Katolsk

19.09.2023
Ottar Mikael Myrseth
Aktuell kommentar Katolsk Troslære Trosbekjennelse Trosopplæring Bekjennelse Lære Allmennkirkelig Ekteskap Biskoper

Aktuelt

Ottar Mikael Myrseth

Eit av dei vakraste ord kristne kan smykke seg med, er ’katolsk’. Likevel har omgrepet kome i vanry og vekkjer hjå mange berre negative assosiasjonar.

’Katolsk’ høyrer heime i trusvedkjenninga som kjenneteikn for den kristne kyrkja. Diverre har det i norsk kontekst blitt brukt i omsetjinga ’ålmen’, som er sterkt misvisande.

Ordet kjem frå gresk og tyder ’i samsvar med heilskapen’. Kyrkjefader Vincent av Lerins (400-talet) definerte det katolske som ’det som vert trudd av alle, til alle tider og på alle stader’.

Gjennom historia har den kristne kyrkja alltid vore gjenkjenneleg. Kristus lova at dødskreftene aldri skal vinne over henne. Ho forvaltar ’den trua som ein gong for alle er overgjeven til dei heilage’ (Judas 3). Ei kyrkje som vil vere katolsk, må vere forplikta på det evangeliet apostlane forkynte.

Det er den apostoliske tradisjonen slik han er tolka og utdjupa av kyrkjefedrane og overlevert oss frå generasjon til generasjon. På alle stader og til alle tider skal hennar livsytringar samsvare med denne heilskapen.

Det motsette av katolsk er difor det som vil rive seg laus frå heilskapen. Det skaper ’heresi’. Dette gamle ordet for vranglære, tyder rett ut sagt ’eg vel meg’. Altså at eg sjølv vert øvste autoritet for mi tru. Det autonome mennesket som vert dyrka i våre dagar, er sjølve motstykket til det katolske. Kristendom er ein trusfellesskap der det ikkje heiter ’mi tru’, men ’vår’.

Det er Den heilage ande si gjerning at same kristne trua kan finnast kvar som helst og når som helst. Ho bind dei truande ihop til eit samfunn gjennom tid og rom med våre heilage forgjengarar som modellar.

Det katolske kjem i motsetnad til den woke-bølgja som går gjennom samfunnet og over mange  kyrkjesamfunn idag. Når ein ny generasjon profilerer seg som ’up to date’ med å ta avstand frå tidlegare generasjonar sine trusstandpunkt, vert den katolske fellesskapen broten opp.

Eit bispemøte har annonsert at dei vil arrangere gudsteneste for å unnskylde forgjengarane si forkynning om ekteskap og samlivsspørsmål. Desse biskopane har revidert apostlane si lære og kyrkja si undervisning om Guds vilje for mann og kvinne og samlivet deira og markerer at dei ikkje lenger står for den gamle trua.

Dette er særleg alvorleg sidan biskopane sitt oppdrag i kyrkja er å verne om og vidareføre hennar katolske identitet. Biskopar som reviderer trusgrunnlaget og vel sjølve kva dei vil tru, er i alle fall ikkje katolske.

Ottar Mikael Myrseth

biskop i Den nordisk-katolske kyrkja