Når barna forsvinn

09.10.2023
Sofie Braut
Aktuell kommentar Barnefødsel Barn Abort Familie Nyhet Politikk Samfunnsutvikling Samfunn

Aktuelt

Sofie Braut

I ein tankevekkande spesialreportasje som bar tittelen «Hvor ble det av barna?» dokumenterte NRK nyleg korleis mange leikeplassar på Sørlandet er grodd igjen, prega av forfall og manglande bruk.

Dei triste bileta fortel ei historie om samfunnet vårt som vi kanskje ikkje heilt er villige til å ta inn. «Barna våre er det aller viktigaste vi har», er eit refreng hos politikarane. det er noko alle sluttar seg til.

Men, likevel, sånn i praksis. Kor blei det av barna?

Fødselstala stuper. Overlege Anne Eskild skreiv tidlegare i år at den rekordlåge fruktbarheten, 1,41 barn pr kvinne er villa politikk frå styresmaktene si side. Gjennom dei siste tre generasjonane har ein konsekvent komprimert vindauget der kvinner får barn. Foreldrepengemodellen er på frontalkolliderer med biologien, ifølgje Eskild.

Medieoppslag med familiar med mange barn er sensasjonsstoff, og den som har fleire enn to-tre barn, bør forventa å få diverse kommentarar.

Aborttala har dessutan også teke seg opp att, og var i fjor tilbake på nivået frå før pandemien, ifølgje sykepleien.no. Nesten 12.000 abortar vart utførte i fjor, ein oppgang på rundt 10 prosent samanlikna med året før. Med tanke på tilgangen vår til prevensjon, er aborttala absurde.

Som Anne Eskild kommenterer: «Prevensjon har forebygget mange flere fødsler enn aborter.»

Når politikarane litt lettvint smykkar seg med uttrykk av typen «Barna er det viktigaste vi har», er det på tide å stilla spørsmål med utgangspunkt i dei realitetane tala viser. I kva grad har vi eit samfunn der barna verkeleg er velkomne?

Visst er Noreg ei grøn grein med oljedryppande ordningar som foreldre i andre land sikkert berre kan drøyma om. Men, om målet er å vera barnevenlege, er det ikkje snart på tide å innrømma at dette berre er ein liten del av eit langt større bilete? Realitetane minner dessverre meir om NRK- bileta av forlatne leikeplassar og friområde prega av forfall.

Dei overgrodde leikeplassane er ikkje berre ei historie om eit samfunn med langt færre barn enn før. Her herskar også ekkoet frå barn utan fritid, barn med ein kvardag så gjennomregulert at ein kan frykta for at eigenskapar som kreativitet og problemløysing ligg att som utdaterte moteplagg frå 80-talet.

Den moderne barndomen er dominert av vaksne intensjonar frå morgon til kveld. Undersøkingar viser at barna er mindre utandørs enn før, og er dei utandørs, spring dei på kunstgras. Lite skjer utanfor oppmerka løype, for å seia det slik.

Det å bli eit barnevenleg samfunn, krev meir enn å lira av seg eit par sjølvsagde fraser om kor viktige barna er. Alt med barn krev tid og tålmod.

Dei kan ikkje berre passast inn i vaksne skjema og pløyast ned i samfunnsinstitusjonane for at dei raskast mogleg skal skyta opp som skattebetalarar.

Det kan verka som om barna er krona på verket for det moderne, vestlege mennesket, noko som vert sett på toppen når alt anna er på plass. Vi skyv til sides biologien som eit forstyrrande element, og gjer fruktbarhetsvindauget forsvinnande lite. For mange er dette fortvilande dyrkjøpte erfaringar.

Fødselstal, aborttal, og prevensjonspress fortel over tid ei historie som overdøyver mange andre, og vi bør lytta. Kvar gong politikarar prøver å seia noko om at vi bør få fleire barn, vekker det meir sinne enn samklang. Det er kanskje også fordi dei i lita grad elles verkar kopla på desse realitetane.

Eit reelt barneperspektiv er ikkje berre å ta barna sitt perspektiv, men å rydda plass for at dei skal kunna leika og leva friare, utan organisert aktivitet og målstyring seint og tidleg.

Kommunane som NRK besøkte, skal visstnok droppa vidare vedlikehald av dei overgrodde leikeplassane sine. Dei symboltunge bileta frå reportasjen, bør vekka til meir enn ettertanke. Viss barna er det viktigaste vi har, er det på tide å visa politisk handlekraft og finna att forståing av grunnleggande biologiske realitetar.

Sofie Braut

(Tidlegare publisert i Dagen 29.08.23)