Hellig ditt og hellig datt

09.10.2023
Ottar Mikael Myrseth
Aktuell kommentar Hellig Debatt Ord Bibelen Bibelbruk Kristenliv Kristen tro Kristendomsundervisning Sakramentene Betraktning Helligdom

Aktuelt

Ottar Mikael Myrseth - biskop i Den nordisk-katolske kyrkja

Det var David Åleskjær som sette meg på sporet. I eit debattinnlegg her i avisa til dels raljerer han med bruken av ordet ’hellig’ mellom kristne. Visse former for truspraksis vert mystifisert når vi omtalar personar som heilage, påstår han. I somme tilfelle kan han ha rett.

Men alt vert bakvendtland når det heilage kjem i vanry. Og den heilage apostelen Paulus la ingenting imellom. «Til dei heilage» i ditt og datt by skriv han sine brev. I den gamle pakt var kallet: «Ver heilage, for eg er heilag.» Og Jesus var ikkje mindre brysk: «Ver fullkomne, liksom Far dykkar i himmelen er fullkomen.»

Det vert både farleg og feil når kristne skammar seg for å verte omtala som heilage. Vårt kall er å vere helgenar på jorda. Ikkje i kristne isolat, rettnok. Men midt på torget, på jobben og på kjøkenet. Alle stadar der truande ferdast, skal dåmen av heilagdom merkast.

Skrifta reknar med heilage stadar, heilage gjenstandar, heilage tider og heilage personar. T.o.m. skuggen av apostlane hadde i seg heilag kraft til å lækje. Vi vigslar våre liv til heilagdom når vi går inn i Guds ordningar. I dåpen, i konfirmasjonen, i nattverden, i ekteskapet, i sjukesalvinga, i ordinasjonen vert menneske helga ved guddomeleg handling. Vi vigslar våre gudshus til bygningar sette til side som heilagdomar.

Det er for lite, ikkje for mykje snakk om heilagdom mellom truande idag. Når katolikkar vågar å kalle konkrete menneske helgenar, har frikyrkjelege ei lekse å lære. Og når folkekyrkja vurderer å bruke kyrkjene sine til alle slags formål, må varselklokkene ringe.

Kristen tru bygg ikkje på ein gudsidé, men på eit gudsbilete av den usynlege og heilage, erkjenneleg for menneska av Hans gjerningar. Han har synt oss sitt heilage andlet. Så vi skal sjå og skjøne kven han er.

Jesus omgjekk vanheilage og let kontrasten tale. Kallet var heile tida: «Ver heilage, for eg er heilag.» Det er på tide at dette programmet vert alvor og ikkje harselering.

Det handlar ikkje om rangordning, men om å framheve livsformer som vitnar om Jesus. Martyrane vitna medan dei levde, men vitnemålet deira vart uutsletteleg ved deira død. «Merkjet det stend om mannen han stupe,» heiter det om Heilag-Olav.

’Kor e alle heltar hen?’ vert det spurt med god grunn. Folk treng både heltar og helgenar. Det er ikkje tid for korkje å gøyme bort, teie ned eller å skjemmast over dei heilage. Det gjeld for alle som bed ’Lat namnet ditt helgast.’

Ottar Mikael Myrseth

biskop i Den nordisk-katolske kyrkja

(Publisert i Dagen 06.10.23)