Ein profeti - og åndsituasjonen idag

20.04.2005
Kjartan Ruset
(Ressurser)

1. Fyrst på 1970-talet (-70 eller -71) sat eg i Ullern kyrkje i Oslo og høyrde presten Sverre Eika si siste preike. Det vart ei spesiell preike og ei spesiell gudsteneste. Før han vart ferdig med preika si, fekk Eika eit hjarteanfall og måtte hjelpast ned av preikestolen av dagens liturg, den dåverande sokneprest i Ullern, Sigurd Lunde. Sverre Eika var pensjonist, men gjorde stundom teneste i Ullern, Ris og Holmenkollkapellet også etter at han hadde gått av.

Nokre av oss som studerte teologi den tida, søkte til Eika sin preikestol. Hans varemerke som predikant var det intense trus-engasjementet og kjærleiken til Jesus. I så måte var han ein framifrå representant for den positive universitets-teologien. Han hadde vore vår fyrste "fotball-prest", med karriere både i "Odd" og på landslaget sist på 1920-talet. Etter si fyrste teneste som sjømannsprest, vart han ein av dei mest populære prestar i hovudstaden, sist som sokneprest i Ris. Han hadde alltid mykje å gje i si forkynning, som var Kristus-sentrert inntil det einsidige. Den nemnde preika vart hans siste. Han kom på sjukehus og døde nokre veker seinare.

Preika hans har vorte ståande for meg som ein profeti over den norske folkekyrkja. Det var meir enn underleg at det var den populære, kultur-opne, positive teologen frå Universitetet som skulle bere fram denne profetien. Teksten denne sundagen var om brød-underet frå Joh.6, og predikantens tema var "Jesu velsignende hender". Eika preikte på sin vanlege engasjerte måte. Det var ved inngangen til olje-alderen. Han skildra landet vårt, "furet og værbitt" som det heiter i fedrelandssongen, eit karrig land frå naturens side, men velsigna av Gud så vi hadde vorte eit av verdas rikaste land, no også med ein eventyrleg olje-rikdom i vente. "Jeg blir redd - " sa den gamle presten. Han tok sats og sa det ein gong til, så ein kjende det djupe og personlege alvor i orda: "Jeg blir redd - når jeg ser vantroen og likegyldigheten i folket - at vi skal miste velsignelsen av Jesu velsignende hender". Dette var prestens siste ord til sin kyrkjelyd - og til vår folkekyrkje. Eit minutt etterpå greidde han ikkje meir. I uroa som oppstod preluderte den legendariske blinde organisten Geburg Aasland vakkert og dempa over ein religiøs folketone, og Sigurd Lunde fullførde gudstenesta.

2. Åndssituasjonen i den norske folkekyrkja kallar utan tvil på vedkjenningstruskap og politisk handling ("politisk" her i den vide tyding = "det som har med samfunnet å gjere"). Politisk må vi på ein eller annan måte bryte opp frå ei folkekyrkje der religiøs estetikk og nyborgarleg livsstil no rår grunnen, og gje oss på vandring som ei Jesu Kristi disippelkyrkje, der menneske får møte evangeliets kall og utfordring til tru og etterfylgjing. Lutherske konservative kristne må kome meir på bana og ta ansvar i den kyrkjelege situasjonen vi er i. "Timoteus-manifestet" og det føreståande møtet er bra og viktig i så måte, ikkje minst ved det at det skjer ope og offentleg. "Nettverks"-arbeid i løynde fora er ikkje vegen å gå no. Spesielt Normisjon, Misjonsselskapet og Misjonssambandet har eit stort ansvar, fordi ein del av fotfolket i desse organisasjonane synest å vere fanga av tidsånda og den lioberale teologi. Kanskje burde det setjast ned eit frivillig utval under OF-paraplyen, som alternativ til "Bakkevig-utvalet", for å utgreie ei framtidig kyrkjeordning. Kanskje var det difor vi ikkje fekk nokor nyordning etter "Sivertsen-utvalet" sitt framifrå arbeid i 1975: at Gud hadde noko betre i tankar; at det ikkje var dekning for ei vedkjennande folkekyrkje i landet vårt; at vi heller skulle få ei vedkjennande disippel-

kyrkje?

