Nasjonalkyrkje, folkekyrkje og Torget

15.09.2023
Egil Morland
Aktuell kommentar Kirke og stat Kirkereform Kirkelig situasjon Kirkesituasjon Kirker Kirkesyn Kirke Kirken Kirkeordning Historie Politikk Samfunnsutvikling Samfunn

Aktuelt

Egil Morland

Ei oppmoding til Kyrkjerådet

Eg var medlem i det første Bakkevig-utvalet (1998-2002), som presenterte Samme kirke – Ny ordning. Det gav støyten til ein rask serie av hendingar. Det statlege utvalet om same saka (Gjønnes-utvalet) la fundamentet for dei likelydande vedtaka i Stortinget i 2008 og 2012, samrøystes og tverrpolitisk i eit såkalla forlik.

Prisen for skiljet var «demokratisering» av kyrkja. Det skal eg la liggja no. Men med oppløysing av statskyrkja kom eit anna påtrengjande spørsmål: Kva slags livssynspolitikk skal staten og samfunnet no leggja til grunn, og søkja støtte for, i eit sekulært samfunn?

Dette spørsmålet førte til at kulturminister Huitfeldt ba om utgreiinga Det livssynsåpne samfunn, som neste kulturminister, Hadia Tajik, seinare tok imot (2013:1). Utvalet var leia av Sturla Stålsett.

Den voluminøse innstillinga konkluderte med at stat og samfunn bør følgja to prinsipp i sin religionspolitikk. Begge låg forresten allereie i Bakkevigutvalet si innstilling: 1. Staten bør føra ein aktivt støttande religionspolitikk, og 2. Vi bør streva etter å realisera eit livssynsope samfunn.

Det første fører økonomi med seg, «på like linje» for alle trussamfunn, heiter det i den nye § 16 i Grunnlova. Det siste tyder at vi bør freista å realisera eit livssynsklima som – i utgangspunktet – ser positivt på religionen sitt nærvær i det offentlege rommet. Det vil seia at religiøse symbol er velkomne. Religion er i seg sjølv godt for eit samfunn. Det er ikkje i strid med internasjonalt anerkjente menneskerettar. Tvert om.

Korleis har det gått?

Grunnlova seier i dag at Den norske kyrkja er Norges «folkekyrkje». I engelsk omsetjing vert ho kalla Norges «National Church». Det skulle vi tru meir enn kompenserer for tapet av «statskyrkja», som jo var ei ordning ingen elska og dei fleste kritiserte. Men begge karakteristikkane og det dei signaliserer – folkekyrkje og nasjonalkyrkje – er allereie no, ti år etter, under eit formidabelt press.

Lat oss ta ein smaksprøve. The proof of the pudding lies in the eating, heiter det på engelsk. Eksempla melder seg og står i kø: Tilskotssaka på Klepp, forsøket på å halda kyrkja borte frå det torget på frivilligdagen i Hamar, eller – om vi hevar blikket – rettssaka i Finland mot tidlegare statsråd og partileiar, Räsenen.

Særleg Hamar-saka bør få oss til å spørja om berre den type religion som alle kan vera einige om, er akseptert? Er det berre plass til ein teologi som ikkje trakkar nokon på tærne?

Det livssynsopne samfunnet i ei etterstatskyrkjetid skulle nettopp, på eit nytt grunnlag, vera ein arena for m.a. kristendommen sitt nærvær i det offentlege rommet.

Eg har difor ei sterk oppmoding til Kyrkjerådet: Ta fatt i denne problemstillinga. Sei noko myndig til lokal- og sentralpolitikarar om kva nasjonal- og folkekyrkje betyr i dag, i praksis.

Saka dreier seg ikkje berre om å gje rom for religion, men også om å halda fingrane frå fatet. Ein sekulær inkvisisjon, som vi meir og meir ser konturane av, bør gje oss frysningar.

Egil Morland

(Tidlegare publisert i Dagen)