Kristne strateger

17.11.2023
Rolf Kjøde
Bokomtale Historie Leder Lederskap Kristne organisasjoner Kristen misjon Kristen arv Kristen tro Norgeshistorie Norsk kirkeliv Misjon Kirker Kirken Lekmannsbevegelse

Bokanmeldelse

Kristne strateger - Helje Kringlebotn Sødal, 2023

Helje Kringlebotn Sødal (red.)

Kristne strateger

Cappelen Damm Akademisk

2023

461 s

For ein generasjon sidan kom det fleire norske historiebøker med «strateg» som nøkkelord; Slagstads Norske strateger, Dales De pedagogiske strateger og Neumanns Maktens strateger. Historiske utviklingstrekk blir knytt til sentrale personar som var drivne av idear og gjennomførte planar. Særleg Slagstads bok har hatt ein vid lesekrets. Prosjektet hans er eigentleg ikkje å presenterer strategane ein og ein for lesaren. Han vil fortelje vår norske historie frå tidleg 1800-tal til si eiga samtid ved å sjå på dei store politiske rørslene og dei personane som stod sentralt i idedanninga.

Denne boka tar tak i 33 leiande kristne enkeltpersonar frå Hans Nielsen Hauge til Rosemarie Køhn. Alle er fødd før 1940, og berre ein av dei lever i dag, Andreas Aarflot. Slik er boka med og fyller ut anna historie som er skriven, til dømes Slagstad sitt ruvande verk. Boka fyller også ut Helje Kringlebotn Sødal si bok frå 2021, Norsk kristendomshistorie 1800-2020. Det var ei bok som med god grunn fekk god mottaking, der forfattaren i mindre grad enn mange andre historiebøker fokuserer på alle mulige leiande personar, og i staden held fram det kyrkjelege livet slik det vaks fram nedanfrå. 16 av dei 33 strategane som den nye boka presenterer oss for, er ikkje nemnt i hennar eige historieverk, og av resten er mange av dei nemnt berre i forbifarten.

Dei fleste namna var godt kjende for meg. To av dei visste eg derimot lite og ingenting om, den diakonalt-sosiale presten Eugène Hansen og den samiske misjonæren til Kina, Edvard Masoni. Takk for opninga inn til to fascinerande livs- og tenesteløp.

Kva er ein strateg? Til skilnad frå Slagstad og dei andre ved tusenårsskiftet reflekterer denne boka fagleg rundt det, først i opningskapitlet, så i sluttkapitlet. Begge er skrivne av redaktøren. Alle presentasjonane følgjer også eit skjema der forfattarane skal sannsynleggjere at personen dei skriv om, er ein strateg. Strategen blir relatert til både taktikaren og pioneren, sjølv om kategoriane også går over i kvarandre. Skilnaden mellom pioneren som individuelt sterk og ofte utolmodig og med stadig nye initiativ, og den meir langsiktige strategen som bygger ei rørsle av folk, kunne kome sterkare fram. Dette viser seg spesielt i vurderinga av Aril Edvardsen som «en misjonsstrateg i verdensklasse» (s.349). Som missiolog stiller eg store spørsmålsteikn ved det, fordi hovudstrategiane hans (evangeliske korstog og sending av vestlege pengar i staden for folk) er sterkt kritisert i det internasjonale misjonsleiar- og fagmiljøet. Det hindrar ikkje at han var ein strateg, men i verdssamanheng kanskje pioner.

Eit spørsmål som ligg der, men utan heilt å bli avklara, er om kristne strategar primært er kristne strategar for folket, eller strategar for kristenfolket. Dei fleste ligg primært i den siste kategorien, nokre ligg og vakar i grensefeltet, som Ronald Fangen og Jakob Sverdrup, mens Kjell Bondevik truleg primært må reknast som ein kristen strateg for eller i det norske folket. Det kunne vere interessant å sjå nærare på akkurat den kategorien. Kva med kristne strategar inn mot andre samfunnsområde, slik som Reidar Myhre i det pedagogiske fagfeltet? Slikt hadde sprengt boka sine rammer, men dersom perspektivet strateg for kristenfolket er ein fellesnemnar, er det eit spørsmål om den burde ha med Bondevik.

