Eg leitar etter ein visjon

13.04.2005
Ingebrigt Austnes
(Ressurser)

FBB-nytt:

Nr. 4, Des. 2000, 37. årgang


Av Ingebrigt Austnes, kapellan i Spjelkavik:

Eg leitar etter ein visjon.


Eg leitar etter ein visjon og eit syn som gjer kyrkja til noko nært og vitalt for meg som kristent menneske. Anliggande mitt er ikkje ei betraktning av korleis vere ein aktiv kristen, eller korleis vi skal kunne aktivere folk på ein god måte for å få sokalla levande kyrkjelydar. Men heller dette: Kva visjon av kyrkja gjer henne til eit livsrom for kristenlivet, og ikkje berre ei sak, eller eit vesen som ein til overmål kan greie seg uten? Eg søkjer altså det Kristus-nære og menneskenære, det fundamentale, elementære.

Ein har sagt at kyrkesynet er lutherdommens akilleshæl. Sagt med eit anna bilete: det er som lutherdommen dreg med seg eit "ekklesiologisk vakuum". På to felt gjer dette "ekklesiologiske vakuum" seg gjeldande:

For det første: mangelen på ei autoritetslinje i lærespørsmål i kyrkja, slik vi opplever det så å seie på kroppen idag. Eller meir grunnleggande sagt: lutherdommen slik vi kjenner den manglar ei kyrkjeordning som sikarar kyrkja sin identitet. Dette har litt av si årsak i at den sanne kyrkja for luherdommen er usynleg, og dermed er også kyrkjeordninga eit adiaforon.

På kort tid har no kriteria for kva som er sann kristen lære og liv blitt grunnleggande endra, frå å vere Skrift og vedkjenning, til å bli skiftande trendar i tida, meir eller mindre private samvet og umiddelbare behov og kjensler - som Ola Tjørhom skreiv i tidsskriftet "Over alt" tidlegare i år.

Men for det andre ser vi "det ekklesiologiske vakuumet" i mangelen på breidde og djupne i forståinga av kyrkja som "mor" eller frelsesinstitusjon. Og det er det eg vil gje nokre innspel til.

I nyluthersk eller nyevangeliske tankegang har eit menneske direktelinje til Gud, fundamentalt forstått. Frelsa består i å tru på Jesus. Det betyr at kyrkja i grunnleggande forstand er unødvendig. For å seie det med Roald Flemestad: "Det kristne fellesskap med de nådens ordninger som tredje trosartikkel holder frem for oss, blir et slags frivillig "attåt" til ein religiøs individualisme som prinsipielt er selvtilstrekkelig."

Eg er på leit etter eit kyrkjesyn som tek "heile Guds råd til frelse" på alvor når det gjeld kyrkja. Eg har funne nokre synspunkt som synest svært verdfulle hjå Christoph Schönborn, den romerks katolske erkebiskopen i Wien, i boka "Å leve med Kirken". Eg gjekk inn i denne boka med ope sinn. Eg finn nok stader der min lutherske ryggmarg reagerer, men mest finn eg stor styrke og lærdom, som eg som katolsk lutheranar syg til meg - underernært som eg er på saft og marg og visjonar, og halvdød av å vere prest i ei kyrkje som et sine eigne born.

Schönborn har eit fascinerande utgangspunkt, nemleg Andreas og Peter sitt sitt spørsmål til Jesus når dei første gongen møter han: "Kvar bur du, rabbi?" Og Jesus svara: "Kom og sjå". Jesu bustad, der dei kunne lære han å kjenne, og dermed lære seg sjøl og det rette livet å kjenne, det er kyrkja.

I staden for å stille "kyrkje" som eit lærepunkt langt ute i leksa, plasserer han oss i kyrkja som i ein gotisk katedral, der veggar og tak og vindu gje utsikt oppover og utover, framover og bakover. I perspektiva han risser opp, kjem både skapelse og forløysing kjem i eit nytt lys.

Først visar han korleis "lyset utanfrå", frå skapinga, kastar nytt lys over kyrkja. Det er ein nær slektskap mellom skaping og kyrkje, og det betyr at heile skapningen gjev eit bilde på Kyrkja. Dernest gjer han det klart at det finst ingen adgang til Kristus, og dermed til å gå inn i Guds folk, uten at dei truande godtek Guds openberring, som taler i GT sine skrifter. GT er og blir Guds katekese til Kristus.

Om Kyrkja - som er stifta i dei siste tider - gjelder det: Kristus er midtpunktet. Han er rettferdssola, og Kyrkja har berre hans lys slik månen berre kan reflektere sola sitt lys. På same vis som Kristi menneskenatur er "Kristi guddoms levande reiskap til frelse", er heller ikkje Kyrkja eit passivt instrument, men ei synleg forsamling som får liv ved Den heilage Ande. Ho har alle sine lemers menneskelege gåver, der den enkelte og gruppene samverkar, men slik at det tener Kristi Ande og hans lekams vekst.

Kyrkja er på veg mot fullendinga, ho er ei pilegrimskyrkje. Men alt her er ho fellesskapen av alle som tilhøyrer Kristus, på begge sider av dødens grense. Denne fellesskapet av dei heilage i Kristus veks gjennom å ha del i dei heilage gåvene. Og for alle Kyrkjas epokar mellom pinse og Kristi gjenkomst gjeld Augustin sine ord: "Kyrkja vandrar som ein pilegrim mellom forføljingane i verda og Guds trøyst".

Pilegrimsferda si store dygd er å halde ut og tole.

Når vi spør etter Kyrkjas identitet, skal vi sjå for oss den fattige enka i tempelet, ho som la alt ho eigde i tempelkista. Slik er Kyrkja: sjølvgløymande, usjølvisk, gjev ho seg for andre.

Når Jesus viser oss enkja, syner han eit bilde av sitt eige liv, og viser oss samstundes kvar den heilage Kyrkja er å finne. Og han innbyr oss til å dele kjærleiken til denne "fattige enkja", Kyrkja.