Jesus i Jobs bok

21.09.2023
Johannes Kleppa
Bokomtale Jesus Typologisk Reformert Forfatter Kalvinisme Lidelse Bibellesning Bibeltekster Bibelbruk Bibelen

Bokanmeldelse

Skyggen av Jesus i Jobs bok, C. J. Williams

C. J. Williams

Skyggen av Jesus i Jobs bok

Ebmedia 2022

Hft. 138 side

Etter si oppstode underviste Jesus dei såkalla «emmausvandrarane» om si liding, sin død og si oppstode, og det gjorde han ut frå dei ulike skriftene i Det gamle testamentet. Alle Skriftene talar altså om Jesus, og då gjer også Jobs bok det. Spørsmålet er korleis dette skjer og korleis Jesus møter oss i dei ulike bøkene i Bibelen.

Job seier at hans «utløysar» lever, og at han har eit «vitne» eller ein «talsmann» i himmelen. Det må vera Jesus, Herrens tenar eller Messias. Her er det tydeleg at Jesus er i Jobs bok, men er det alt? Denne boka hevdar at Job er eit føredøme eller ein type på Jesus, som ein skugge av det som skulle koma. Vi kallar denne måten å lesa Det gamle testamentet på for «typologisk». Nokre gonger, slik som med Melkisedek, finn vi ein slik lesemåte i NT. Andre gonger brukar ikkje Bibelen typologi direkte, men det har vore vanleg å forstå personar som førebilete på Jesus, kanskje særleg Josef. Nokre har også forstått Job slik, men det har ikkje vore den vanelege tolkinga av Jobs bok.

C. J. Williams er professor i GT ved eit reformert teologisk seminar og pastor i ei presbyteriansk kyrkje. Han er altså det vi kallar kalvinist, utan at det pregar framstillinga. Det måtte i så fall vera hans bibelforplikting. Han seier ikkje den typologiske lesemåten av Jobs bok er den einaste måten å forstå boka på, men han meiner dette er hovudsaka med boka. Det er eg ikkje sikker på at han har rett i.

Problemet med typologiske bibeltolking er at ein står i fare for å snevra inn bodskapen i dei bibelske bøkene. Det som det typologiske forkynner oss, finn vi jo i klartekst i andre delar av Skrifta. Det er faktisk ein føresetnad for den typologiske tolkinga. Vert ein einsidig Kristus-orientert i lesinga av GT, kan mykje stoff om Guds handlemåte, om livet og samfunnet, falla ut. Det vil vera til skade, særleg med tanke på Gud som Skaparen og historia sin Herre. Samstundes er «Kristus i GT» hovudperspektivet på denne delen av Guds ord.

Sjølv har eg både undervist i og forkynt frå Jobs bok mange gonger, men eg har gjort det ut frå spørsmålet om liding og kva lidinga skuldast, og ut frå Guds suverenitet og handlemåte. For meg var mykje i denne boka nye perspektiv og lesemåtar. Det er påfallande mykje ved Jobs person og liv som svarar til Jesu person og liv, berre at det vert på eit høgare og meir absolutt nivå hjå Jesus. Dette er altså det særmerkte ved typologisk bibeltolking.

Som Jesus er Job eineståande, det var ingen før han og det kom ingen etter han. Som Jesus var Job rettferdig, han lei urettferdig, han vart anklaga av djevelen, han vart spotta og anklaga av urettferdige menneske og til sist vart han forbedar for og til velsigning for sine motstandarar. Det eg synest vert svakt i den typologiske tolkinga, er forholdet mellom Jobs oppreisning og Jesu oppstode. Her synest eg utlegginga til tider vert overflatisk og kunstig, og med det fell ein bærebjelke ut av den typologiske tolkinga.

Eg vil nok heller bruka Job og livet hans som ein illustrasjon med tanke på Jesus og hans gjerning, enn ei direkte tolking eller utlegging av teksten. Eg synest altså den typologiske tolkinga til tider er ei overtolking, men her er likevel mykje oppbyggeleg stoff. Dette er ei lærerik, interessant og tankevekkande bok, sjølv om eg ikkje har vorte overtydd om at det typologiske er hovudsaka med Jobs bok – slik at eg nok kjem til å undervisa og forkynna omtrent som eg har gjort før, men eg kjem til å dra inn det typologiske perspektivet til oppbygging.

Johannes Kleppa

(Tidlegare publisert i Dagen)