Kall til livslang teneste.

20.04.2005
Ukjent forfatter
(Ressurser)

Sentralstyret i FBB har drøfta ordinasjonen til prestetenesta i vår kyrkje på bakgrunn av ein aukande tendens til at prestar forlet embetet for å gå over i verdslege yrke. På prinsipielt grunnlag ynskjer me då å uttale:

Ordinasjonen er ei tilkjennegiving frå Guds side at Han tek nokon ut frå sin verdslege samanhang for å bruka han til sitt serskilte oppdrag: Å føra mennesket mot sitt evige mål.

Dette kallet vert formidla offentleg ved kyrkja (forsamlinga av dei heilage) gjennom biskopen.

Kallet kjenner ikkje til noko avgrensing i tid ut frå menneskelege grunnar, for Gud angrar ikkje på sitt kall og sine nådegåver (Rom. 11, 29).

Berre utføringa av tenesta kan få ulike former eller hindrast i det ytre ved sjukdom, alder, forfylgjinger etc.

Når kallet har vorte offentleg, er tenesta det óg. Og ho vert bestemt ut frå det saklege innhaldet i ordinasjonsritualet. Å gå over fra denne tenesta til eit verdsleg yrke - som me serleg i luthersk samanhang veit å verdsetja så høgt i og for seg som ei Guds ordning - inneber eit prinsipielt brot med kyrkja sitt livslange kall og krev difor i det minste ei ansvarleg sjelesyrgjerisk drøfting og ei form for kyrkjeleg godkjenning. Eit Guds kall som kyrkja har vitna om og formidla ved den offentlege ordinasjon, kan ho ikkje gå ifrå uten vidare, men må ta opp som hennar problem og ansvar.

Guds ord legg stor vekt på truskapen og ser all teneste under den synsvinkelen at ein held ut (Mt 24,45: 25, 21; Luk 12, 42; Apgj 20, 24; 1Kor 4,2; 7,25; Efes 6,21; Kol 1,7; 1Tim 1,12; 1 Pet 5,4; Openb 2,10). Og me trur at ein ikkje kan nøye seg med å visa til den indre, subjektive truskap ein kan og skal ha under ulike kår, men at Guds ord legg oss på hjarta at det kallet me har teke imot offentleg, skal fyllast i ei tilsvarande offentleg teneste. Dette kallet står og ved lag om ein sviktar det, slik Jesu læresveinar gjorde det. Dei vart endå rekna med og kalla attende. Peters veg gjekk ikkje attende til fiskarbåten, men til det å vinna menneske (Joh 21,15-23; Luk 24,13ff.) Etter si oppstode stadfester Jesus kallet til sine læresveinar - dei som hadde svikta Han. Dei fekk kall om å halde ut inntil døden.

«Ve meg om eg ikkje forkynner evangeliet», bryt apostelen ut, 1Kor 9,16, og han føyar til at han gjer dette ikkje ut frå seg sjølv, men fordi ein tvang er lagt på han (v. 16 f).

Vår kyrkje har truleg lidd under ein kontroversteologisk reservasjon når det gjeld ordinasjonsforståinga (motstand mot tanken om ein uutsletteleg karakter ved den ordinerte). Men når det gjeld funksjonen som ein kalla Herrens tenar, kan det ikkje vera nokon tvil om at vår lutherske tradisjon her har halde fast på at Guds kall i prinsippet er livslangt.

«Sanneleg, tal ikkje verdsens utakksemd saman med den store gudløysa verka på oss. Kristus har sjølv sett rikeleg løn fram for oss, når me berre arbeider trufast i Hans vingard». (Luther i fortalen til Litle Katekisma, Bek. Schr. 507). Og kan me ikkje kalle våre reformerte trussyskin også fram til vitne når dei seier:

«Dei som ein gong er valde til Ordets teneste, bør skjøna at dei er utvalde til å vera slike tenarar heile sitt liv». (Discipline ecclesiastique 1559. § 12).

Me trur at det er eit godt grunnlag i Skrifta å byggja på når det gjeld å verna om kallet, og at det nett på reformatorisk mark har vore ei sterk og eksistensiell forståing av det livsforpliktande som ligg i det serskilte kall til å tena vår Herre.

At ei slik forståing av ordinasjonen også legg eit stort ansvar på kyrkja til å leggja tilhøva til rette for at ein kan halda ut i prestetenesta heile livet, er ei anna sak som me ikkje vil kommentere nærare i denne samanhangen. Her vil me berre halda og lyfta fram det herlege og forpliktande i det livslange kallet som ordinasjonen fører inn i, ikkje til dom over dei som av ukjende grunnar har valt å bryta med prestetenesta, men til oppmuntring og formaning til vedvarande truskap hjå dei som dagleg kjenner børa av tenesta. Herren seier:

«Ta mitt åk på dykk og lær av meg, for eg er mild og mjuk i hjarta; så skal de finna kvile for sjelene dykkar. For mitt åk er godt og mi bør er lett». (Mt 11,29-30).