Er teologien heilt hjelpelaus i møte med transdebatten?

03.10.2023
Sofie Braut
Aktuell kommentar Debatt Bibeltillit Bibelbruk Bibelforståelse Bibelen Kjønnsteori Kjønnsrevolusjon Kjønnspolaritet Kjønnsforskjell Kjønn Kirken Teologi Modernitet

Aktuelt

Sofie Braut

Det er ikkje noko nytt å hevda at teologi er irrelevant og makteslaus i møte med moderne problemstillingar. Det er likevel oppsiktsvekkjande at ein erfaren teolog ser ut til å meina det same.

Professor ved MF, Harald Hegstad tek eit nytt oppgjer med tradisjonelt orientert teologi i innlegget «Kirken og transdebatten» (vl 21/9). Hegstads ønske om å imøtekomma sårbare menneske som opplever ulike utfordringar knytt til kjønnsidentitet, ser ut til å spela svært mange andre omsyn heilt utover sidelinja.

Det må seiast å vera svært oppsiktsvekkjande når ein teologiprofessor ikkje ser det «som naturlig at kirken skal hevde klare oppfatninger i omstridte medisinske eller juridiske spørsmål». Påstanden har dessutan svært omfattande implikasjonar.

Harald Hegstad grunngir tankegangen med å slå fast at i spørsmål om kjønn, transseksualitet og forholdet mellom kjønn og biologi har kyrkja ikkje nokon «privilegert kunnskap».

Han manar også til å vera varsam med å bruka Bibelens ord i Første Mosebok om at Gud skapte mennesket som mann og kvinne til å hevda at «kjønn er noe entydig og konstant».

Teologiprofessoren ser vidare ut til å ha kjøpt heile tenkinga om at dette med kjønn berre er eit spørsmål om preferanse og ulike teoriar når har også understrekar at skapingsforteljinga ikkje duger som «basis for ein bestemt kjønnsteori».

Argumentasjonen syner stor forståing for moderne kjønnsteori, mens den som søkjer ei fulltonande skapingsteologi står ribba tilbake ved professorens kateter.

På eit overordna plan, er det noko foruroligande over å sjå ein kapabel akademikar og eit tenkjande menneske som Hegstad vera så reduksjonistisk i høve eige fagfelt.

Hegstad plasserer teologien på eit så avgrensa område, han lukeparkerer eige fagfelt så presist, at det er vanskeleg å sjå det for seg i vanleg trafikk att.

Det er freistande å minna Hegstad om at det i motsetnad til i mange av dagens groteske parkeringsregime, ikkje finst noko krav om å stilla opp tenkinga på smale, oppmerkte felt.

Det kan rett nok verka audmjukt og undrande å ta over ein slik posisjon i møte med dei mange og krevjande spørsmåla som i dag råkar oss med stor kraft og djupe personlege følgjer. Særleg desse knytt til kjønn og seksualitet.

Men det minner like mykje om ansvarsfråskriving som om audmjukskap.

Harald Hegstads premiss for å seia at Første mosebok ikkje kan brukast for å seia noko om kjønnsteori og kjønnsidentitet, er at «dette ligger simpelthen utenfor tekstens horisont», og vidare at «Bibelen sier simpelthen ikke noe om slike spørsmål».

I denne sistnemnde kategorien må vi seia at svært mange av kvardagens mange spørsmål i eit moderne liv fell. Langs same tankegang, kan vi naturlegvis enkelt hevda at Bibelen ikkje noko om klima, bitcoin, bioteknologi eller TikTok.

At kristne dermed skal vera tause om slike tema, er ein svært merkeleg tanke. Eller, Hegstad seier naturlegvis ikkje at vi skal vera tause, berre at vi skal overlata til andre enn Bibelen å vera premissleverandør. Det er ei underleg form for teologi, i alle fall om den «teo», guddom, som utgjer sentrum i læra er ein allmektig, handlande Gud.

Møtet med Guds ord lærer oss dessutan at det er ein kvalitativ forskjell på dei mange menneskelege ord og Ordet. Guds ord er nemleg «levande og verkekraftig», lærer vi i Bibelen. Det må i alle fall innebera at det ikkje berre er avgrensa til å tala inn ei spesifikk epoke i verdshistoria, og dei problemstillingar som høyrde til då.

Det er særleg tre problem med Harald Hegstads svar på dei viktige spørsmåla han reiser i artikkelen om transdebatten. For det første ser han ut til å overvurdera det intellektuelle. Ideen om at det er kyrkja sin «privilegerte kunnskap» som dannar basis for kva ho kan seia noko om, er ein konstruksjon. Eit døme på det eg gjerne tenkjer på som introvert teologi. Det er umogleg å forstå for alminnelege kristne.

Trua på Jesus som herre påverkar alle sider ved livet. Målet er ikkje ein «vasstett» teologi, ei fiks ferdig livsoppskrift. Men at trua sitt nedslagsfelt skal avgrensast ut frå eit gitt mandat spesifisert av teologien verkar rett og slett ubibelsk.

For det andre, dersom Bibelen berre snakkar til visse segment (f.eks.kan det verka som om Hegstad meiner at han snakkar om forbruket mitt, men ikkje om rolla mi som kvinne), blir den kristne trua ikkje eit operativt modus vivendi. Trua blir redusert til ein observasjonspost, heller enn til ein måte å handla, vurdera og reagera på. Korleis passar dette med Paulus insisterande: «Lev eit liv i anden!» (Gal 5:16)?

Det tredje momentet knyter seg til Bibelen. Dersom det faktisk er som Hegstad ser ut til å hevda, at kyrkja skal liggja unna tema som ikkje eksplisitt er nemnde i Skrifta, er det ei avskriving av Bibelen som grunnforteljing. Hegstads haldning om at kyrkja ikkje skal meina noko i omstridde spørsmål knytt til juss og medisin, fagfelt som i si tid vart forma med utgangspunkt nettopp i kristen tru og tanke, er svært tankevekkjande.

Det får meg til å tenkja på T. S. Eliots klassiske og dystre dikt «The Hollow Men», der diktaren gjennom fem strofer kavande i modernismens fragmentariske formspråk leitar etter ein måte å koma til rette med alt frå det moderne Europas kollaps etter første verdskrigen til ei djupt personleg krise. Strofe fem endar med samanbrot både i form og innhald.

At dei mange vanskelege spørsmåla i vår tid kan gje ei tilsvarande kaoskjensle, trur eg få av oss vil protestera på.

At svaret på transdebatten og tilsvarande spørsmål som utfordrar djupt, skulle vera teologisk tilbaketrekking er likevel svært vanskeleg å fatta. Om ikkje fagteologien har noko anna enn eit venleg klapp på skuldra til menneske som strevar med kjønn og identitet, må vi håpa at lekfolk av alle slag kjenner si besøkstid.

Guds ord er faktisk levande og verkekraftig i møte med alle slags problemstillingar. Til alle tider.

Sofie Braut

(Tidlegare publisert i Dagen 23.09.23)