Fred i kyrkja

13.04.2005
Einar Erikstein
(Ressurser)

FBB-nytt: LEDER

Nr. 2, Juni 1994, 31. årgang


Prost Einar Erikstein:

Fred i kyrkja.


Det er visst ingen som har tru for at me i denne tida - i den stridande kyrkja - skal oppleva nokon fullkomen fred. Ikkje med verda. Det har Jesus sagt:I verda har de trengsel (Joh 16,33). Men heller ikkje mellom kristne og i den synlege kyrkje, som er samansett av sanne og falske kristne, kan me vente oss at det alltid skal vera ein fred slik verda ofte oppfattar freden.

Jesus måtte stride med sine læresveinar. Det var ein del av deira forming og utdaning for det stridande livet dei skulle gå til når han forlet dei synleg. Og hans offentlege liv i verda er ein samanhengande strid, til han, som Sanningas openberrar på jord, endar sitt liv på krossen, der han ropar ut: Det er fullført (Job 19,30).

Likevel er freden sjølve siktemålet for Jesus og for hans kyrkje på jord: fred med Gud som resultatet av forsoninga; og fred mellom menneskje, når forsoninga med Gud har blitt verkeleggjort.

Utgruppe?

Det er difor med stor sorg at me i dag opplever at ortodokse prestar og lekfolk -"gamaltruande" - skal bli ei utgruppe i vår norske kyrkje og sume stader bli truga med yrkesforbod: "Dersom de ikkje vil vera med på nyordninga, må de finne dykk eit anna bispedøme å tenestegjera i (eller kanskje helst ei anna kyrkje)." Slik kan det synast som det lyder.

No veit me at det standpunktet våre ortodokse, konservative eller gamaltruande, har innteke er det same som har rådd i den kristne kyrkje i snart to tusen år. Det representerer óg ei snart to tusen årig tolking av Det nye testamentet. Skal dette synet bli heimlaus i vår kyrkje?

Kyrkjerettslege tilpassingar

Det viktigaste bidraget til fred i vår kyrkje i dag synest å vera at me samstemte er viljuge til å lyde på Skrifta, gå tilbake til kjeldene - "ad fontes". Då kan ikkje det verta ulovleg som me skal få lov til å tru har vore lovleg i to tusen år. Og det må føre til at det vert laga til ordningar og kyrkjerettslege tilpassingar som gjev dei ortodokse full fridom til å tenestegjera over alt i vår kyrkje, og at dei kan nyte godt av den tenesta som trengst for at ei åndeleg teneste kan skje på rett vis: eit tilsynsembete på bibelsk og tradisjonsbunden grunn. Dette tilsynsembete må springe ut av det bibelsk legitimerte behov for at det overleverte oppdraget kan fullførast. Det må difor vera "sui generis", ortodoks og bibeltru i sitt opphav og gjennomføring, ikkje som ei delegering frå nyordninga innom kyrkja.

"Det viktigaste bidraget til fred i vår kyrkje i dag synest å vera at me samstemte er viljuge til å lyde på Skrifta, gå tilbake til kjeldene."

Ver snille då, de som styrer med kyrkja i dag! For dette er noko de må kunne forsvare på domedag: Gje rom og arbeidsvilkår til Herrens trugne tenarar.

Bibelsk kvinneteneste

Det neste som med stigande styrkje melder seg for oss i kyrkja og kallar både på vår evangeliske iver og ihuge og på vår omsorg og fredsvilje, er at ei bibelsk kvinneteneste i det minste må skisserast og haldast fram for kyrkje og kristenfolk som noko som både er påkrevd og fredskapande (endå striden vel vil halda fram inntil me går inn i den triumferande kyrkja).

Kjempe og ære

Ein framståande embetsmann i vår kyrkje så for nokre år sidan at han meinte at det var på tide at dei ansvarlege tok seg meir av dei konservative i vår kyrkje. Ja, gje det var så vel! For truskapen må både kjempast for og ærast: truskapen mot det som er motteke og skal leverast vidare. Dette er kyrkja si oppgåve til Jesus kjem att.