Tor-Bjørn Nordgaard
Hermon Forlag 2024
Hft. 230 sider
Vekkinga som skjedde på Vigeland på Sørlandet fekk etter måten store oppslag i ulike media, både kristne og profane. Det heile var nokså uvanleg, i alle fall i vår tid, og det var nokså omfattande. No har denne vekkinga fått si bok, og det er naturleg og bra.
Det heile starta forsiktig i hausten 2022 og slutta medan det var på topp eit lite år seinare, men ringverknadene slutta ikkje med det. Det har vore mange og stor vekkingar her i landet, og mange har vore mykje større enn denne med tanke på kor mange som vart frelste, særleg om vi tenkjer det geografiske området det skjedde på. Går vi tilbake til starten av 1900-talet var vekkingane voldsomme og landsomfattande. Seinare har det også vore store vekkingar, men svært lite i den siste generasjon.
Mykje av det som kjenneteiknar vekking generelt, finn vi att også i Vigeland-vekkinga, men denne vekkinga har også sine bestemte særpreg, som det er grunn til å merka seg. Det som skjer i alle vekkingar, er at Guds folk vert vekte til meir medvite gudsliv og vitneteneste, og det skjer oppgjer mellom Guds folk. Slik var det også her. Det same gjeld at mange overgjev seg til Gud og vert frelste på relativt kort tid. Før skjedde det også på eit svært avgrensa geografisk område, men vekkinga gjekk frå bygd til bygd. Ved dagens kommunikasjonsmiddel og gjerne også radio og fjernsyn, omfattar vekkinga ofte eit større område. Folk frå ulike stader kjem saman, vert fornya og folk vert frelste, men då er det ikkje så mange nye i den lokale forsamlinga etter vekkinga, som det var før. På Vigeland er likevel verksemda og oppmøtet på bedehuset no mykje større enn før vekkinga. Det same gjeld for Betania, som tilhøyrer De frie Evangeliske Forsamlinger.
Noko av det spesielle ved denne vekkinga er at predikanten, Arthur Robertsen, eigentleg ikkje var predikant, i alle fall ikkje ein omreisande evangelist. Han var ein «vanleg mann» som nok meir var songar enn talar. Han hadde kristen vedkjenning, men opplevde eit spesielt møte med Gud og med det ei radikal fornying. Det førte til at han etterlyste kor «gnisten» i kristenlivet var. Han opplevde det som ein «tiltale» frå Gud, og i den var også at det skulle skje noko på Vigeland. På bedehuset her hadde det vore stor aktivitet tidlegare, men no var det lite og på vanlege møte var det gjerne 10-15 menneske, og lite optimisme.
Robertsen sa ja til å delta på eit møte med song og tale, og det kom 50 menneske. Han formidla det Gud hadde møtt han med, og det tok forsamlinga imot. Det førte til at dei bestemte seg for å arrangera ei møtehelg, og bedehuset vart nesten fullt, og med det var det i gang. Bedehuset vart for lite, og dei flytte til Betania og så til idrettshallen med 1800 menneske til stades, i alle aldrar og frå mange stader.
Samanlikna med andre vekkinga både starta og heldt det fram på uvanleg måte. Ei vekking startar vanlegvis ved ein møteaksjon på ei veke eller to veker, men her starta det med eitt møte og ei møtehelg. Når vekkinga har starta, går det gjerne omtrent i eitt med møte framover. Her skjedde det ved enkelte møtehelger med kortare og lengre mellomrom, og det var berre bestemt ei helg om gongen.
Totalt var det berre ni møtehelger og 27 møte over nesten eitt år, og på laurdagane var det stort sett vitnemøte. Historisk sett er dette svært få møte samanlikna med oppmøtet og resultatet. Dessutan var lite av møta planlagt på førehand. Det einaste sikre var at det møtet starta kl 19.00, og at det ville vera song, bønn, forkynning og gjerne vitnemål og forbønn – etter som Anden leia og det la seg til rette.
Som ved dei fleste vekkingar var opplegget enkelt, med tradisjonelle bedehussongar, som folk trudde var utgått på dato, og ved ei enkel evangelisk forkynning med utfordring og innbyding. Det var særleg eit siktemål å vekka Guds folk. Mange deltok aktivt med song, forbønn og praktiske oppgåver. Det vart sagt at parkeringsvaktene var like viktige som predikanten, fordi det var avgjerande at folk vart tekne godt imot og fekk gode samtalar. Dei personlege vitnemåla hadde stor plass og hadde stor verknad, som ofte ved vekkingar. Det var mykje bønn, som nesten alltid ved vekking, og mange av dei som «kom med», var «bønnebarn». Det som nok var sterkare her enn det ofte har vore på bedehuset, var vekta på teikn og under, og mange vitne om helbreding eller anna hjelp.
Det var stor vekt på forbønn, og køane for å verta bedne for, kunne vera lange. Talen kunne også vera opp i ein time, og det var mykje song. Møta vart difor lange, og folk kom lenge før møtet byrja for å få plass. Mange kom også på bønnemøta. Dei som kom til forbønn, vart fylgde opp så langt som mogleg. Leiarane er sikre på at minst 50 menneske vart frelste, og at mange vart fornya og helbreda. Det kom inn ca kr 1.2 mill kroner som vart gjevne til ulike kristne samanhengar.
Det som også var særmerkt, var at kristne frå ulike samanhengar stod saman, og det var sterkt samhald og einskap, delvis på tvers av konfesjonelle grenser. Dei som var aktivt med i vekkinga var «åndeleg rause». Som Arthur Robertsen hadde ei sterk åndeleg oppleving i forkant av vekkinga, opplevde han og andre sterk åndskamp undervegs, og til sist hadde han ei sterk åndsoppleving som gjorde han var sikker på at møta i Lindesneshallen skulle slutta, og «gnisten» derifrå skulle brenna vidare ut over. Andre meinte dei burde halda fram, men det vart slutt nett då mest folk var samla.
Denne boka fortel på ein enkel og inspirerande måte om det som skjedde, både før og under vekkinga, og delvis etterpå. Vi får også møta fleire som vart kristne eller helbreda, og då omtrent eitt år etter det skjedde. Boka er eit godt journalistisk arbeid og framstillinga er i stor grad eit vitnemål om det som skjedde. Vi får nokre glimt av forkynninga og innhaldet i songane, men her er lite og ikkje av djupare teologisk refleksjon, korkje av forkynninga eller kva læremessige utfordringar som ligg i det å stå saman på tross av ulikt åndeleg syn. Rett nok er det på slutten nokre refleksjonar rundt dette, men boka er i hovudsak eit vitnemål om det som skjedde og ei form for dokumentasjon, og ho må lesast med det som premiss. Boka inneheld ein del QR-koder, som gjer at ein kan få glimt frå møta og intervju med dei som stod i spissen og andre.
For meg har det vore både interessant og inspirerande å lesa boka. Eg hadde jo lese om denne vekkinga mange gonger, men eg fekk eit nytt og sterkare inntrykk ved denne boka. Vigeland-vekkinga viser at det kan skje vekking også i våre dagar, og at det kan skje der det synest å vera minst grunnlag for det og med enkle middel. Der «gnisten» er, og der Guds ord vert forkynt som lov og evangelium til fornying og nytt liv, kan det skje.
Johannes Kleppa