Litt kristen

17.02.2025
Rolf Kjøde
Bokomtale Kristen tro Kristenliv Kristendom Kirken Kirkefellesskap Tro og liv Tro og tanke Trosformidling Tro

Bokanmeldelse

Åste Dokka,

Litt kristen. Eller hvorfor det er greit at kirka er full av folk som ikke vet hva de tror på.

Gyldendal (2024),

205 s, ib.

Vårt Land sin vegleiande teolog, Åste Dokka, er ein produktiv skribent. Truleg betyr det at ho blir lest i ein større krets. Derfor er det viktig å sjå nærare på kva ho bringer til torgs.

I den siste boka er agendaen å «gjøre det mulig å kalle seg litt kristen». Lesaren «skal kunne ha eksistensiell nytte av teologien uten å måtte ta stilling til noe trosspørsmål». Poenget er ikkje berre lesaren, men at det skal vere legitimt å sjåast som fullverdig deltakande i kyrkja sjølv utan å tru på Gud. Kyrkja kan uansett tilby noko individets tid er i sterkt behov av; å høyre til og halde saman.

Ho gir psykoanalytikaren Erich Fromm rett i at Guds eksistens ikkje spelar noko stor rolle for oss. Dokka innrømmer at ho sjølv også i dette er barn av si tid og derfor «har formet en human Gud i mitt bilde. Det er nå engang den Gud jeg tror på». Ikkje berre det. Ho postulerer frimodig at gudstru historisk ikkje har vore «verken tilstrekkelig eller nødvendig [mi utheving] for å være en kristen».

Boka startar med ein kortpresentasjon av 20 personar, både konkrete og fiktive, trur eg. Nokre har ei form for relasjon til kyrkja, men distanse til trua. Andre har eit slags forhold til trua, men held seg borte frå kyrkja. Ateist og muslim, kyrkjemusikkinteressert og filosofiorientert, folk med «sår» og folk utan bakgrunn. Dette er persongalleriet Dokka ser for seg når ho vidare gjennom boka har som mål å opne kyrkja for dei ho kallar «småkristne». Felles er at dei jamt over ikkje identifiserer seg med det objektive innhaldet i den kristne trua eller har noko aktivt forhold til denne.

Saman med ein del vidare refleksjonar om kva det er å vere ein kristen, særleg om kor vanskeleg det er å tru, bringer ho psykologien og psykoanalysen på bana for å gi ei tolkingsramme som kan hjelpe oss til å forstå det ho like gjerne kallar «religionens» plass i samtida. Den ho primært spelar ball med er den jødiske ateisten Irvin Yalom og hans eksistensielle psykoterapi.

Yalom held fram fire allmenne temaområde som alle menneske møter, om vi vil eller ikkje, som eksistensielt avgjerande for livet; død, fridom, einsemd og meining. I fire kapittel hentar Dokka inn Yalom sine synspunkt. Primært tar ho han aktivt i bruk som hjelp til å tolke vår eiga tid. Til dels reiser ho viktige kritiske spørsmål til Yalom, særleg i spørsmål om einsemd og meining. Hovudsaka for forfattaren er likevel å kunne bruke den psykologiske innsikta som ramme for ein berekraftig religiøsitet for folkekyrkja.

Trass i at ho kritiserer Yalom for å vere eindimensjonal, yter ho ikkje vesentleg teologisk motstand. Ho kallar utgangspunktet sitt «skapelsesteologi», som ho i neste omgang set i kontrast til «åpenbaring». Verken Faderen, Sonen eller Anden har mykje plass i framstillinga hennar. Ho vil inkludere frå si forståing av eit skapingsteologisk utgangspunkt; det allmenne. I denne boka er det representert ved ei samfunnsvitskapleg erkjenning av det sekulære og ei bruk av psykologien som døropnar for religiøsiteten i dette samfunnet

Avslutningsvis trekker ho inn den svenske sosialantropologen Mikael Kurkiala og den australske musikaren Nick Cave «som begge har satt spørsmålet om Guds eksistens til side og lever det vi kan kalle kristne liv» midt i erkjenninga av at tilværet eigentleg er av-sakralisert.

Dei står for Dokka som eksempel til etterfølging i folkekyrkja ved at dei «gjør kristne ting», som å be, gå til kyrkje, lese Bibelen.

Dokka er kanskje klar over at den light-versjonen av «tru» som ho introduserer for folket og folkekyrkja, eigentleg ikkje strekker til i lengda. Ho deler rett nok den ikkje-lutherske samtidsteologien om «dåpen aleine» som vilkår for frelse og full kyrkjedeltaking. «Det er nok å være døpt,» skriv ho. Kanskje har Dagbladets bokmeldar dette i tanken når han opplever Dokkas altomfattande «vi» som både klamt og arrogant. Vårt Lands meir sympatiske meldar slit også med dette store «vi».

På den andre sida er det ho som introduserer omgrep som «litt kristen» og «småkristen». Forfattaren innser sjølv at dette kan føre til ei forståing av a- og b-lag i folkekyrkja. Ho snakkar metaforisk med tilslutning om å romme både breiddefotball og elitefotball. Då blir det vanskeleg å kritisere grupperingar på motsett side i folkekyrkja for å skape a- og b-lag når dei vil understreke det genuint lutherske om den personlege trua og vedkjenninga som avgjerande.

Korleis kan vi vurdere dette bidraget til å opne både trua og folkekyrkja? For det første vil eg understreke noko som eg fullt ut deler; ønsket om at flest mulig – uavhengig av forhold til tru – kan kome inn i fellesskapa våre og kjenne at dei er velkomne, slik at dei blir midt i sine eigne prosessar. Det er som samtidig vedkjennande, tenande og opne at vi kan vere misjonerande, som rett nok truleg er eit ord som er Dokka framandt.

Kommunikativt er Åste Dokka svært dyktig. Ho har godt grep om språket og om metaforane sine, og litteraturkjennskapen hennar kjem fram. Ho kommuniserer også ganske forståeleg, fordi ho kjenner samtida si rimeleg godt. Ho skriv rett nok at ho er lite mystikar, noko eg kan kjenne meg igjen i, men som likevel er eit framveksande trekk ved samtidskulturen sitt krav om erfaring. Ho står på god avstand til tru som er kopla mot «emosjonell inderlighet», men kvar gong ho (for)teiknar slike miljø, får eg ei sterk kjensle at ho primært kjenner ting av omtale og i liten grad frå innsida.

Samtidgrepet hennar i denne boka er psykologisering av trua. Det stadfestar for så vidt Dokkas gode kulturinnsikt. Samtidig avslører det kor av-teologisert ho kan akseptere å vere. Eller kanskje er det progressiv ho kallar ein teologi som tonar ned trua på Gud, ikkje inviterer til tru på Jesus, erklærer dåp utan tru som tilstrekkeleg, avlyser fortapinga og gjer «religionen» meir og mindre immanent. NRKs svært sympatiske meldar lurer med rette på om forfattaren ikkje er «redd for at religionens skal utvannes».

Rolf Kjøde