Jesu atterkome og trengselstida

30.07.2023
Johannes Kleppa
Bokomtale Endetid Tusenårsrike Jødene Jødemisjon Jødeforfølgelse Antisemittisme

Bokanmeldelse

Leif S. Jacobsen - Jesus kommer igjen

Leif S. Jacobsen

Jesus kommer igjen

Bibelens lære om endetiden og Jesu gjenkomst

Hermon forlag 2023

Hft. 222 sider

Eg har lese ein del bøker om endetida og Jesu atterkome, og nokre gonger synest eg det vert nokså spesielt og lite seriøst. Til tider er det vanskeleg å melda denne typen bøker, fordi ein ofte er usamd med forfattaren. Bokmeldingar skal ikkje drøfta ulike syn i større grad, men boka og måten syna er presenterte på, men ein kjem ikkje bort frå at eige syn spelar inn.

Denne boka er på fleire måtar spesiell, og slik sett er ho både lett og vanskeleg å melda. Ho er lett å melda fordi Leif S. Jacobsen har mykje kunnskap om temaet, og han skriv seriøst og bibelforplikta. Ho er vanskeleg å melda fordi eg er nokså usamd på ein del punkt, og det har rimeleg omfattande konsekvensar. Det impliserer bibelbruken og bibeltolkinga. Det vil føra for vidt å gå grundig inn på dette i ei bokmelding, så det vert berre med nokre glimt.

Boka sin styrke er at ho presenterer det som har med endetida og Jesu atterkome å gjera i relativt stor breidde. Det betyr at ulike oppfatningar på dei forskjellige punkta vert presenterte, og argumentasjonen vert kortfatta referert, og det er stort sett saksvarande. Forfattaren presenterer så sitt syn, og argumenterer relativt omfattande for det, inkludert argumentasjon mot andre syn. Også dette er rimeleg greit. På denne måten får ein etter måten mykje kunnskap og ei forholdsvis brei innføring i problematikken, men det står altså i ramma av forfatteren sitt syn, naturleg nok.

Jacobsen legg stor vekt på at han ikkje tolkar tekstane symbolsk, men bokstaveleg. Nokre gonger får ein inntrykk av at hans tolking er den einast moglege ut frå ei slik haldning til Bibelen, men det er ei overtolking. Også eg legg vinn på ei bokstaveleg eller litterær tolking av Skrifta, men eg kjem til tider til anna resultat enn Jacobsen, og då ikkje alltid så konkret og detaljert.

I endetidssynet er det to hovudsyn. Det ein ser tida frå Jesu himmelfart til hans atterkome under eitt, utan ei spesiell trengselstid med bortrykking og eit påfylgjande tusenårsriket. Dette avviser Jacobsen, og eg er samd med han i det. Det andre reknar med ei trengselstid med Jesu første atterkome og bortrykking, og så eit tusenårsrike på denne jorda der Israel har ein spesiell plass. Spørsmålet er om bortrykkinga skjer før eller etter den store trengsla, og med det kven som skal gjennom denne. Jacobsen meiner bortrykkinga for kyrkja (menigheten) skjer før den store trengsla, og at denne er noko Israel eller det jødiske folket må gjennom. Eg trur alle, inkludert kyrkja, skal gjennom trengsla.

Jacobsen legg stor vekt på tidshushaldningslæra, sjølv om han brukar denne i moderert form. Med det skil han sterkt mellom Israel og kyrkja. Også her er eg usamd, og det er fullt mogleg å leggja vekt på lovnadene til Israel utan å tenkja tidshushandlingar. Tidshushaldningslæra og bortrykking før den store trengsla får konsekvensar for tolkinga av mange tekstavsnitt, men særleg for tolkinga av Johannes openberring. Det meste av denne boka (kap. 4-19) vert i realiteten berre aktuelt for Israel. Jacobsen har ein relativt grundig gjennomgang av Openberringsboka, men eg opplever det som ein reduksjon av bokas innhald og aktualitet, særleg med tanke på boka som trøystebok for Guds folk.

Som sagt, dette dreier seg om ei seriøs og grundig framstilling, og slik sett er det nesten upassande å reisa for mange innvendingar, men litt til ettertanke tek eg likevel med. Tolkinga og endetidslæra vert så spesifikk og detaljert at eg rett og slett har problem med å hengja med og få tak i alle nyansane. Nokre gonger synest eg tolkingane og argumentasjonen er overflatisk og tilfeldig, sjølv om den meiner seg å vera bokstaveleg. Er verkeleg ein viktig del av openberringa som er retta til alt Guds folk, så vanskeleg tilgjengeleg at ein må vera ekspert på endetida for å forstå sentrale element?

Johannes Morken påpeika ei problemstilling i Dagen for litt sidan, som også eg har tenkt på, når det gjeld at Israel skal gjennom den store trengsla, men ikkje kyrkja. Når det jødiske folket skal gjennom dom, vreide og reisning, som kyrkja slepp, kan det lett gå Saman med ein antisemittisk argumentasjon frå kyrkja si side om straff for at «jødane drap Jesus». Eg seier ikkje at Jacobsen eller andre som står for hans syn, står for antisemittisme – tvert imot, men at ein bør tenkja gjennom synet og argumentasjonen i dette perspektivet. Kristne som står for tidshushaldningslære, er generelt svært jøde- og israelvennlege. Samstundes er synet deira teologisk og pedagogisk utfordrande når gjeld å nå jødar med evangeliet, ved at jødane fordi dei er jødar, må gjennom ei trengsle som kristne slepp.

Det er mange element og detaljar som kunne vore drøfta, både med tanke på trengsla, bortrykkinga, tusenårsriket og den nye jorda, men det får liggja i denne samanhengen. Dei elementa eg har nemnt, er ikkje meinte som underkjenning av det arbeidet Leif S. Jacobsen har gjort, men som uttrykk for at det er mogleg med ulike tolkingar ut får same haldninga til Bibelen som Guds ord. Eg tek oppatt at dette er eit seriøst arbeid, sjølv om eg tvilar på at folk som står for anna syn vert overtydde. Dei som er samde med Jacobsen, vil derimot oppleva stadfesing på sitt syn. I boka er det fleire som uttalar seg om boka i svært positve ordelag, men så lang eg kan sjå, står alle for tidshushaldningslære og bortrykking før den store trengsla. Litteraturlista avspeglar det same.

Johannes Kleppa

(Tidlegere publisert i Dagen)