Ein styrke i framstillinga er at forfattarane til ein del av personane spør kritisk om dei kan reknast som strategar. I dei fleste tilfella lar eg meg overtyde ut frå boka sine premiss. Ved nokre stiller eg likevel spørsmål. Eg har lese om lag det same kjeldene som kapittelforfattar Marie Nedregotten Sørbø av og om tipptippoldemor mi, Berte Kanutte Aarflot, men er ennå ikkje overtydd om at ho var ein strateg. Ho var og blei ein viktig leiande person, ja, men boka seier at strategen set seg klare og ekstraordinære mål, analyserer og set inn ressursar for å lykkast (s.17f). Er det sikkert at Berte Kanutte, Edvard Masoni, Rosemarie Køhn arbeidde slik – slik forfattarane også spør om, eller måler vi dei som strategar ut frå det som ettertida ser som resultata av tenesta deira?

No ligg det minst éi utfordring her. Nokre av dei det gjeld, er personar som i historisk har slite med å sleppe til som leiarar, fordi dei var kvinner eller tilhøyrde ein minoritet. Ei kvinne for 200 år sidan kunne knapt jobbe ut frå dei ideelle vilkåra som boka nemner for å kåre ein strateg. Boka løftar fram sju kvinner. Deira strategiske rolle må vurderast ut frå vilkåra som kulturen la for at dei fekk rom som leiarar. Då blir Bolette Gjør imponerande. Dei kyrkjelege grasrotrørslene på 1800-talet var rett nok kvinnefrigjerande. NMS får også i denne boka skryt for å ha innført kvinneleg stemmerett i god tid før nasjonen, men la meg minne om at det som i dag heiter Indremisjonsforbundet, gjorde det allereie frå starten av DVI i 1898, seks år før NMS. Elles har halvparten av dei 34 kapitla i denne boka kvinneleg forfattarskap, ti ved redaktøren sjølv. Denne meldaren gleder seg også over at åtte av kapitla er på nynorsk!

Det ville føre altfor langt å gå inn på presentasjonane av den enkelte kyrkjelege strategen. Redaktøren, som er professor ved Universitet i Agder, skal rosast for å ha samla høgst kompetente forfattarar frå 15 ulike utdanningsinstitusjonar. Mange av dei har tidlegare levert avgjerande forskingsbidrag om dei personane dei skriv om. For nokre av forfattarane blir kanskje nærleiken litt for tett i identifikasjon med forskingsobjekta sin eigen ståstad. Det kan gi mangel på kritisk distanse og dermed blindsoner. Sånn sett hadde det vore vel så interessant om Lars Gaute Jøssang skreiv om Kristian Schjelderup og Pål Repstad om Ludvig Hope, eller Rakel Ystebø Alegre om Rosemarie Køhn og Birgitte Lerheim om Thomas Ball Barratt.

Eit spørsmål ved vurdering av kor strategisk personane var, kan også sjåast i lys av kva dei fekk til på kort og lang sikt. Nokon tapte sin strategiske kamp allereie i samtida. Etter mitt skjønn kjem den gjennomført konservative embetsmannen Johan Christian Heuch nær den kategorien. Mange av dei vann på kort sikt, men har tapt på lang sikt, fordi prosjektet deira i stor grad handla om å sikre Norge som kristen nasjon, å demme opp mot utviklinga. Om Ole Hallesby ikkje lykkast med det, står vi likevel tilbake med omfattande resultat av ein strategi som han skisserte i 1912 om kristen skoledrift. Nokon kunne i lys av markerte utviklingstrekk i samfunn og kyrkje ikkje bli noko anna enn overgangsstrategar, slik som Gisle Johnson. Andre har spelt på lag med den allmenne verdiutviklinga i samfunnet, som Schjelderup og Køhn, og er sånn sett notidige vinnarar. Nokon sleit i si eiga tid, men var berar av idear som har fått gjennomslag seinare, slik som Masoni. Strategane må likevel få privilegiet av ikkje å bli vurdert som profetar, men ut frå kva dei fekk å seie nær si eiga tid. Den balansen syns eg forfattarane av denne boka maktar å få fram.

