Vi lever i eit tid som teologiske sett er merkeleg på fleire måtar. Eg skreiv for litt sidan ein artikkel om «Hyggelege folk og åndeleg rettleiing», der eg peika på at teologisk liberale prestar, biskopar og andre kyrkjeleiarar i intervju og kommentarar vert påfallande positivt framstilte, altså på ein måte som ufarleggjer deira teologi og forkynning.
Mi undring over dette har ikkje avteke etter eg skreiv det. Den såkalla «calmeyergate-lina» som seier nei til frivillig samarbeid med bibelkritiske og liberale teologar (og lekfolk), har rimeleg tronge kår, diverre.
Den mangeårige og svært erfarne kristenlivsjournalisten Jarle Kallestad vart nett pensjonist, og ved eit tilbakeblikk over tida han hadde fylgt Kristen-Noreg, sa han at det hadde skjedd ei «avteologisering».
Det kan han på mange måtar ha rett i. Det er ofte mange andre moment og innfallsvinklar som styrer tenkinga enn teologien, også blant vedkjennande kristne.
Heldigvis er det ikkje alltid slik. Det er særleg ein god del unge kristne som står fram med ein tydelege teologi.
Vi kan utvida tanken om «avteologisering» til å seia at vi lever i ei «teologisk merkeleg tid». Det kjem svært tydeleg fram i eit stort intervju i nynorskavisa Dag og Tid (20/12- 24) med påtroppande biskop i Oslo, Sunniva Gylver.
Journalisten, Eskil Skjeldal, er også teolog. Det pregar intervjuet. Spørsmåla hans er minst like interessante og avslørande som svara.
Det teologisk merkelege er kva ein biskop vert spurt om. Utgangspunktet for intervjuet er presisert slik: «Kvar står ho i dei sentrale lærespørsmåla i den kristne trua?»
Det er jo eit viktig spørsmål, men vi skal ikkje mange år tilbake før ein journalist ikkje hadde kome på og stilt det spørsmålet til ein biskop, i alle fall ikkje når det gjeld nokre av spørsmål ho får.
Det ville kort og godt vore uaktuelle spørsmål, fordi svara var gjevne på førehand. No ser altså ei profan avis det nødvendig og interessant å få avklart det hjå ein populær prest. Spørsmåla avslører kva teologisk tid vi lever i. Svara er også tankevekkande og avslørande.
Journalisten viser til Bibelen og vedkjenningsskriftene, altså det ein prest og biskop er forplikta på, og spør direkte om den aktive presten og påtroppande biskopen trur på det som står der. Det er jo i utgangspunktet forpliktande dogme, så det er godt gjort å koma på å stilla spørsmåla.
Han tek det viktigaste først: «Trur du at Jesus var Guds son?» Som sagt, det er godt gjort å koma på å stilla ein biskop spørsmål om det, men den teologiske situasjonen i tida og i Den norske kyrkja er slik at det er eit aktuelt spørsmål.
Det burde det ikkje ha vore, fordi det er jo basis for all tru og teneste i kristen samanheng, og slik sett sjølvsagt for ein biskop. Gylver svarar naturlegvis «ja» på spørsmålet, ellers kunne ho jo ikkje vore korkje prest eller biskop.
Den påtroppande biskopen svarar «ja» på spørsmåla knytt til vedkjenninga, men når ho så utlegg svaret, vert det på fleire punkt flytande. Ho svarar slik at ho sjølv definerer kva som ligg i dei aktuelle dogmene, særleg det som gjeld livets to utgangar og fortapinga.
Det same gjeld når ho definerer «bibeltru», som journalisten hevdar ho er. Det er ut frå at han godtek hennar eigne definisjonar av innhaldet i dei aktuelle lærepunkta.
Ho må jo svare ja på spørsmåla om det skal gje meining å vera biskop, men det vert det ho legg i orda, som styrer hennar teologi, forkynning og bispegjering. Då framstår ikkje Sunniva Gylver som bibeltru og konservativ teolog, sjølv om ho ikkje er lett å plassera i ein bestemt teologisk bås og framstår som ein inkluderande person.
Det at vi lever i teologisk merkeleg tid der mange spørsmål er avteologiserte, er utfordrande kristen sett. Det er det for alle, men det skaper særlege utfordringar for kristne leiarar og for alle som skal formidla kristen tru og tanke, anten det skjer frå ein talarstol, frå eit kateter eller frå ein redaksjon.
Ein må merka seg kva spørsmål som vert stilte, og kva det faktiske innhaldet i svaret er. Ein må også sjølv stilla rette spørsmål, og få fram dei rette svara – eller få avslørt det ubibelske. Tida må ikkje få styra teologien eller få avteologisera kristen tru, tenking og liv.
(Tidlegare publisert i Dagen)