Ekstremisme og naivitet

27.07.2013
Egil Morland
Aktuell kommentar

Den beste hjelparen for ekstremisme er naivitet.

 

Den beste hjelparen for ekstremisme er naivitet. Det er særleg lett å sjå dette når vi ser bakover i historia. Før siste verdskrigen var det nazismen som fekk nyta godt av at somme vil det gode så sterkt at dei misser etisk og politisk gangsyn. I mi eiga levetid har eg opplevd at radikale, kristne og ikkje-kristne, gav dei umenneskelege regima i Aust-Europa og Asia ideologisk legitimitet. For kyrkja er det særs pinleg å tenkja på korleis korrupte kyrkjeleiarar i aust vart hjelpte til ein plass i viktige organisasjonar og talarstolar i internasjonale fora, medan våre ekte trussøsken vansmekta under forfølging og i fengsel.

Det er sjølvsagt ikkje nokon som likar å bli kalla naiv. Men det finst andre ord i språket som dekkjer det same fenomenet, som når vi støttar dei «moderate».

I våre dagar er det islam som blir møtt med naivitet. Vi får stadig på nytt dokumentert at talsmenn for islam vert framstilte som «moderate» i vestlege media, sjølv om dei i andre samanhengar aktivt fremjar hat mot kristne, står knallhardt på å gjennomføra sharialovgjeving og støttar dødsdom mot dei som – til og med umedvite! – har krenka profeten.

No meiner ikkje eg at vi ikkje skal snakka med slike representantar. Men då skal vi vera førebudde. Då skal vi konfrontera. Då skal vi spørja om det gjeld ulike etiske kodeksar (noko som faktisk er tilfelle) for kva ein seier i eit muslimsk og i eit vestleg land. Stundom vil eit enkelt søk på internett avsløra dette. Det er som om vi i alvor må spørja: Talar somme av desse «moderate» med lygekryss på ryggen når dei opptrer i vesten? Kva ideologisk handlingsrom får dei på heimebane, når dei til og med kan visa til at dei er blitt internasjonalt stovereine?

I desse dagar er det pakistanske ul-Qadri som er i Danmark for å tala mot radikalisering av unge muslimar. Vi kan berre spørja oss kva han, som er ein av ideologane bak blasfemilova i Pakistan, og som vil avretta dei som fornærmar islam, legg i ordet «radikalisering». Stilt overfor slike fakta trekte den danske integreringsministeren seg frå eit tillyst møte. Men kyrkjeleiarar, også norske, tok del.

Vi kjem sjølvsagt ikkje vidare i forbrødring og forståing utan samtale og dialog. Men den dialogpartnaren som ikkje kan setja foten ned og insistera på at det er grenser som må respekterast i handling og ikkje tildekkast av ord, vil fort få oppleva at den andre parten stadig legg under seg nytt territorium.

Har islamsk råd – på truverdig vis! – protestert mot nedslaktinga av kristne skuleborn og brenning av kyrkjer i Nigeria? Gjer dei ein eventuell protest internasjonalt kjent? Kort sagt: Først når dei «moderate» vert moderate på alle talarstolar dei rår over, vert dei reelle samtalepartnarar for dei som vil fremja «fred og samhald i alle land». Den norske kyrkja fekk ei ny kollektbøn for fred etter krigen (1949). Den vart avslutta med ei bøn om hjelp til å «stå fast i striden mot det vonde saman med alle folk på jordi».

Formuleringa er interessant: Vi skulle stå saman. Men premisset for det var at vi skulle stå faste – i eit tydeleg vitnemål mot ufred og strid.

(Tidligere publisert i Dagen 23.07.13)