Ein situasjons-rapport frå Den norske kyrkja

13.04.2005
Ottar Myrseth
(Ressurser)

På FBB-seminaret "Når melder vi oss ut?" - arrangert 25. oktober i samband med FBB si generalforsamling - la Ottar Myrseth i foredraget sitt fram sju punkter i ein situasjons- rapport frå den aktuelle kyrkjesituasjonen i Noreg. FBB-nytt presenterer her dei sju punkta, i stikkords form:

1. Skismaet i Den norske kyrkja er synleg

Lærestridane i Den norske kyrkja har tydelegare i siste tida enn på lenge kome til overflata;

  • På dagsorden har stått kvinneprest-spørsmålet som svært tydeleg deler kyrkja i to.

  • Bispemøtet sin kommisjon i homofili-spørsmålet vil i beste fall kome ut med delt innstilling. I dette er vi i ferd med å få same utviklinga som vi fekk i kvinneprest-spørsmålet: Fyrst ei nedtoning av kor viktig det er, adiaforon og ikkje lærespørsmål. Så aksept for to motstridande syn innanfor kyrkja. Og så til slutt eit ikkje-spørsmål.

  • I synet på skilsmisse og gjengifte rår ingen einskap.

  • Det er strid om Gudsbiletet.

  • Det er strid i synet på forfatinga av dåps-sakramentet, av kyrkjetukta, i abortspørsmålet osb.

Dette er døme på synlege læremessige skisma i Den norske kyrkja i dag. Den som har auge å sjå med og øyre å høyre med, er utan orsaking.

2. Lærekonifiktene

Dette er kyrkja sin del av pluralismen som pregar heile samfunnslivet. Pluralisme og privatisering høyrer i hop. Ta som døme det omsvinget som har skjedd i argumentasjonen i kvinneprest-spørsmålet: Det var ein hovudtrend at Skrifta ikkje tillet kvinneleg presteteneste, men våre hermenevtiske tillempingar av det tidsbetinga gjer at vi likevel i dag kan forsvare det. No går argumenta på at Skrifta kan tolkast ulikt. Mi meining er like god som di! Altså er Skrift-autoriteten blitt til eit sett meiningar den einskilde kan tillempe seg. Dette er den klassiske liberalteologien sitt parameter, som har gjenoppstått.

Slik lukkast det moderne kyrkje-apparatet å integrere i seg motsetningar som i åndskampen er uforenlege. Kyrkje-apparatet er vorten garantisten for at den Skrift- og kyrkje-oppløysande teologien kan leve med statskyrkjelege subsidiar og rettslege vern. Slik har den postmoderne pluralismen blitt resipert av kyrkja.

3. Kyrkja er i folkemeininga sitt babylonske fangenskap

Frykta for å skade folkekyrkja si breidde har skapt handlingslamming i læresaker. Handlingskraft vert vist berre overfor dei som vil setje standarder og grenser som vert opplevd trugande overfor den altintegrerande folkekyrkja. Dette opnar for pedagogiserande og psykologiserande reaksjonar overfor forkynnarane og sakramentsforvaltarane. Då er ikkje Guds norm lenger den overordna og einaste rettesnor.

4. Sakramentsforvaltinga er i forfall

To aktuelle saker til illustrasjon: Kyrkjetuktsaka i Øksnes og gudstenestesaka i Råde: Realiteten i den fyrste er at biskopen har irettesett og tilsidesett ein prest som har brukt ein kyrkjeleg lærekonsensus i abortspørsmålet som grunnlag for utøving av kyrkjetukta. Her har biskopen privatisert kyrkjemedlemmane si forplikting på lydnad mot den sanne lære. Han har irettesett presten som tok sitt sakramentsforvaltar-ansvar på alvor, og han har tilsidesett presten ved sjølv å halde nattverdgudsteneste i prestegjeldet med utdeling av nattverden til den person presten hadde fasthalde under nøklemakta.

I Råde-saka har biskopen nekta at det vert halde gudsteneste for dei som er sette utanfor kyrkjelyden sin fellesskap av ein kvinneleg prest. Den naud som oppstår i samband med ein kvinneleg prest, kan ifølge biskopen ikkje avhjelpast ved alternative gudstenester fordi desse synleggjer splittinga i kyrkjelyden. Altså skal harmonitenkjinga også gjerast til overordna norm for sakraments-forvaltinga.

5. Pastoralt leiarskap er i forfall

Det kyrkjelege leiarskap har eit formidabelt problem med å halde saman det pluralistiske kyrkjemangfaldet. Når Skrift-autoriteten ikkje lenger kan nyttast, vert styring i kyrkja utøve stadig meir ved politisk maktbruk, lov og orden. Einskapen vert sikra ved at alle lyt innrette seg etter regler og forskrifter. Opposisjon kan ikkje tolast, fordi einskapen er bygd på ei harmoniforståing etter borgarleg modell. Prester som forstyrrar harmonien, vert avsette. Ikkje fordi dei forkynner heretisk eller lever umoralsk, men fordi folkekyrkja etter statsretten ikkje kan tole dei når dei set grenser som ikkje er aksepterte. For slike prestar vert det yrkesforbod. Vi bør sjå i auga at vi kan gå ei framtid i møte der ordinasjonsnekt for kvinneprest-motstandarar også vert kvardagen vår, slik det har blitt i Sverige.

Dessutan har det pastorale leiarskap kome til ein avgjerande skiljeveg i og med bispesaka i Hamar. Kan vi i det hele teke leve med ein kvinneleg "biskop"? Kor lenge?

6. Kristenfolket er i villreie

I 1968 var det dei politisk radikale ungdomane som melde seg ut av kyrkja. I 1993 er det dei kyrkjeleg radikale som gjer det. På ungdomskulturen kan vi avlese med store bokstavar det som er vaksenkulturen sine konflikter, berre meir pyntelege og velsminka. Folket sin tillit til kyrkja er i krise. Folk er mange stadar i villreie om kvar dei kan gå til gudsteneste og få sine born konfirmerte.

7. Organisasjonana står ved vegskiljet

Det er viktig å studere organisasjonane sine manøvrar i denne kyrkjesituasjonen. Eg har registrert tilbaketrekkings-strategien, som løyser alle problem ved å gøyme seg på bedehuset og overbevise seg sjølv om at verda er ikkje større enn det vi ser innanfor der. Og eg har merka meg rådløysa og handlingslamminga når ein erkjenner at same pluralismen rår innanfor eigne rekkjer som i folkekyrkja. Verre er det når leiarane ser ut til å setje til side evna til å tenkje sant teologisk om sine strategiar og berre manøvrerer politisk for å bevare organisasjonen.

Et trur kyrkja har bruk for Indremisjonen og ytremisjons-organisasjonane. Men ikkje som medvitslause medløparar til postmodernismens kyrkjeapparat. Den indremisjon går i oppløysing like mykje som statskyrkjeapparatet . Den indremisjon som har gjort sin eigen vidareføring - sitt eige sjøloppehald - til mål, og som navigerer politisk for å nå dette, har inga framtid.