Kampen for livsrett og menneskeverd; - Er du medlem?

11.04.2005
Egil Morland
(Ressurser)

FBB-nytt:

Nr. 1, Mars 2001, 38. årgang


Egil Morland:

Viktig melding ut: Kampen for livsrett og menneskeverd; - Er du medlem?


Det står om livet. Simpelthen. Arbeidet med livsretts- og menneskeverdsspørsmål står lavt på den kyrkjelege engasjements-skalaen. Frå hovudsak på Kyrkjemøtet til ikkje-sak i kyrkjelivet er det kort veg. Somme skuldar på at kraftige verkemiddel frå aksjonistar har lamma frimotet, og bygd opp murar mot ålmenta som det er vanskeleg å trengja gjennom.

Det får vera som det vil. Men sanninga er at det i år er 20 år sidan Folkebevegelsen for Livsrett og Menneskeverd (seinare endra til For Livsrett og Menneskeverd) vart skipa. Den gongen var det abort åleine som var hovudfokus. Det var sjølvsagt denne saka og den skaden saka påførte folket vårt som har gjort at det eine hovudfokus er blitt til tre: abort, forskning på fosteret (gen-/bioteknologi) og evtanasi.

På alle desse områda er menneskeverdet truga. Og etisk refleksjon kjem på etterskot i høve til forskning og kommersielt press. Samtidig er det oppmuntrande teikn i tida: Det går knapt ein dag utan at store aviser gir innblikk i vår tids enorme etiske utfordringar, og konsekvensane av dei val vi gjer i dag. Nyleg kunne Sveriges største dagsavis instruktivt fortelja om at tidsfristen for seinabortar må skjerast ned: Medisinsk forskning kan no redda barn på eit tidlegare tidspunkt enn grensa for abort! Med stort medietrykk blir rettssaker om såkalla miskunnsdrap referert. Vil utfallet av sakene, og gliding i opinionen, ha konsekvensar for framtidas medisinske tilbod til gamle og sjuke? Skal mennesket kjenna skuld berre fordi det er til og ligg andre til byrde? Vi er i alle fall milevidt frå Luthers tale om den sjuke og lidande sitt embete; nemleg det å kalla fram miskunn og nestekjærleik i andre menneske!

Det står om Gud. Simpelthen. Eg kan aldri tenkja på desse sakene utan at det anfektar mi gudstru. Resonnementet er slik: Dersom det er rett å gjera alt det som jus, politikk og medisinsk teknologi set oss i stand til å gjera, så er det ikkje sant at eg er skapt i Guds bilete. Radikaliteten i skapar-trua vil utan vidare gå til kamp mot alt som vil skapa og øydeleggja mennesket i mennesket si likning. Katekismeforklaringane til artiklane om trua er geniale: - Eg trur at Gud har skapt meg og alle andre skapningar. Det er som om Luther vil seia: Har han ikkje skapt meg, kan det vera det same med resten. Eller: Eg kan ikkje tru på ein Gud som har skapt alt bortsett frå meg! Difor står det til sjuande og sist om trua. Trua vil forsvinna og kjærleiken bli kald på jorda dersom engasjementet for livsrett og menneskeverd vert borte. Eg kjem til å missa trua på Jesus og hans forsoningsverk dersom eg sluttar fred med fri-abort-ideologien. Då kan heller ikkje Heilaganden halda trua levande i meg. Fordi gud er død. Trua er blitt gjenstandslaus. Difor lar eg denne oppfordringa gå til alle som engasjerer seg i kyrkja, framom alt alle prestar: Du kan ikkje gjera kampen for livsrett og menneskeverd til ei side-sak, eller til noko "friviljug", nærast ei særinteresse. Det står om livet, om Gud og om trua. Ikkje noko mindre. For Livsrett og Menneskeverd (FLM) er også ein organisasjon. Den er medlemsbasert. Det vil seia at tap av medlemmer fører til at verksemda vert redusert.

Det må ikkje skje! Som medlem i FLM får du fire gonger i året kvalitetsmagasinet Vern om livet. Det gjev deg rikeleg med informasjon i eit populærvitskapleg språk, det gjev stoff til temakveldar og autentiske forteljingar frå livet som tilfang til preiker. Det siste er viktig. Livsrettsspørsmåla må på dagsordenen i kyrkjelydane igjen. Vi kan knapt tenkja oss noko sterkare uttrykk for at både lov og evangelium lyder når Guds ord vert rett forkynt.

FLM melder du deg inn i ved å skriva til FLM, Majorstua, 0301 Oslo, eller ringja 23 19 77 00, eller ved besøk på våre nettsider: www.flm.no eller pr. e-post: flm@os.telia.no.

Du trengst!

Egil Morland, Styreleiar i FLM