Frelse i religionane?

07.10.2024
Rolf Kjøde
Aktuell kommentar Pave Frans Religion Religionsteologi Misjon Misjonsforståelse Mangfold Pluralisme Bibelen Bibelforståelse

Aktuelt

Rolf Kjøde

Pave Frans har vore ein meister i dobbel kommunikasjon. Vestlege media har gjerne komemed store oppslag om «liberale» paveutsegner både i spørsmål om seksuelt samliv og omforholdet til religionane. Straks etter har nokon frå katolsk hald peika på at han eigentleg sadet litt annleis enn slik det kom fram på engelsk – eller norsk. Slik vi såg det sist i uttalen omat «alle religionar er vegar til Gud».

Likevel er det fullt mulig å sjå eit mønster i pavens konsekvent aukande anerkjenning avreligionane som sanne uttrykk for åndeleg liv. Når Espen Ottosen i ein god kommentar 23.september skriv at pave Frans sine haldningar har solid forankring i Det andrevatikankonsilet, er det rett. Samtidig er det openbert han tar dette lengre enn forgjengarane.La meg vise dette med nokre eksempel, men først litt kort om den opninga mot andre truandei Vatikan II. Det gav den mektige gamle kyrkja eit meir audmjukt ansikt, noko som blei tattvel i mot i mange andre kyrkjer og har ført til eit meir ope økumenisk klima. Når denneopninga skal vurderast, må det også seiast at konsilet på 1960-talet på tilsvarande vis opnaforholdet til ikkje-kristen religion.

I botnen av dette er ikkje den katolske sjølvforståinga av å vere Kyrkja med stor K endra. Deter vi andre, kristne kyrkjer og ikkje-kristne religionar, som på ein annan måte enn tidlegarevelvillig blir anerkjent som nærare relaterte til kyrkja sin einskap under pavens apostoliske ogallmenne embete.

Den populære Johannes Paul II leia kyrkja i samsvar med dette. I 1986 kalla han samanreligiøse leiarar frå hele verda til bøn i Assisi i samband med FNs internasjonale år for fred.Sjølv om det er all grunn til å vere kritisk mot ei slikt tiltak som religionsblanding, utførteikkje religionane direkte felles bøn i Assisi. Kvar gruppering utførte bøn og andre handlingar isamsvar med sine tradisjonar. Parallelt, men ikkje saman. Det var også mønsteret for dei andreverdsdagane for bøn om fred som han, og seinare Benedikt XVI, kalla saman til.

Handlinga var radikal nok, og paven møtte mykje intern katolsk kritikk då han ved eit seinarehøve kyssa Koranen som ei heilag bok under eit besøk i ein muslimsk kontekst. På den andresida greip Johannes Paul II tydeleg tilbake til klassiske teologiske kategoriar som frelse vedJesus aleine og det primære kyrkjelege misjonskallet til å forkynne denne frelsa for alle folkdå han i 1990 skreiv om forsoninga sin misjon. Det er eit fokus som har vore særleg viktig forei klassisk eksklusiv forståing av kristen tru opp mot religionane.

Pave Benedict XVI er blitt forstått som mindre open enn Johannes Paul, særleg på bakgrunnav forelesinga han heldt i Regensburg i 2006. Den tok mellom anna opp kritikk som har voreretta mot islams grunnleggar Muhammed og om forholdet mellom Bibelen og Koranen. Detblei ståande litt ope i kva grad paven slutta seg til det han refererte, men reaksjonane teiknauansett eit urettvist bilde av ein islam-fiendtleg pave.

Om vi går til den noverande paven, ser vi eit nyansert anna bilde. Som dei to andre, erutgangspunktet hans den inkluderande tenkinga om religionane som har rådd grunnen i kyrkjahans i 60 år. Samtidig har han ei retning bort frå teologiske restriksjonar. Då han kalla saman itil ny bønesamling for fred i 2021 i Romas Colosseum, samla han deltakarane i felles bøn,altså ulikt det forgjengarane hadde gjort med parallell bøn. Skilnaden treng ikkje vere veldigstor, men slik blir religionsblandinga legitimert gjennom felles trusutøving.

I lys av pave Frans sitt mønster av å ville opne opp i ulike retningar, er ikkje detteoverraskande. I 2019 uttalte han saman med storimamen ved Al-Azar-universitetet atreligionsmangfaldet er «villa i Guds visdom», at islam og kristendom har «eit stort rom avfelles åndelege verdiar», og at muslimar og kristne ved trua på Gud er søsken. Kva Gud dettegjeld, er høgst uklart. Den kristne trua på den treeine Gud og tilbedinga av Jesus Kristus måkvar muslim rekne som blasfemi. Kva rom gir det for åndeleg søskenforhold? Og kan vi veresøsken når islam reknar det som utilbørleg å kalle på Allah som Far?

Den sjølvsagte konsekvensen av pave Frans sine haldningar er at vi ikkje skal drive misjonblant muslimar. Han slo fast i 2019 at «omvending er ikkje vårt oppdrag» i møte medmuslimar, noko han gjentok i møte med muslimske leiarar i Italia no i 2024. Grunngjevingaer: Vi tilber allereie den same Gud.

Sjølv om pave Frans prinsipielt ikkje viker mykje av frå dei to pavane før han, fører han i praksis katolisismen i ei meir religionsinkluderande retning.

Ei slik utvikling er ikkje Den katolske kyrkja aleine om. Kyrkjeverdsrådet (KV) har lenge hatteit tyngdepunkt i ein inkluderande religionsteologi. Ein viktig uttale om dette kom i 1989, derdei ganske varsamt samla seg om å seie at «vi ikkje kan peike på nokon annan veg til frelseenn Jesus Kristus; samtidig kan vi ikkje sette grenser for Guds frelsande kraft».

I KV sitt gjeldande misjonsdokument frå 2013, «Saman på veg mot livet», er dette vesentlegmeir radikalt. Dokumentet seier ingenting om det eineståande nødvendige ved Jesu frelse.Framand religiøsitet blir kalla «livgivande spiritualitet», og «dei andre», som ikkje delerkristen tru, er «partnarar i, ikkje objekt for, misjon». I ein forskingsstudie (2017) konkluderereg med at den inklusive haldninga til religionane i KV no opnar seg mot det pluralistiske.

Pave Frans i all sin dobbelkommunikasjon kan mistenkast for noko av det same. Han nøyerseg ikkje med Karl Rahners litt arrogante men forsiktige opning for at det finns «anonymekristne» i religionane. Kimen til det læremessig alvorlege avviket hos Frans ligg like fullt iden katolske og økumeniske inkluderinga av religionane i Guds frelseshushaldning.

På sett og vis skal vi vere glade for at han demonstrerer kva dramatiske konsekvensar dennegrunntenkinga får, ikkje minst for forståing og nedskalering av Jesu kall til evangelisering ogmisjon til alle folk. Vi treng kyrkjer og økumenikk med ei klargjort bibelsk forankring omkristen tru, religion og misjon, slik vi heldigvis har det i Lausanne-rørsla.

Rolf Kjøde

(Tidlegare publisert i Dagen)