Om kort tid er det som kjent Sunniva Gylver som skal aksla bispekåpa i hovudstaden. For mange var det både overraskande og forfriskande at det var rom for eit såpass uregelrett verb ved bispemøtets bord.
Pinsevenleg
Gylver har merka seg ut på mange vis. Konservative har truleg sett hennar rolle i det pinsevenlege Pluss-ord som eit døme på at vi her får ein biskop som ber med meir kjennskap og nærleik til tradisjonelt orienterte miljø i kyrkjelandskapet og teologien enn vanleg.
Spørsmålet Dagen stilte henne i eit nyleg intervju, om konservative prestars kår på hennar vakt i ei kyrkje med «to syn» på ekteskapet, er eit spørsmål som for Gylvers bispedøme Oslo, grensar mot det teoretiske.
Kyrkja sin sentrale kommunikasjon har gjort sitt til at «to syn» på kort tid har blitt til eitt. Særleg i sentrale strok er det forsvinnande få geistlege som heilhjarta profilerer det tradisjonelle synet på ekteskap som ei livslang pakt mellom ein mann og ei kvinne.
Truverd og tillit
Svaret til Gylver på korleis ho vil møta desse, gøymer dermed ingen brannfakkel. Få kan vera i tvil om at Gylver er ei som evnar å møta alle slags folk og syn på ein god og venleg måte. Ho er ein av dei kyrkjeprofilane som verkeleg har lukkast med å nå ut til det breie laget av folket, og har gitt mange av oss ei kjensle av at vi kjenner henne.
Ettersom ho sjølv har gjort seg sårbar og sleppt offentleg lys inn på sår og sorg i eige liv, står ho fram med truverd og tillit i saker som gjeld det mellommenneskelege.
Teologi som teori
Svaret hennar på spørsmålet om korleis ho vil røkta dei konservative prestane som enno måtte finnast, er likevel verdt å merka seg. På tidstypisk vis speler det «livet sjølv» ut mot teologien.
«(...) jeg kommer til å forvente mer imøtekommenhet av dem som behandler det som et rent teologisk spørsmål, enn av de som står i det med sin legning, sin partner og sitt liv», seier Gylver som respons til korleis ho vil ivareta eventuelle konservative prestar i sitt bispedømme.
Utsegna kjem i ein spesifikk kontekst. Likevel har det langt meir vidtrekkande implikasjonar enn berre for spørsmålet om likekjønna vigsel.
Premissen for måten å svara på er følgjande: Teologi er noko teoretisk. Livet er det vi må lytta til, først og fremst.
«Livet» blir her eit uttrykk for noko genuint og eigentleg. Opp mot dette blir teologien berre eit slags tillegg. Noko ein må vurdera ut frå kva behov og perspektiv som teiknar seg av når eit menneske granskar sitt eige liv.
Faktorane sin orden
I staden for å starta med Bibelens ord og Guds visjon for livet, blir faktorane bytt om. Det særkristne perspektivet, at menneske treng å bøyast og vendast om, vik umerkeleg bak tankegangen at bibelske perspektiv kan vera ei hjelp og støtte for det mennesket opplever som viktig.
Ein slik måte å sjå teologien på, er naturlegvis innarbeidd gjennom at vi har fått teologi som fag, teoretisert gjennom akademia, og jamstilt med andre akademiske disiplinar, slik som psykologi, sosialantropologi, matematikk og juss.
Det er likevel noko djupt tilslørande ved ein slik respons til dei kompliserte livsforteljingane våre. For Gud veit at vi treng korrektiv. Ikkje minst i ei tid der ropet om meir terapi trugar med å fortrengja teologien.
Men å gå så langt i å stadfesta og omfamna alt menneskeleg, forvanskar den aller viktigaste av menneskelege rørsler vis-a-vis Gud. Å få venda om til han.
Falsk premiss?
Den nye biskopen kan sjå ut til å halda seg med ein falsk premiss. Nemleg at kristne som held fast i læra om at ekteskapet er ei pakt for ein mann og ei kvinne, er ei gruppe med manglande førstehandskjennskap som samlande faktor.
Med på lasset blir ein vanleg myte: at det berre er seksuelle minoritetar som strevar og «står i det» som er krevjande. Endå dette er noko allmennmenneskeleg.
Kristne som kjenner forplikting på bibelorda om ekteskapet slik dei står og slik dei har blitt forstått av generasjonar av kristne, kan kanskje ikkje lenger gjera seg håp om å bli møtt med mykje forståing eller velvilje i Noregs største kyrkjesamfunn framover.
Men å framstilla det som om det finst eit miljø i Dnk som behandlar slikt som «et rent teologisk spørsmål»? Det er urimeleg.
Det er ikkje uventa at Gylver, og mange med henne, meiner at dei såkalla konservative har ein teologi som er meir teoretisk enn den meir liberale teologien. Liberalteologi har gitt erfaringar ei opphøgd, ja nærast definerande rolle.
Slik førsteamanuensis Martin Jakobsen ved Ansgar Høyskole peikte på i intervju med Vårt Land i haust, er nettopp vektlegginga av erfaringar ei svært relevant teologisk skiljelinje.
Jakobsens poeng er dessutan at denne faktoren fortel meir enn berre om «syn» på enkeltsaker. Den seier i tillegg meir om «hvordan teologien formes».
Råkar dobbelt
I ei splitta kyrkje blir Gylvers påbod om «mer imøtekommenhet» frå ei bestemt gruppe i overkant lettvint. Først overfor sanningssøkjande soknebarn som oppfattar Bibelens rammer for disippellivet som forpliktande.
Dessutan gjer svaret hennar sjølve teologien ein urett. Det framstiller han som noko livsfjernt og nærast som ein motsats til det verkelege livet. Det er eit perspektiv som kanskje provoserer litt mindre, og dermed fort forsvinn litt.
Men denne stadige teoretiseringa av teologien, som til alt overmål kjem frå teologane sjølv, er ikkje nettopp denne eit døme på at også kyrkja sjølv bidreg til sekulariseringa?
Sofie Braut
(tidlegare publisert i Dagen)