Om å høyre saman i kyrkja

13.04.2005
Einar Erikstein
(Ressurser)

FBB-nytt: LEDER

Nr. 1, Februar 1994, 31. årgang


Prost Einar Erikstein:

Om å høyre saman i kyrkja.


"Og om ein lem lid, så lid alle lemene med" (1 Kor 12,26).

Det har vore mykje tale om å høyre saman i kyrkja. Og utfordringa til å høyre saman kan ingen dra seg unna. Ho er eit sterkt kall til oss alle. Men ein ting er å stille kravet, ein annan ting å gå inn under det sjølv.

I gjennom mange år har me i FBB - tør me vitne - lidd med så mange i vår kyrkje. Det gjeld personar som har våga så mykje i kampen for det ufødde liv, for at Guds påbod om å verne og ikkje drepa liv som er frå Gud, skal respekterast i heile samfunnet. Men kva har det ikkje kosta desse som har stått fremst i denne striden? Ja, dei som har stridd for rettferda, har blitt stempla som kriminelle og har blitt straffa deretter. Må ein ikkje lide med dei? Og kvar kjennest smerta om ikkje i kyrkelekamen? Her har me vel eit kyrkjas kjenneteikn; at ein registrerer og merkar smerte alle stader der Kristi kyrkje er? Må ikkje spørsmålet melde seg om det kanskje er ein feil ved den lemen på kyrkjelekamen som ikkje føler smerte når dei som strid på Jesu side kjem i trengsel? Må me ikkje som krristne lide både på grunn av abortlov og abortpraksis i vårt land og i verda elles?

Og me har nyleg fått ei såkalla partnarskapslov - gjeven med høgste autoritet i vårt land - og denne legitimerer homofil praksis. Lid me ikkje? Og kjen lid med oss? Det er fleire her, likesom i spørsmålet om å ta livet av fosteret i mors liv, som slår seg til ro, ja til og med forsvarar homofilt (og lesbisk) samliv. Desse vil heller ikkje lide med oss. Dei spottar oss heller: Me skjønar ingen ting, seier dei.

Og for det tredje: Kyrkja har ein to tusenårig tradisjon samanfallande med Skrifta som kyrkjas grunnvoll når det gjeld menn og kvinners teneste i kyrkja: Men her har eit likestillingskrav trengt seg inn og rasert heile tradisjonen eller freista på det i alle fall. Sett at ein ville setja fram idealet om ei kvinneteneste i pakt med Skrifta og kyrkja sin skikk og ordning gjennom tusenåra? Dei som har makt i vår offisielle kyrkje i dag har visst ikkje ein gong gjort nokon freistnad på å framstelle ei teneste for kvinner som ein trygt kunne skjøne var i harmoni med Skrift og tradisjon. I staden får me ei gradvis utskiljing av dei tradisjons- og skriftbundne i vår kyrkje. Er det underleg at nokon lid? Men kven er det som lid med?

Å høyre saman i vår kyrkje er ikkje berre lojalitet overfor ein kyrkjeleg majoritet (som sume gonger kan bli til svikefull opportunisme) men å lide saman med dei som i Kristustruskapen ikkje kan gå med på å handle mot Guds ord.

Men Guds ord har då formana oss til å lide vondt saman med Herrens tenarar (jfr 2Tim 1,8). Den vyrdløysa som har trengt inn i ein stor del av den offisielle kyrkjelekamen overfor dei lemene som lid mest i truskap mot Kristus, turde vera ein av dei største skadane på kyrkjelekamen. Og det må vera tillate å be om at dei som ikkje kjenner smerte saman med dei nemnde, vil ransake seg sjølve om dei er retteleg på lekamen.