Eit større fellesskap

26.08.2024
Rolf Kjøde
Kirkefellesskap Kirken Trospraksis Troslære Trossamfunn Fellesskap Bedehus Normisjon

Debatt

Rolf Kjøde

Over nokre månader har Sofie Braut lukka oss inn i sine refleksjonar om det å høyre til kyrkjeleg, for så å konkludere i sommar med at ho ikkje kan vere med lenger på Den norske kyrkja si ville teologiske ferd. Premissa er tydeleg reflektert og formulert, og konklusjonen er konsistent.

Sjølv meldte eg meg ut i 2017 av det kyrkjesamfunnet som eg var både døypt og ordinert i. Mi erfaring er at slikt gjer ein ikkje om ein ikkje må. Hadde Dnk si leiing berre vore «tannløs og uinteressant», som Knut Alfsvåg kallar dei (Dagen 12.august), hadde eg kanskje blitt. Problemet er at dei forkynner falsk lære, enten det er det samla bispekollegiets haldning til ekteskapet som kjønnsnøytralt, opning av kyrkjene for nyreligiøsitet og religionsblanding, eller den breie aksepten for universalisme, at alle blir frelst til slutt. 

Eg har respekt for dei som blir, enda vi vurderer alvoret i den læremessige utviklinga likt, og har ingen utmeldingsagenda. Samtidig ser eg kor lett det er å gi etter og bøye unna når kyrkja sitt rammeverk er rigga for å kjempe for den nye teologien, slik Braut har vore med å vise.

Alfsvåg synes å tenke at Brauts utmelding er eit fritt fram for «å løpe frem og tilbake over kirkegrensene» på leit etter ei lokal forsamling. Formuleringa treffer ikkje Brauts refleksjon om å ha høyrt til i eit kyrkjesamfunn. Ho er lokalt forankra kyrkjeleg og spretter ikkje rundt.

Samtidig treffer Alfsvåg det svake punktet i Brauts handling; kva større samanheng er vi som lokale truande er ein del av? Kyrkjehistorisk er ikkje den fullstendige kongregasjonalismen, at kva lokal forsamling er seg sjølv nok, ein modell å hige etter. Den er i sin historiske arroganse på alle måtar sårbar for kvar lærdoms vær og vind. 

Rigide kyrkjelege strukturar og kulturar er heller ikkje noko absolutt vern. Den norske kyrkja er ikkje det einaste eksempelet. Den hierarkiske katolske kyrkja kan vere eit vern om det kyrkja lenge har lært, men den sementerer også alle slags underlege dogme utan bibelsk forankring. 

Likevel meiner eg det bør vere uråd for tanken å berre gå ut. Kyrkje er ein stad å høyre til, og vi høyrer til i eit større fellesskap som går på «same veg», som ordet synode betyr. Vi treng ikkje berre signing over utgangen vår, men også over inngangen. Det er eit ansvar for den enkelte av oss, men det er også eit ansvar for leiarskap i kyrkjer og organisasjonar å legge til rette for dette.

Korleis kan vi høyre til, ikkje lokalt, men i eit større fellesskap av truande som overleverer den felles apostoliske trua? I 2014-18 jobba vi fram eit globalt nettverk og samla store kyrkjer i Afrika og USA, og mindre samanhengar i Skandinavia, i Global Confessional and Missional Lutheran Forum. Vi treng å vere del av slike fellesskap nasjonalt og globalt som inspirerer, forpliktar og held oss frimodig. 

Alfsvåg minner om at også frikyrkjelege samanhengar blir utsett for teologisk uvær. Det er rett nok, men dette året har Den evangelisk lutherske frikyrkja slått fast at læra om ekteskapet er eit vedkjenningsspørsmål. Baptistsamfunnet, med sterk asiatisk fornying, har klargjort si bibelske plassering. Normisjon gav i 2023 landets klaraste teologiske vegleiing i plenum for sine leiarar. Det er håp, altså!

Eit lite, men symbolsk viktig steg ville vere om Misjonssambandet, Indremisjonsforbundet og Normisjon plukka opp igjen hansken frå tre år tilbake då dei kom langt i utgreiing av å tilby eitt felles trussamfunn for dei tre. Folk på grunnplanet er langt meir klar for dette enn ulike leiingar har ein tendens til å tru.

Då eg braut opp frå Dnk, var spørsmålet om å høyre til det store spørsmålet for meg. Eg er kristen saman med Jesus-truande i ei lang historie og med ei unik utbreiing i samtida. I samtale med ein annan som gjekk ut, men til fellesskapet under paven i Roma, huskar eg at eg sa:

«Det er uforståeleg for meg at du kan gå frå evangelisk kristendom, som er kontekst for luthersk teologi, til katolsk tru med alt som høyrer med (frelseslære, Maria-dogme, paveleg makt m.m.). Samtidig misunner eg deg ein ting; det store trusfelleskapet.»

Eg ser ikkje akkurat kvar vegen bør gå. Det er flott som kristen og med Norkirken Bergen berre å vere ein del av Normisjon, som i neste omgang står i fellesskap med kyrkjer på fleire kontinent. 

Kanskje skal vi jamvel tenke evangelisk tverrkyrkjelege nettverk på basis av klassisk apostolisk tru. Unge kristne går på kryss og tvers mellom ulike konfesjonar. Eg heiar ikkje på ei haldning som ikkje tar læra på alvor. Samtidig er dette uttrykk for ønsket om å høyre til saman med mange. Vi treng styrken i det større fellesskapet!

Rolf Kjøde

(Tidlegare publisert i Dagen)