I ei slik framstilling må redaktøren gjere eit utval. I denne boka er det greitt grunngjeve og har ein fin balanse. Nokre personar kjem ein ikkje utanom, som Hauge og Hallesby, Eivind Berggrav og Andreas Aarflot. Naturlegvis er det ein del eg saknar. I nyare tid kan vi tenke på ein skolestrateg som Hans Bovim – heilt avgjerande for at noko heiter NLA i dag. Frå 1860-talet til mellomkrigstida var Bergens Indremisjon eit strategisk senter for kristen-Norge, og mange store tiltak sprang ut frå dette miljøet (Den Indre Sjømannsmisjon 1880, Norges første bibelskole 1888, DVI 1898, Dagbladet Dagen 1919, i tillegg til misjonshotell, bokhandel og eit vidstrekt diakonal arbeid; dei var heller ikkje inaktive då personar vestpå tok initiativ til det som i dag er Misjonssambandet 1891 og KrF 1933). Jakob Sverdrup blir rettmessig nemnt som strateg frå det vestlandske miljøet, Jacob Traasdahl blir nemnt en passant, og strategane Lars Oftedal og Ludvig Hope hadde ei tid si form for tilknyting til miljøet der. Likevel meiner eg at indremisjonsmiljøet i Bergen i denne tida er underrepresentert i boka. Eitt av tre blad Lavik kunne ha vore nemnt; Andreas som første leiar av DVI (ImF), Nils som misjonsleiar og KrF-pioner, eller Johannes som første redaktør av landets første kristne dagsavis.

Nokre småfeil i teksten gjer for så vidt berre mindre skade, men forfattarane vil truleg ergre seg over at det feilaktig er vist til Ef 4,10 to gongar på s.84f når det skal vere Ef 4,11, at 1876-1889 blir rekna ut til å vere «over 20 år» på s.93, når tre ulike boktitlar blir nemnt som «begge» på s.287, eller når s.290 skriv «samlende» i staden for «samlede». Eg er ikkje faghistorikar, men med min allmenne oversikt i feltet kan eg ikkje sjå at forfattarane trakkar feil i større historiske spørsmål.

Dermed sit vi tilbake med ei svært leseverdig bok som også kan kaste lys over kristen strategi i vår eiga samtid. Kva kristne aktørar set seg klare og ekstraordinære mål, analyserer og set inn ressursar for å lykkast når det kristne einskapssamfunnet no ligg langt tilbake i tid og det norske folket er ei blanding av kristent, etter-kristent og før-kristent? Det krev ganske andre kyrkjelege strategiar enn dei som er representert i denne boka kunne velje. Samtidig finns det nok av inspirasjon hos desse historiske personane til å våge å sjå visjonært framover. Så langt tilbake som i kong Davids tid fanst det 200 førarar av Jissakars stamme «som hadde innsikt i å tyde tidene, så dei visste kva Israel skulle gjere».

Forholdet mellom kyrkje og lekmannsrørsle har i vår tid radikalt andre utfordringar enn dei Hauge, Hallesby og Hope stod overfor. Derfor må også dei strategiske svara bli ganske annleis. Misjonslandskapet globalt er heilt ulikt det Lars Dahle og Annie Skau Berntsen kjente. Det fører ikkje til behov for mindre misjon, men for annleis misjonsstrategi. Magnus Brostrup Landstad, Ludvig Mathias Lindeman eller Olav Hillestad representerer kristen song og musikk i boka. Det er ei strategisk utmelding frå samtida å la dei vere dagens autoritetar. Slik kunne vi halde fram. Ingen er tent med å fortape seg i dei strategiske vala som blei gjort, men vi kan hente inspirasjon frå måten strategane tenkte på i si eiga samtid, og vi kan lære av feilvurderingar som dei gjorde, også om si eiga samtid eller nære framtid, til dømes Berggravs taktisk bevisste utelating av jødespørsmålet i Kirkens Grunn.

Boka viser på sin måte to historisk strategiske reaksjonar, å demme opp mot forfallet, og å tilpasse seg utviklinga. Dagens kristne strategar må finne ei rolle som er samfunnskritisk og motkulturell, og som samtidig vågar å gå ope inn i si eiga tid med strategiar som ikkje er reaktive, men proaktive. Den afrikanske missiologen Lamin Sanneh seier at det varige evangeliet i lys av inkarnasjonen tvinger seg sjølv til å omsetjast til stadig nye språk og kulturar. Det er vel det kristen strategi til sjuande og sist handlar om, å finne vegar inn i stadig nye tider og kulturar – og inn til menneske, med det som er uendra gjennom alle tider.

Rolf Kjøde, førstelektor NLA Høgskolen