Om kvinner og Guds godhet

12.03.2025
Sofie Braut
Bokomtale Feminisme Skaperordning Skapelsesteologi Skapertro Ekteskap Ekteskapsforståelse Ekteskapsteologi Teologi Bibeltillit Bibelbruk Bibelsyn Kvinnelig perspektiv Kvinne

Bokanmeldelse

I sitt billede skapte ham dem. Om kvinder og Guds godhed.

Lohse, Logoer Media,

208 sider, mykt omslag.

Pris 199,00 DK

 

Kathleen Nielsons tematikk synest alltid vera like brennaktuell: Kvinners rolle i familie og kyrkjeyd.

Boka “I sit billede skapte han dem – Om kvinner og Guds godhet” har utforsking av “Guds godhed” som raud tråd. Gjennom ein haug med spørsmål og 11 kapittel tek ho lesaren med inn i det bibelske materialet for å finna ut om Gud gjer skil på kvinner og menn, kvifor det i så fall er slik, og kva det betyr i praksis.

Denne boka kom ut alt i 2018, men føreligg no i ei lesarvenleg dansk utgåve. Her til lands finst det forsvinnande få som set seg føre å gjesta ein så ugjestmild tematisk topografi med kritisk brodd mot tradisjonell feminisme. Mi eiga erfaring frå den såkalla underordningsdebatten, gjer det lett å skjøna kvifor.

Avgrensande?

For lesarar med eit meir allmennsekulært feministisk innsteg, vil truleg utgangspunktet verka litt avgrensande. Ein heimleg feministteolog som Gyrid Gunnes er til dømes krystallklar på at om ho måtte velja mellom teologi og feminisme, ligg forpliktinga mest på det siste. For Nielson er dette motsett.

Ho byrjar med eit Bibelsk forankra gudsbilete. Gud er god, og hans skaparorden, som openberra i Bibelen, er god. Det at ho er ærleg om sitt utgangspunkt, gjer likevel at også den vidare utforskinga framstår som ærleg. Sjølv om ho altså har eit uttalt mål: “...at vise Guds godhet imod sine kvindelige billedbærere.”

Forfriskande kontrært

Nielson er knytt til The Gospel Coalition, ein evangelisk fellesskap i si tid stifta av Tim Keller og D. A. Carson. Dermed anar vi at ho, som nemnde Keller, representerer det såkalla "komplementære" synet på kjønnsroller i ekteskap og kyrkje. Dette blir først eksplisitt nemnt i dei siste kapitla, men er tydeleg til stades også før vi kjem så langt.

Her i Noreg verkar det å stilla spørsmål ved sjølv den mest vaklevorne feministiske tolkningsramme for tilværet, som eit frykteleg overtramp. For ikkje lenge sidan, skildra den nemnde Gunnes til dømes korleis ho "kjenner på et enormt sinne" på vegner av katolske kvinner ettersom dei ikkje kan verta prestar. Ho kallar slikt for "kjønna rasisme".

Slik døme viser kor lite rom det er for å utforska kva bibeltekstane faktisk seier; slik dei lever i lesarar fjernt frå teologars krav om å harmonera dei med sekulærfeminismen.

Med doktorgrad i litteratur og eit komplementært grunnsyn, er Nielsons innfalsvinkel fjernt frå ein slik tankegang. Det som ein gong kanskje var rekna som mainstream, synest i dag forfriskande kontrært.

Kanskje Nielsons bakgrunn som akademikar på litteraturfeltet også er ein grunn til at ho finn ein litt annan veg gjennom minefeltet?

Mange grunnar til ikkje å skriva denne boka

Men rett skal vera rett. Kort tid etter at boka først kom ut, skreiv ho ein skråblikk-artikkel med overskrifta “Fem grunnar til at eg ikkje burde ha skrive denne boka”. Det fortel sitt. Det er sjølvsagt ikkje berre i Noreg ein må trø varleg.

Heilt frå det fatale brotet der i hagen i skaparverkets spede barndom, har dert vore kamp og smerte knytt til kjønnsrollene våre. Det kjem stadig til overflata i Bibelens store forteljing, og i Nielsons framstilling.

Etter at Gud skapte sine framste skapningar som mann og kvinne, for til saman å spegla han av, har dei to levd som i eit uløyseleg famntak. Om det er affinitet, avind eller aversjon som mest festar grepet, er høgst variabelt.

Kulturen vår har mange døme på at antagonistar kan vera like sterkt bundne til kvarandre som to amorøse. Det røper også djup kompleksitet.

Feminismens sjølvoppfyllande profetiar

Boka utgjer eit kjærkome korrektiv til ein feministisk gjennomsyra teologi og politikk som ofte verkar låst i kronisk misnøye over “kvinners andreplass”. Det er ingen tvil om at kvinnerørsla – med mange viktige unnatak – har vore delaktige i å fremja ein sjølvoppfyllande profeti om kvinna som andrefiolinist.

Ein kan vera misnøgd over soga om at mannen vart skapt først. Er kvinna ein skapning som alltid er på etteskot? Og kva med framstillinga av å vera skapt av eit mannleg ribbein? Vår djuptloddande diktar Marie Takvam tok eit rasande poetisk oppgjer med å vera “skapt av eit usselt ribbein”. Eg trur ho snakka på vegner av mange.

Kvinnekroppen er eit kapittel for seg. Kva er greia med at kvinner må bera følgjene av syndefallet i eigen kropp, mens mannens straff og smerte ligg meir eksternt, knytt til arbeid og forsørgarrolle?

Kvifor kom Gud til jord i ein mannskropp? Og så er det kyrkja, der rolla som prest og leiar heilt opp til vår tid har kalla menn framfor kvinner -- i følgje mange ein slags stadig skugge og følgjefeil.

Uredd

Inn på alle desse felta, og fleire andre trør Kathleen Nielson, følsamt, men fast. Ho går uredd inn i mange hjarteskjærande passasjar, det ho kallar “de mørkeste kroge”, av GT. Her gler ho lesaren ved å hjelpa til med ei lesing som verken er kunstig apologetisk eller kritisk distansert.

Verkeleg fint er dessutan hennar blikk for Jesus utsegn i møte med ulike kvinner. Dei utgjer ryggrada i framstillinga. Ho låner innsikt av forfattar Dorothy Sayers når ho avviser sentimentalisering av kvinner. Jesu metode var snarare ein komplett respekt for kvinners integritet.

Det gjer at kvinnesak til sist blir mindre vesentleg. Det sentrale blir i staden noko både kvinner og menn treng, “et klart blik for personen Jesus”.

Bibelen oppvurderer kvinna

Dei kanskje vanskelegaste kapitla kjem mot slutten. Også desse er ramma inn av ei konsistent haldning: Gud er god, og også orda om underordning og kvinners teneste i kyrkja representerer ein visjon og ein orden som reflekterer denne gode Gud.

Uansett kva ein måtte meina om desse tema, eller om ein kjenner på at dette er ting ein aldri har orka å forhalda seg til, er Kathleen Nielsons håpefullt ambisiøse framstilling eit respektfullt bidrag som aukar innsikta.

For underteikna, som lenge har meint at kvinner i Kristen-Noreg altfor lett tyr til ein åndsfattig feminisme for å finna trøyst og rettleiing, er dette god lesnad.

Bibelen oppvurderer kvinna. Det er bodskapen her. Den bibelske visjonen er den som sikrar kvinna ein heilt eigen stad, ei uerstatteleg rolle i eit guddommeleg drama -- som ut frå kristen tenking trass alt berre er ei skisse av noko som blir perfekt på sikt.

 

Sofie Braut