå litt nøyare etter.

Folkekyrkja har ein masse medlemmer og gjer lite for å halda på meg. Men bør eg likevel bli verande av pragmatikk, omsyn til einskap eller gammal vane?

Under Kyrkjemøtet i mars i år, kikka eg nærare på nokre føresetnader for å bli verande. Eg såg det som eit farefullt prosjekt å vera kristen i folkekyrkja. Ho held seg med leiarar som har gjort det til ein vane å undergrava heilt grunnleggjande aspekt ved kristen tru i beste sendetid. Døma er mange, og eg kan nemna eitt.

Det truvedkjenninga betyr

I slutten av juni besøkte Borg-bisp, Kari Mangrud Alvsvåg Dagsnytt 18. Frå eit engasjert kyrkjemedlem fekk ho ei fin utfordring. Korleis kan innhaldet i kyrkja si truvedkjenning gjerast meir konkret? Eit drøymespørsmål for alle som ønskjer å aktualisera kristen tru.

Men så skjer det merkelege. Biskopen vil ikkje. «Gud er kjærlighet» gjentek ho, tre gonger. Og dessutan «Gud er større». Setningane har om lag same effekt som å lesa ein passus frå menneskerettane som konfirmasjonstale.

Alt er både fint og sant. Men det treffer verken mottakar eller situasjon.

Eg skulle ønskja slikt var anekdotisk. Men det er det ikkje. Det er tvert om eit mønster. Det krev ei heilt særprega og årvaken innstilling om ein skal vera kristen i ei kyrkje som verken vil vera konkret om eiga vedkjenning eller gi spesifikt kristen hjelp og rettleiing når nokon spør etter det.

Individualistisk?

Eg skjønar at det kan verka individualistisk, dette «prosjekt kykjemedlemskap». Men det er ein ærleg freistnad på å koma meir innpå mi eiga kyrkje. Kva står ho for? Er ho til hjelp for vandringa som Jesu etterfølgjarar? Lite tyder på at eg er åleine om å bala med slike spørsmål.

Eg ønskjer verken å «gå i protest» eller «klora meg fast i trass».

Eg har bevisst valt ein periode der ingen særskilde stridsspørsmål har vore oppe. Dette har vore eit heilt alminneleg og representativt halvår i kyrkjesamanheng.

Lei av «spiritualitet»

Eigentleg ønskjer eg meg meir heilt alminneleg, felles kristendom. Eg er trøytt av at vi alle saman liksom må vera så spesielle og unike. Katolske biskop Erik Varden sa det godt nyleg:

«Eigentleg er jeg luta lei ordet «spiritualitet». I almen språkbruk står det uten klart definerbart innhold. «Spiritualitet», tenker jeg i blant, er blitt en betegnelse for subjektivisert religion befridd fra dogmer og bud, ja, i stor grad fra åpenbaring óg.»

Det er Gud som er ekstraordinær. Vi menneske treng å oppdaga at Bibelen kallar oss både sauer og støv. Vi er som flokkdyr og fnugg. Slik innsikt er ikkje menneskefiendtleg. Det gøymer stor fridom. Når vi trur på ein heilag Gud handlar det ikkje om oss.

Kommunikasjon – om kva?

Då kommunikasjonsmannen Peder Tellefsdal denne våren etterlyste at kyrkja blankpolerer kjernebodskapen sin, vart han møtt like nedlatande som forventa. Boka hans fekk slakt i avisa Vårt Land. Ettertankane hans vart avviste med eit matt smil av kyrkjerådsleiaren i ein NRK-debatt.

Kyrkja set av millionar av årlege budsjett-kroner, både på posten «kommunikasjon» (26 mill.) og på posten «digitalisering» (67,4 mill.). Instinktet er heilt rett. Ei kyrkje må nå ut til fleire, og oppdraget krev at ein nyttar dei format og flater tida tilbyr.

Men å få kyrkja i tale om dei grunnleggjande tinga? I dei nemnde debattane med biskop Mangrud Alvsvåg, eller kyrkjerådsleiaren viser seg vrient.

Det er eit tankevekkjande faktum at eit nokså vanleg spørsmål i kyrkjedebattar er om kyrkja i det heile trur på det som blir sagt i truvedkjenninga.

I dette ligg også ei enkel påminning. Ei vedkjenning er ikkje eit magisk formular. Ho må forklarast og krev både forplikting og praksis. Mangrud Alvsvågs vage svar i radiodebatten er symptomatisk:

«Trosbekjennelsen sier noe om det man ble enig om på den tiden (…)». Og vidare:

«Det som jeg er veldig opptatt av, er at jeg ikke vil sette opp skranker for hva som er den rette tro. Jeg har lyst å sitere salig Rosemarie Köhn som sa 'ingen tro er for liten'. Det som jeg opplever at man vil ha meg til å si, er at det er noe som er innenfor og noe som er utenfor, og det ønsker jeg ikke å si (...) vi kan ikke si at Gud er sånn eller sånn (...) Jeg kan si hva jeg tror, og hvordan jeg forholder meg til trosbekjennelsen.»

Ikkje noko felles tru

Eg forstår at biskop Kari berre er ein av mange biskopar. Ein skal sjølvsagt ikkje konkludera noko ut frå noko ho seier i eit radiointervju. Men midt i hennar ordflaum blir noko litt klarare for meg.

