Mæland-saka

11.04.2005
Jan Bygstad
(Ressurser)

Enno ein gong er vi vitne til at staten misbrukar makta si til å tvinga ein tenar i kyrkja til å lyde menneskebod meir enn Guds Bod. "Statens etikk" skal ifølge Arbeidarpartiet (ved forsvaarsministeren) gjelde i statlege verksemder.

Det same har vi sett til dømes ved innføring av abortlov og partnerskapslov, og ved forsøk på å få likestillingslova til å bli overordna Kyrkjelova.

Dersom Den norske kyrkja skal vere noko anna enn det offentlege religionsvesen som Arbeidarpartiet og andre ynskjer, og ynskjer å styra i kraft av sekulær ideologi, må kyrkja lyda Gud meir enn menneska.

Berre då er Den norske kyrkja ei sann kyrkje. Det er difor gledeleg at biskop Aarflot i denne saka har tala så klårt om prestars plikt til å tala som Guds Ord talar. FBB vil takke Oslo biskop for det han har gjort i denne saka, og utfordre biskopar og kyrkjeleiing til i alle spørsmål å vere ei profetrøyst, og til å verne kyrkja og hennar tenarar si rett til å lære og leve slik bibelordet lærer oss.

For sentralstyret i FBB:

Jan Bygstad, formann.