3. Men fyrst og fremst kallar situasjonen på forkynnarar og leiarar som til liks med den gamle presten er gripne av Jesus og er fortvila over likesæla og vantrua både hos seg sjølv og i folket. Materialisme, sjølvsentrert livsstil og politisk likesæle, trugar gudslivet vårt både individuelt og kollektivt. Den politiske likesæle frå teologar og forkynnarar si side, syner seg i samlivsdebatten (om "homofili" og "sambuarskap") ved at vi nøyer oss med å repetere Bibelens lære og dogmene utan å gje våre kyrkjelydar, og spesielt våre unge, ei fagleg og politisk grunngjeving saman med den bibelske og dogmatiske, slik at dei frimodig både kan innrette sitt eige liv etter bibelsk etikk og vere trygge i sine politiske standpunkt - og ikkje berre bli ståande som tradisjonalistar og moralistar. Det handlar om sjelers frelse, men det handlar og, spesielt i samlivsspørsmålet, om å berge kvinna, mannen og barnet, skapt i Guds bilde, berge både seksualiteten og humaniteten med Guds stempel på seg. Det er spesielt på dette området det teologiske underskotet i vår kyrkje er stort, og det kjem av at evangeliske teologar i sin teologi har vorte så evangeliske at dei korkje i tru eller liv gjev rom for Guds lov. Det fatale er at då har vi heller ikkje noko evangelium lenger. Og det er dit vantrua og likesæla i kyrkja og i folket er i ferd med å føre oss: bort frå sjølve det dyrebare evangelium - som sjølvsagt er noko heilt anna enn den religiøse estetikk som i åndeleg markedstilpassing vert ført til torgs over alle preikestolar i dag.

4. "Konservativ" og "liberal" teologi sameinast i dag i ein positiv teologi som syner sin alvorlegaste brest ved at han sorterer menneskeverds-spørsmålet under evangeliet, istadenfor under lova. Nokon kvar av oss har forkynt som så: "Evangeliet syner oss menneskets verd". Det høyrest så fromt og fint ut, men ei slik forkynning er eit djevelens bedrag som tek frå oss både evangeliet og menneskeverdet. Evangeliet syner oss Guds nåde og kjærleik; det er "ei Guds kraft til frelse", og i det "vert Guds rettferd openberra", som apostelen seier. Lova syner oss menneskeverdet. Lova er sett som eit vern om menneskeverdet, mot den vonde gjerning. Lova er ikkje gjeven for Guds skuld, men for menneskets skuld. Lova syner oss like mykje at mennesket er heilagt, som at Gud er heilag. Det er livsfarleg å blande menneskeverdstanken med evangeliet. Evangeliet er lett som ei fjør; det bryt ikkje det brostne sev, og sløkkjer ikkje den rykande veik, og det er hjelpelaust i kampen mot den vonde gjerning. Det ser vi i ei folkekyrkje der antinomismen meir og meir tek overhand: menneskeverds-retorikken og den evangekliske retorikk blomstrar, medan det sterke individ tek evangeliets fridom til inntekt for kjøtet og turar fram i grenselaust forbruk og omsynslaus egoisme.

Vågar vi i solidarisk smerte å tale om "vantroen og likegyldigheten i folket" ? Det er det avgjerande spørsmål til alle som vil vere trugne mot vedkjenninga og mot Jesus i vår tid. Ein annan profet sa det slik: "Eg er ein mann med ureine lepper, og bur mellom eit folk med ureine lepper -". Berre gjennom ei slik erkjenning kan vi bli reinsa frå all den ureinskap som i religiøs retorikk og estetikk fløymer over oss i dag - medan evangeliet og menneskeverdet i røynda går tapt.