Guds ekklesia

23.04.2025
Gunstein Innvær
Aktuell kommentar Ekklesiologi Menighet Misjon Guds folk Tro og liv Troslære

Aktuelt

Gunstein Innvær

Gud har berre éi forsamling, men kva er det?

Paulus, som etter Guds vilje er kalla til Kristi Jesu apostel, og bror vår Sostenes helsar Guds forsamling (ekklesia) i Korint, de som er helga i Kristus Jesus og kalla til å vera heilage saman med alle som kvar på sin stad påkallar vår Herre Jesu Kristi namn – han som er deira og vår Herre. 1 Kor 1,1-2

Kva er ei forsamling?

Det greske ordet "ekklesia" er eit ord som på bokmål i 1930 og 1988 stort sett er omsett til "menighet". På nynorsk er det ikkje tillate å bruka ordet menighet og her har det utvikla seg ein tradisjon for å veksla mellom "forsamling" og "kyrkje" i omsetjing. 2011-omsetjinga til bokmål følgjer i same leia som nynorsken.

Ordet ekklesia er brukt 114 gonger i NT. Det er sett saman av ein preposisjon "ek", som tyder "ut" og eit verb, "kaleå", som tyder "å kalla". I vanleg kvardagsleg og sekulær bruk var dette ordet brukt om ei jamleg samankalla lovgjevande forsamling i det greske samfunn. Folk vart altså kalla ut til ein stad for å drøfta sakar og vedta lover.

Merk at ekklesia er ei samling av folk som blir kalla saman. I Guds ekklesia er det Gud som kallar. Dette er tydeleg ut frå 1 Kor 1,1-2. I desse versa helsar Paulus, som er kalla av Gud, til Guds ut-kalling (ekklesia) i Korint, dei som er kalla av Gud til å vera heilage. Her er det altså litt kalling ute å går. Merk at den einaste kallinga som er gjord av menneske i denne teksten er påkallinga som alle dei heilage driv på med på kvar sin stad. Poenget eg vil ha fram er at forsamlinga i Korint er ei gruppe med folk som har blitt kalla. Dette er viktig for forståinga av ordet ekklesia. Guds forsamling er ikkje ei gruppe med kristne som samlar seg saman. Guds forsamling er ei gruppe med folk som Gud samlar saman til seg. Gud er den som kallar. Dette er ein av dei mest grunnleggjande tankane for korleis ein bør forstå forsamlinga, både lokalt òg universalt.

Eit universalt perspektiv

Ekklesia er som sagt sett saman av "ut" og "å kalla". Denne utkallinga er alle kristne ein del av. Jesus seier til læresveinane sine i Johannes 15,19 at han har valt dei ut av verda. Med andre ord har han kalla dei ut av verda. Forsamlinga, Guds ekklesia, er Guds utval av folk. Eit folk han har kalla ut av verda.

Ein er faktisk ikkje ein kristen om ein ikkje er ein del av Guds forsamling. Jesus seier at "ingen kan koma til meg utan at Far som sende meg, dreg han" (Joh 6,44). Alle menneske er altså avhengig av at Gud sjølv dreg dei inn i fellesskap med Jesus så dei kan bli frelste. Når ein så har blitt ein del av dette fellesskapet med Jesus, så har ein blitt ein del av Kristi kropp, som er forsamlinga (Ef 5,23). Dette er grunnen til at eg kallar dette perspektivet for "universalt". Alle kristne i heile verda er nemleg ein del av den same kroppen, den same forsamlinga. Alle har blitt kalla av Gud inn til fellesskap med seg.

Eit lokalt perspektiv

Det har seg slik at Kristi kropp òg har noko lokalt over seg, som ein kan sjå i 1 Kor 1,1-2. Paulus helsar forsamlinga i Korint. Denne forsamlinga er kalla til å vera heilage saman med alle som på kvar sin stad påkallar Herrens namn. Guds ekklesia er nemleg ikkje berre ei abstrakt åndeleg røynd. Forsamlinga er òg ei heilt konkret samling av Guds heilage på ein konkret fysisk stad. Her gjeld det same som med det universale perspektivet: Det er Gud som kallar dei heilage saman. Den lokale forsamlinga er Jesu påfunn. Han kallar oss saman fordi han vil gje oss av sine gåver. Det er Jesus som talar til dei samla. Det er Jesus som gjev sin kropp og sitt blod til forlating for syndene. Det er dei samla som responderer med takk, lovsong, påkalling og bøn.

Eit samla perspektiv

Guds ekklesia er altså éi samling av folk som Gud har samla saman over heile verda. Likevel samlar han desse folka stadig saman for å gje dei sine gåver. Dette skjer på mange forskjellige stader, til forskjellige tider. Likevel er desse forskjellige forsamlingane bundne saman i kallet til å vera heilage. Alle forsamlingar som på kvar sin stad kallar på Herrens namn er alle del av den eine Guds forsamling.

Gud har éi ekklesia

Gud har berre éi forsamling. Denne forsamlinga er Kristi kropp, og Kristus er ikkje delt. Dette er eit poeng som Paulus gjer i 1 Kor 1,10-13. Ein kan undra seg på korleis han ville reagert på dagens konfesjonelle inndelingar. Er det slik at han ville rosa det fordi dei i det minste var "nært knytte saman, i same syn og same tanke" (v.10)? Eller ville han ha kritisert oss fordi nokre seier "eg held meg til paven", medan andre seier: "til Luther", "til Calvin", eller "til Kristus"? Dette er for meg ein stor skam for kristenheita. Me er ikkje "nært knytte saman, i same syn og same tanke". Mykje betre blir det vel ikkje om ein berre legg skjul på usemja heller. Ein blir ikkje meir knytte saman i syn og tanke då. Det einaste eg kan trøysta meg med er at Kristus faktisk ikkje er delt. Det finst berre éi forsamling av dei heilage. Sjølv om det ikkje ser slik ut. Det er eit stort bøneemne å be om sann einskap i mellom kristne på jorda.

Gunstein Innvær, teologistudent

(Tidlegare publisert i Fast Grunn nr. 1/2024)