Det er ikkje ei felles tru i Den norske kyrkja. Biskopar er tvert imot ofte opptatt av at det ikkje er noko rett tru. Så kan ein ha ei truvedkjenning, gamle ord ein seier fram, mens det liksom er underforstått at sjølv ikkje biskopar trur på at Maria var jomfru.

Heller ikkje dei som er hyrde for mange, snakkar for andre enn seg sjølv. Vi må alle vera fri til å tru som vi vil, er grunntanken som blir formidla.

Men dette gjer meg om lag like fri som om eg var sett av på ei aude øy.

Når ordet har prioritet

Mykje i kyrkja snakkar direkte. Gjennom vakre omgjevnader, rammer og ein musikk som lyfter sjela. Eg elskar dette særpreget ved kyrkja. Det har forma meg.

Men alt i Jesu gjerning fortel at ordet har prioritet.

Vi som til dømes ettespør bibelsyn, kva truvedkjenninga betyr, korleis to logisk motstridande syn på ekteskap begge kan vera sanne på ein gong og tydeleg tale om fosterets menneskeverd, får først og fremst eit tilbod om å halda oss i ro i kyrkja.

Det å «bli ståande» i kyrkja er dermed i ferd med å bli like passivt som det høyrest ut.

Det skal så frykteleg lite til å bli oppfatta som «vanskeleg» i eit slikt system. Eg anar det på lokalplan, og eg ser det sentralt.

Å «bli ståande» i kyrkja er dermed i ferd med å bli like passivt som det høyrest ut.

Den som har eit tradisjonelt bibelsyn, kan berre «stå» i kyrkja. Folk med tradisjonelt orientert teologi i folkekyrkja har lite bevegelsesfridom.

Dei som vil flagga for pride, kan derimot vera stolte og i full vigør. Dei får også bodskapen sin spreidd av kyrkja si kommunikasjonsavdeling.

Det gir ei viss meining at «to syn» ikkje kan formidlast med like stor iver.

«Det som er meir sentralt …»

Standard-svaret på problematiseringa av pride, har blitt at vi skal snakka om «det som er meir sentralt»

Då har ein først akseptert premissen om at ekteskap, synd, skaparordning og behovet for omvending ikkje er så sentralt.

Men kva kan vi snakka om når så viktige tema brått har blitt perifere? Ein kjapp eliminasjonsmetode fortel meg at lite kan vel kvalifisera meir enn nettopp den tidlegare nemnde samtalen om truvedkjenninga.

Det er verkeleg i alles interesse å utforska kva ein trur ilag. Alt anna i samfunnet vektlegg våre individuelle preferansar. Ein berande metafor i kyrkja er greinene og vintreet, eller at vi er ulike deler på ein kropp.

Dersom det einaste meiningsfulle som kan seiast om truvedkjenninga er at «Gud er kjærleik», er det eit gjennomslag for introvert tåkeprat og sjargong.

Det er eit handslag til generell religiøsitet der Bibelen seier eg treng er det eg ikkje får nokon annan stad. Jesus og han krossfest og oppstanden for våre synder. Så vi ikkje skal gå fortapt men få evig liv.

Utmelding er ikkje brot med einskap

Med dei beste intensjonar, har folkekyrkja gitt rom for måtar å tenkja på som undergrev reell einskap, slik Bibelen framstiller han.

I møte med etiske, liturgiske og samfunnsmessige spørsmål ofrar Den norske kyrkja ekte teologisk og åndeleg einskap til fordel for meir teknisk og organisatorisk medlemskap.

Dette er ei uhaldbar prioritering. Men tilsløring av djupe teologiske skiljeliner ser ut til å ha blitt ein moderne spesialitet og nærast ein føresetnad for folkekyrkja.

Einskapen eg har søkt å vera lojal mot fram til no, synest dermed ikkje reell. Ein slik konklusjon, gjer det vanskeleg å halda fram som før.

Tilsløring av djupe teologiske skiljeliner ser ut til å ha blitt ein moderne spesialitet og ein føresetnad for folkekyrkja.

Å forlata ei kyrkje som har vore ramma rundt det meste av viktige hendingar i livet mitt fram til no er vemodig. Eit endå meir livsomfattande vemod er opplevinga av at kyrkja har forlate ideen om einskap forankra i Bibelens autoritet.

Fram til no har eg dessutan tenkt at eg må ha eit alternativ klart før ei utmelding er eit faktum. Eg har ikkje eit klart alternativ, men det kjem når tida er inne.

Då eg vart døypt som barn, var det både til den lokale kyrkjelyden i Den norske kyrkja og til «Kristi verdsvide kyrkje».

Slik sett høyrer eg til og har sysken i mange samanhengar. Nokre av dei næraste held fram i Den norske kyrkja. Ei viktig påminning når eg no bryt opp.

Som alle kristne er eg heilt avhengig av nære kristne fellesskap og søsken i trua. Naturlegvis er slikt ikkje berre eit spørsmål om medlemskap.

Noko heimløyse er det likevel i eit val som dette, det legg eg ikkje skjul på. Men no tenkjer eg: Heller heimlaus enn halvhjarta.

Sofie Braut, kommentator i Dagen

(Tidlegere publisert i Dagen)

https://www.fbb.nu/artikkel/igjen-undrar-eg-bryta-opp-eller-bli-verande-i-kyrkja/