Kyrkja sjølv

28.09.2013
Egil Morland
Aktuell kommentar

Opp gjennom tidene har det vore ironisert ein del over omgrepet kyrkja «sjølv». Helst frå lågkyrkjeleg hald, når talsmenn for «den offisielle kyrkja» har arbeidd for at meir mynde måtte overførast til kyrkjelege organ, altså: til kyrkja sjølv.

Illustrasjonsfoto. Bildet viser Mariakirken i Bergen. (Foto: Nina Aldin Thune, via Wikimedia Commons, CC-BY-SA).

 

Opp gjennom tidene har det vore ironisert ein del over omgrepet kyrkja «sjølv». Helst frå lågkyrkjeleg hald, når talsmenn for «den offisielle kyrkja» har arbeidd for at meir mynde måtte overførast til kyrkjelege organ, altså: til kyrkja sjølv.

Grunnen til ironien er at eit reint organisatorisk omgrep er blitt tolka som eit teologisk. Denne språkkollisjonen har ført til forbi-snakking: På den eine sida har ein halde fram med å snakka om kyrkja «sjølv». På den andre sida har ein hevda at ingen kan gjera krav på å tala på vegne av Guds kyrkje.

Forresten: Også på statskyrkjevenleg hald og i meir liberale krinsar, har ein kritisert uttrykket. Fordi dei meinte at det insinuerte at Kongen og Kongen i statsråd ikkje var ein del av kyrkja «sjølv». Formelt hadde dei rett. Reelt tok dei feil. For etter parlamentarismens innføring er omgrepet ‘Kongen i statsråd’ eit uttrykk for den politiske fleirtalsviljen. Dermed blei det som låg til grunn for Kongens plass i kyrkjestyret, hans dåp og tru – altså det allmenne prestedømet – blitt erstatta av det allmenne demokratiet.

Det er i organisatorisk forstand all grunn til å snakke om kyrkja «sjølv». Det er like sjølvsagt som at ein kvar organisasjon vil ha styringsorgan som reflekterer medlemene sine haldningar. For kyrkja må vi leggje til: Vel å merke når desse haldningane har feste i dei identitetsberande symbola for organisasjonen. I kyrkjeleg språk: i Skrift og vedkjenning.

Når Den norske kyrkja no «sjølv» får meir mynde, så er det viktig at ho ikkje vert seg sjølv nok! Det er ikkje haldbart dersom denne kyrkja ikkje maktar å opptre økumenisk på heimebane. Vi må ikkje få ein kultur der den såkalla offisielle kyrkja kjem med eigne fråsegner i viktige etiske og trusmessige saker, medan alle andre, frå den katolske kyrkja til adventistkyrkja, og mellom dei: dei kristelege organisasjonane, – les: røkla – kjem med sine markeringar.

Berre denne hausten har vi opplevd to uheldige døme på dette. Det er trist at vi ikkje kan einast om ei bøn for stortingsvalet. Kan vi ikkje tala (t.d. om familien og livsvernet), så får vi heller teia, for å skriva om ein kjend filosof sine ord. No sist helg engasjerte kyrkja, den norske, seg i det som folk flest oppfattar som einsidige partsinnlegg i Midtausten-konflikten.

Det er særs viktig, no i kjølvatnet av Stålsett-utvalet, at ikkje den norske folkekyrkja vert oppfatta som arrogant. Det kan skje vet at vi utviklar det som på akademisk vert kalla ein hegemonisk språkbruk. Ein av dei store testane på om denne kyrkja ikkje berre vert oppfatta som å vera eit talerøyr for «folket», er om ho også maktar å inkludera det såkalla «kristenfolket» i sine rekkjer. Eg ser ingen, absolutt ingen, argument for at ikkje fråsegner i t.d. etiske spørsmål frå leiarane for misjonsorganisasjonar og andre trussamfunn, kan vera like representative for kyrkja som heilskap, som fråsegner frå eit administrativt apparat i kyrkja «sjølv».

Difor ropar eg eit varsku: Det står om kyrkja sitt truverde.

(Artikkelen sto første gang i Dagen 26.09.13)