Keisar og gallilear

24.01.2024
Ottar Mikael Myrseth
Aktuell kommentar Kirke og stat Kirkesituasjon Kirker Kirke Kirkelig vigsel Kirkeordning Jesus Bibeltekster Bibelen Politisk teologi Politikk Stortinget Makt Skole Stat - kirke Stat og religion Statskirke Staten Konstantin

Aktuelt

Ottar Mikael Myrseth - biskop i Den nordisk-katolske kyrkja

Sidan keisar Konstantin si tid har tilhøvet til staten vore ei utfordring for kyrkja. Kva tilhøyrer keisaren og kva tilhøyrer Gud?

Gud har gitt keisarane mandat. Profeten Jesaja skriv om Kyros at Herren har gripe hans høgre hand for å bruke han, og for at han skal innsjå at Gud er Herren, og ingen annan. Jesus seier om Pilatus at han har inga makt anna enn den som er gitt han ovanfrå.

Apostelen Paulus seier det same på Areopagos, at folka har fått sine land og nasjonar for at dei skal leite etter Gud og kjenne han. Rammene for det gode livet på jorda er gitt av Gud som tilbake forventar anerkjenning. Han er sanninga sin opphavsmann. Alt høyrer Herren til, syng salmisten, jorda og alt det som fyller henne.

Etter 500 år med statsstyrt kyrkje og nokre tiår med ein liberal stat som krev råderett over stadig meir, er vi så innvevd i eit babylonsk fangenskap under staten si makt og innflyting, at det er vanskeleg å få auge på korkje kyrkjeleg sjølvstende eller kristen fridom.

Både offentlege styresmakter og meiningsberarar definerer kristen tru som ei privatsak. Staten krev å kunne setje grenser for kristen sjelesorg gjennom sokalla konverteringsterapi. Keisaren forbyr oss å seie at Gud skapte mennesket berre som mann og kvinne. For ikkje å nemne statar der det er forbode å konvertere til kristen tru. Likevel meiner mange at vår moderne stat mest er å rekne som ei fungerande utgåve av Kardemommeby.

Sjølv starta eg mi prestekarriere som tenar for staten. Mine to fyrste tilsetjingsbrev er underskrivne av statsministrane Oddvar Nordli og Gro Harlem Brundtland. Idag har kristne skular gjort seg så avhengige av staten at dei ikkje kan drive vidare om statsstøtta fell bort. Kva hadde folkekyrkja vore utan statsbudsjettet? Mange kristne kyrkjer aksepterer også å forvalte ekteskap på vegne av staten.

Men historia har vist oss at keisar-psykologien ikkje nøyer seg med delegert makt. Når keisaren er blitt varm i stolen, vil han ha all makt. Det gjeld både for einevalds-keisarar og for demokratiske folkeforsamlingar. Alt på Jesusbarnets fødselsdag oppfatta keisaren han som ein trugande utfordrar. Over vårt Storting er skrifta på veggen: All makt i denne sal.

Då er det tampen brenn. Jesus står med biletet av keisaren i handa når han byd oss å gi keisaren det som tilkjem han. Guds bilete, derimot, er prega i mennesket sitt ansikt. Vi er Guds skaparbilete.

Det er på høg tid å minne både kyrkeleiarar og truande om kvar vår lojalitet høyrer til, alle vi som har vår borgarrett i himmelen og ikkje i folkeregisteret.

Ottar Mikael Myrseth

biskop i Den nordisk-katolske kyrkja

(Tidlegare publisert i Dagen)