En enkel måte å be på – Martin Luther

01.02.2022
Tage Emil Good
Bokomtale Bønn Bønnebok Katekisme Trospraksis Tro Martin Luther Fader vår De ti bud

Bokanmeldelse

En enkel måte å be på – Martin Luther

EB Media AS 2021 / www.Foross.no

2021

69 s.

Eit nytt lutherskrift er ikledd norsk språkdrakt, og omsetjaren er Håkon Leite. Han er tilsett ved Fjellhaug, og har blant anna ein mastergrad i historie der han har skrive om Peter Damian. Boka er gjeven ut av foross.no, saman med EB Meida. Ho startar med eit forord av omsetjaren der han på ein morosam og interessant måte gjer greie for somme av vala han har teke. Alle bibelsitat har Leite sjølv omsett, med unntak av ledda i Vår Far (Bibelselskapet, 2011). Dei ti bod følg Den norske kirkes bekjennelsesskrifter (2017, Lunde forlag). Sjølve formatet på boka er hendig, lett å ta med seg og bruka i kvardagen. Layouten fungerer godt, og pedagogisk bruk av symbol gjev ei god støtte i lesinga. Her ser me ein tydeleg inspirasjon frå Harald Kaasa Hammer si omsetjing av Den vesle katekismen. Luthers En enkel måte å be på har tre hovuddelar: Bønene i Vår Far, dei ti bod, for så ein kort gjennomgang av den apostoliske trusvedkjenninga. Til sist kjem eit etterord av Stein Solberg, teolog, forkynnar og leiar av Levende steiner.

I gjennomgangen av Vår Far oppfordrar og modellerer han korleis du kan legga inn eigne bønneemne for kvar av dei sju bønene, og la denne bøna vera himmelkvelvingen over bønelivet ditt. Det er mykje bruk av kampterminologi, og motparten er Djevelen. Den kristne si stilling er utsett, men i Kristus kan han vera frimodig og trygg. Under bøna kan det henda at Den Heilage Ande forkynner til deg. Då skal du stoppa og lytta. Luther er open for at Den Heilage Ande kan tala til deg når du ber. Luthers tips er derfor å ikkje gløyma blyanten når du går inn i kammerset!

Dei ti bod er det neste han introduserer som ei ramme og eit nyttig stillas i bønelivet. Dei kan alle bes på ein firfaldig måte: som ein lære, ein takk, ei syndsvedkjenning for så ei allmenn bøn. Eit smart pedagogisk grep som kan hjelpa å gjera bøn klårare og mindre abstrakt for folk. I same andedraget får den kristne meditert over boda, og gjennom døme viser Luther korleis dette kan forkynna lov og evangelium for den kristne. Sett bort frå bøneopplæring blir det ei interessant utlegging av Luther sine tankar kring dei ti bod. Konsekvent blir lesaren beden om å tenka på den gylne regel gjennom alle boda. Vår neste er stilt opp som eit gudsord som skal ærast, respekterast og hjelpast. Ja, ved å halda boda er me med på å spreia Guds rike på jord.

I den tredje delen, som er tydeleg kortare enn dei to første, held Luther fram på same måte. Her kan spesielt delen om den første trusartikkelen få honnør for å vera interessant. Her kjem han blant anna inn på forhaldet mellom fornuft og tru. Det var derimot skuffande at artikkelen om Den Heilage Ande fekk så kort behandling.

I eit inspirerande etterord kjem Stein Solberg med viktig kontekstualisering av skriftet. Her er òg gode refleksjonar over skriftet, og eg vil anbefala å starta med dette. Dette kunne stått fremst i boka, og her kunne redaksjonen gjerne ha sett teksten enda meir i kontekst. Layouten rettar seg mot ungdom og unge, og då ville dette ha gjeve endå meir utbytte av boka.

Tenk at Luther svara Peter barbermeister med eit så flott svar. Han viser ikkje Peter til katekismen, men hjelper han heile vegen fram. Han er praktisk og konkret når det kjem til bøneopplæringa, og lener seg på Lukas 11. Han plasserer den kristne som eit individ framføre Gud, men samstundes malar han konsekvent det kristne kollektivet gjennom opplæringa: « … Og tenk at du ikke kneler og står der alene, men at hele kristenheten eller alle fromme kristne står sammen med deg og du med dem i en enstemmig og samstemt bønn.» (s. 21). Luthers skrift er forfriskande og inspirerande. Her får du reine ord for pengane dersom du vil gå på bøneskule hos Martin Luther!

Tage Emil Good