Er felles religiøs bøn legitimt?

03.06.2024
Rolf Kjøde
Aktuell kommentar Kirken Kirkefellesskap Bønn Religion Åndelighet Økumenikk

Aktuelt

Rolf Kjøde

14. april i år heldt biskopen i Nidaros felles bøn med leiarar frå muslimsk og jødisk religion. I Nidarosdomen. Mangelen på reaksjonar har vore påfallande. Ser ikkje misjonsleiarane kva dette gjer med legitimiteten av oppdraget dei står i spissen for?

Dialog som set på dagsorden spørsmål om fred og forsoning, heiar vi på. Når dette går over til felles utøving av truspraksis, i dialogarbeidet gjerne kalla diapraksis, er det kryssa ei prinsipielt viktig grense inn mot religionsblanding, som med eit fint ord heiter synkretisme.

Då paven kalla inn til felles religiøs bøn i Assisi i 1986, handla det også om verdsfreden. Den vil vi kjempe for saman med religiøse og sekulære på Guds skapte jord. Når religiøse leiarar ber saman, handlar det likevel ikkje om politisk samarbeid, men om å vise åndeleg einskap.

Problemet er at denne typen einskap ikkje finns. All einskap i kristen tru er knytt til Jesus Kristus. Den som avviser Jesus som jødane sin Messias, Guds son og verda sin einaste sanne frelsar, står utanfor det fellesskapet som blei til pinsedag ved Andens nærvær.

Biskop Finnseth seier det motsette. Ho understreka etter samlinga «opplevelsen av samhørighet og fellesskap, å samles som troende» (VL 10. mai). Det må vere lov å spørje: Kva tru var dei samla om? NT kjenner berre den frelsande trua på Jesus. Opererer biskopen med ei anna tru?

Ho bringer også på bana den historisk naive, men populære ideen om at det finns tre religionar som har felles opphav i historia om Abraham. At Koranen omskriv den historia til si eiga motsetning hundrevis av år etter Kristus, synes ikkje å uroe.

Her gjeld det å få stadfesta at vi er både «troende» og «søsken» med «felles røtter», som dialogprest og initiativtakar Aakre presiserte i velkomsthelsinga i Nidarosdomen. Frimodig postulerer han: «Jeg tror Gud liker det».

Det har han inga bibelsk dekning for å tru. Det felles rommet som Guds ord kallar oss inn i, der det ikkje finns «jøde eller grekar», er utelukkande der vi blir eitt ved trua på Jesus Kristus og i dåpen til den treeine Gud. Utan kjennskap til den bibelske openberringa er all religion – og sekulær tru – dyrking av avgudar.

Her startar all kristen misjon. Då Paulus blei omvend, blei det sagt at «han ber». Vel, det hadde han som from jøde med respekt å melde gjort heile livet. Ja, men no var bordet snudd. Han fekk eit møte med den oppstadne som gjorde bøna ny. No bad han i Jesu namn.

Det er dette møtet med Jesus alle treng, også verdas jødar og muslimar, hinduistar og buddhistar. Kristen bøn er aldri berre det. Den er også tilbeding av Jesus, Guds son. Misjon er å gjere hans namn kjent så han kan bli trudd og tilbedt, elska og følgt.

Det finns kyrkjer som offisielt har gått langt i å avlyse dette misjonsoppdraget. Nyorienteringa frå Det andre vatikankonsilet i den katolske kyrkja opnar på ein heilt ny måte for frelsande nærvær i religionane. I tråd med dette stadfesta noverande pave, saman med imam Ahmad Al-Tayyeb i 2019, at islam er kyrkja sin «bror» som er «ønska av Gud i hans visdom».

Dei lutherske kyrkjene i Tyskland opna allereie i 1980 for at jødedom og kristendom er to parallelle frelsesvegar. I 2018 følgde kyrkja i Rhinland opp med å avlyse misjon til muslimar. Det er overflødig fordi trua deira allereie «er ei binding til den eine Gud».

Etter religionsblandinga i Nidarosdomen må ingen la seg overraske om tilsvarande idear får nedslag også i Den norske kyrkja når den jobbar med basis for si misjonsforståing. Misjonsorganisasjonane må vere svært vakne i sine samarbeidsrelasjonar.

«Det er ikkje frelse i nokon annan, for under himmelen er det ikkje gjeve menneska noko anna namn som vi kan bli frelste ved.» (Ap.gj.4,12) Kunne Peter seie det om Jesus til sine jødiske landsmenn, gjeld det ikkje noko mindre for muslimar og alle andre som manglar den bibelske openberringa til frelse.

Rolf Kjøde

(Tidlegare publisert i Dagen)