Når pride er prioritet, er topplaus minister «helt fint»

06.07.2024
Sofie Braut
Pride Stortinget Politikk Straffeloven Ideologi Debatt

Aktuelt

Sofie Braut (Foto: Johanna Hundvin Almelid, Dagen)

Ein kulturminister som blotta seg og ein lærar som gjorde det same. Det eine får statsminister-velsigning. Det andre er straffesak.

Den rosa konfettien er truleg feidd opp, og det er tid for tilbakeblikk: Den 25. juni vart kulturminister Lubna Jaffery (AP) utnemnt til det som vert kalla «fag hag». Slang-ordet tyder ei kvinne som held lag med homofile menn, men her er det ei utnemning som gjer henne til dei skeive sin høge beskyttar. Ho seier det er ærerikt. At det forpliktar.

Opptrinnet hennar under arrangementet «Pride preik» i Oslo pride var likevel alt anna enn ærerikt. Men ein kulturminister som blottar seg, minner om kva som er så ubehageleg med den «stolte» mentaliteten. Den krev at vi alle lydig må le av og lika eit såkalla «puppe-stunt». Noko anna vil vera snerpete. Derfor ler folk med. Og statsministeren er på pletten med sjølvsagde bifall.

Ein kulturminister som blottar seg, minner om kva som er så ubehageleg med den «stolte» mentaliteten.

Jonas har jo sjølv vore gjennom den audmjukande kverna til pride. Kven kan gløyma den flaue seansen då han og Raymond Johansen pesa seg gjennom nokre ukomfortable «moves» på Oslo pride i 2019? Ein robot og hans raudsprengde sekundant på veg vekk frå alt som heiter raffinement. Men pride krev den slags lojalitet.

Også i år måtte offentleg audmjuking av landets fremste leiarar til, for å få den rette stemninga. Eit absolutt lågmål var kulturministeren som blotta seg for eit jublande publikum under Oslo pride.

I tekstmelding til VG dagen etter seier Jaffrey: «Skal man gjøre seg fortjent til en slik pris må man by på seg selv og ikke ta seg selv så høytidelig». Så høgt heng altså skeiv anerkjenning, at ho må demonstrera evna til å leggja vekk normal dømekraft.

Samtidig med VGs videosak med Lubna Jaffreys påtrengjande topplaus-åtferd, dukka ei anna sak opp på VG-fronten. «Lærer dømt for å sende toppløsbilder til elever». Denne kvinna var dømt til 60 dagars ubetinga fengsel.

Dette er sjølvsagt ikkje parallelle saker. Læraren er ein rollemodell. Ho har eit særskilt ansvarsfullt arbeid. Gutane som vart utsette for lærarens toppløyse var unge, heilt nede i 13–14 års alder.

Jaffrey droppar med åtferda si tanken om at også ein minister bør vera rollemodell. Med sin måte å oppføra seg på, signaliserer ho at noko er viktigare enn å vera ein ansvarleg vaksen, nemleg å leva opp til dei forventingane ho meiner pride har til henne.

Hennar framferd gir dessutan påfyll til alle slags fordommar knytt til skeive. Elskar til dømes alle skeive at ein topplaus minister plantar nakenbilete i hovudet på alle og ein kvar? Kan du ikkje vera skeives ven om du berre er heilt normalt anstendig og tek omsyn til at i ei digital verd er barn alltid til stades?

Ho må gjerne seia at arrangementet der ho blotta seg var innan ansvarlege rammer og 18 års aldersgrense. Men på VGs front veltar Lubna ut over oss alle.

Og, samtidig, i ein rettssal nær deg, er einkvan rasande nettopp fordi nokon blottar seg. Rettsstaten set framleis av tid og ressursar for å handheva forbodet mot usømeleg framferd med utgangspunkt i paragraf 298 i Straffelova.

Samfunnet vårt er oppteke av grenser og av krenking. Men pride set slikt på pause. Dei har fått samfunnseliten med på ein liten leik som handlar om at på deira arenaer, skal det ikkje vera så farleg med heilt alminneleg danning. Akkurat her er det berre moro med blotting. Og så må alle vi andre berre prøva å snu om, slik at vi også møter ofra for denne lærarens påtrengande åtferd med forståing.

Det ligg nær å tenkja på narsissistens «sense of entitlement»; altså førestillinga om at ein har særskilde rettar og privilegium som andre ikkje har. Ikkje berre tek ein seg til rette. Ein synest det er heilt rett å gjera det.

Kjære pride og kjære Lubna: Hjelp meg å forstå korleis skeives tryggleik og fridom heng saman med ein kulturminister som kler av seg framfor nasjonen?

Svært få av oss kom unna ein naken kulturminister no i juni. Hennar prioritet er at «de skeive skal føle seg trygge og frie». Men kjære pride og kjære Lubna, no når konfettien er feid opp og festen forbi: Hjelp meg å forstå korleis skeives tryggleik og fridom heng saman med ein kulturminister som kler av seg framfor nasjonen?

Er ikkje slik grenseutviskande åtferd berre eit steg bort frå intensjonen i paragrafen som felte og fengsla den kvinnelege læraren som også mangla dømmekraft og ikkje forstod kor grensene gjekk?

Sofie Braut

(tidlegare publistert i Dagen)