Hyrdar for disippelflokken

01.02.2022
Rolf Kjøde
Aktuell kommentar Kirkesituasjon Kirke Kirketukt Moral Moralisme Skriftord Jesus Jesu lære Rett lære Teologi Formaningene

Aktuelt

Rolf Kjøde

Situasjonen er surrealistisk. I Finland står ein heilt vanleg, klassisk truande kristen politikar og ein biskop for retten for å ha sitert Guds ord offentleg, med tilslutning. Det får vere ei påminning om å be om alminneleg vett og forstand hos domstolar og lovgjevarar både no og framover, og samtidig ruste oss for auka offentleg diskriminering.

Denne kommentaren skal likevel ikkje handle om korleis åndsfridomen på kort tid er blitt sett under sterkt press i dei nordiske landa. Bortsett frå at eg er ein ihuga tilhengar av den åndsfridomstradisjonen som Grundtvig gav oss, og som har stått sterkast i Danmark, er eg ikkje mest uroleg for kva ytre rammevilkår verdslege styresmakter vil gi oss.

«Come what may» - det får kome det som kjem; den som følgjer Jesus, må først og fremst sørge for å stå ved trua og vedkjenninga, i liv og lære. «Salige er de når dei spottar dykk for Kristi namn skuld, for Guds Ande, herlegdomens Ande, kviler over dykk.» (1 Pet 4,14)

Uroa mi gjeld det som skjer med Jesu disiplar når vi merkar i det offentlege rommet at vi er blitt ein mistrudd minoritet. På kort tid har vi erfart korleis truskapen mot den apostolisk overleverte trua i kyrkjene har blitt utfordra, og vi ser kor lite immune nokon kvar er mot «kvart vindpust av ny lære» (Ef 4,14).

Aktuelt utkrystalliserer dette seg i dekonstruksjonen av alt som har med kjønn og samliv og normer for seksualitet å gjere, prega av hedonisme og innbilt moralsk autonomi. Ulykkelege generasjon som blir fortalt at kvar enkelt på eiga hand må finne og definere sin autentiske identitet – i noko så usikkert som kjenslene.

Nåde, dvs «ingen nåde til», den som ikkje gir etter. Så gir vi etter, i tanke og sinn. I staden for å rive ned tankebygningar og alt stort og stolt som reiser seg mot kunnskapen om Gud, og ta kvar tanke til fange i lydnad mot Kristus (2 Kor 10,4f), gir vi opp å tenke kristent – og innbiller oss at vi i lengda likevel kan tru kristent.

Det er berre ikkje slik det fungerer. Dersom kyrkja sitt kall er å kalle til «lydnad i tru» (Rom 1,5), må det alltid begynne med at vi som Jesu disiplar lærer dette – og lever det. Eg har inga tru på at kyrkja – fri eller folkets – på nokon måte skal blande seg i korleis ikkje-kristne lever. «Kva har vel eg med å dømme dei som står utanfor?» (1 Kor 5,12)

Derimot har alle med åndeleg leiaransvar kall til å «ta vare på dykk sjølve og på heile den flokken som Den heilage ande har sett dykk til å vere tilsynsmenn for!» (Apgj 20,28). Derfor trengs eit åndeleg leiarskap i kyrkjer og organisasjonar som vågar å rettleie til disippelskap ut frå den autoriteten som Guds ord har i alt som gjeld tru og liv.

I Bibelens framstilling av pastoral teneste blir hyrdane kalla til å kjempe for flokken. «Forkynn Ordet, stå klar i tide og utide, vis til rette, tal til tukt og tal til trøyst, og gjer alt med tolmodig undervising! For det skal kome ei tid då folk ikkje toler den sunne læra, men etter eige hode tar seg lærarar i hopetal, for dei vil ha det som kilar i øyret. Dei skal vende øyret frå sanninga og halde seg til mytar.» (2 Tim 4,2-4)

Kamp for bibelsk tru og liv vil i nokre samanhengar føre til avskalling. Det er smertefullt, men eit leiarskap som frimodig gir vidare den sunne læra, vernar flokken og gir rom for vekst. «Gi akt på deg sjølv og på læra!» seier Paulus til Timoteus, «Hald fram med det! For gjer du det, skal du frelse både deg sjølv og dei som høyrer deg.» (1 Tim 4,16)

Den norske kyrkja sitt såkalla kompromiss for å sikre livsrom til to motstridande lære om kjønn og samliv har for lengst hamna der det måtte. Dei som skal i «posisjon», må justere seg inn ved å skifte side teologisk eller i det minste seie at den nye læra er jamgod med den klassisk kristne. Seier nokon at seksuelt samliv utanfor ekteskapet mellom mann og kvinne er synd og må føre til omvending, stenger vegane vidare seg.

Kva gjer frikyrkjer og misjonsorganisasjonar når det same kravet om tilpassing pressar på?

Rolf Kjøde

(Publisert i Dagen 290122)