"Fotfylgjarteneste" som praksisvariant for teologistudentar

13.04.2005
Arnfinn Haram
(Ressurser)

Som kjent er det ein del av den nye studieordninga ved Menighetsfakultetet at studentane tek delar av praktikum undervegs i det vanlege studiet. Tanken er at praksiselementet skal kome inn i biletet som ein avklarande og motiverande del av studiet. Denne tanken er i og for seg god, men slik han er lagt til rette no, har han mange uheldige implikasjonar.

Det eine er at heilt unge og ferske studentar vert sende ut til å skjøtte sjelesorg og forkynning i kyrkjelydane utan fagleg og personleg tyngde og røynsle. Kva andre profesjonar ville ha tillete noko liknande på sine felt?

Det andre - og verste - er at kyrkja sitt embete og heile ordinasjonen vert systematisk undergraven som ein nødvendig del av ei rett kalling til embetet. Aller verst er det at dette skjer på ein teologisk lærestad som tradisjonelt skulle verje og fremje luthersk, konservativ teologi! Når ein veit at ordninga er lagt opp slik at dei unge nesten kjenner seg pressa til å vera med på det, skjønar vi at det her trengs alvorleg ettertanke og gode alternativ.

Eit alternativ

Eit slikt alternativ er den s.k. "fotfylgjartenesta". Ho er under utprøving, men går med få ord ut på at studenten skal vere saman med ein prest i vanleg teneste over eit visst tidsrom (fire viker). Slik eg sjølv har lagt det opp, omfattar det fylgjande hovudpunkt og hovudmønster:

  • Dagleg morgonbøn og stille tid i kyrkja.
  • Studium og kontortid.
  • Evt soknebod, husvitjingar og institusjons-vitjingar.
  • Middagsbøn og middagspause.
  • Evt vitjingar, dåpssamtalar og andre kausalia-samtalar.
  • Vesper.
  • Evt møte eller fritid.

Fritid og studium

Også vika bør vere strukturert slik at studenten får både fritid og lengre periodar til studium og førebuingar. Ein eigen dag kan setjast av til dette. Det er godt, men også tilstrekkeleg, at studenten er predikant ved ei høgmesse og t.d. ei kveldsmesse e.l. Likeins er det god øving å halde ei eller fleire andakter ved ein institusjon. Dersom presten er rimeleg kvalifisert, er det og positivt med øvingar i liturgisk song og resitasjon. Studenten bør leve mest mogleg saman med den presten han skal "fotfylgje" slik at det kan vere god tid til respons, drøftingar og fri, engasjert samtale undervegs. Presten bør og leggje fram god teologisk- og pastoralteologisk litteratur - ikkje minst for å gje eit levande bilete av at ein prest er teologisk og intellektuelt oppegåande etter embetseksamen og at studium og refleksjon høyrer med til ei normal teneste!

I gode fotefar

Dette opplegget synes svært fruktbart både for prest og student. Det må vere ei stor utfordring for våre vedkjenningsrørsler å få fleire prestar på lista og fleire studentar til å gå i gode fotefar! For er ikkje "fotfylgjarpraksis" eigentleg Meisterens eigen metode for presteutdanning...?