Geir Gundersen har halde radioandakter i 40 år og har nå gjeve ut ei samling frå dei siste 16 åra kalla GOD MORGON. Her møter vi ein erfaren prest og sjelesørgjar. Han gjev oss del i sitt personlege liv og gudsliv og formidlar den treeinige Gud som skapar, far, ven og frelsar. Han snakkar direkte og inderleg til Han gjennom samtale og bøn. Han taler personleg til oss lesarar med godleik, tillit og velvilje. Eg kjenner eg er nær ein forfattar som vil meg vel - og som ynskjer at eg skal møte den levande Gud og kjenne hans kjærleik i gode og vonde dagar. Gundersen tek Gud, seg sjølv og lesaren på alvor, han rører ved mine tankar og kjensler. Han takkar Gud for livet, trua, vona og kjærleiken. Hans livsprosjekt er å øve seg i fylgje etter Jesus – i kjærleik, omsorg og tilgjeving. Han ber oss med i toget av søkande, tvilande og truande menneske på veg til vår himmelske heim.
Dette er ei annleis andaktsbok – utan «Kanaans språk» og med personleg og omsorgsfullt innhald. Oppbyggeleg og utfordrande.
«GOD MORGON – radioandakter»
Forfatter: Geir Gundersen
Verbum forlag
2020
Innbundet