Hans Johan Sagrusten,
Fyrste Mosebok, Ein livsvisjon,
Verbum,
2024,
272 s, ib
I mange år har Hans Johan Sagrusten vist ein unik kombinasjon av grundig fagleg innsikt og god kreativ formidling. Han har vore knytt til Bibelselskapet i ulike roller, ikkje minst som bibelomsettar. Få kan presentere Bibelens teksthistorie så levande og interessant som Sagrusten. Han er både lyrikar og prosaforfattar, ein språkleg kunstnar. Heldigvis har forlaget late han skrive på hjartespråket, nynorsk.
I 2022 kom Sagrusten med ei bok som reflekterte over Johannes’ openberring. Boka var knappast ei fortolking av Openberringsboka, meir ein samtidsreflekterande bruk av tekstene. No rykkar han tilbake til start og skriv om Opphavsboka litt på same måten. Er nokon ute etter ei fortolking til Bibelens første bok, er dette altså ikkje verket å gå til. Ser nokon etter ei bok som kan male fram aktualiteten i mange av Opphavsboka sine tema og fortellingar, stiller det seg annleis.
Litt om namnet, Opphavsboka, som kjem frå den første omsettinga av Første Mosebok til nynorsk i 1905. Eg syns det er glitrande. Linjene går også direkte til det som er namnet ute i den store verda, Genesis. Slik boka faktisk startar: «I opphavet». Forlaget har likevel valt å kalle Sagrustens bok «Fyrste Mosebok» (som Luther innførte). Det beklagar eg. Det korresponderer dårleg med den tittelen forfattaren brukar i heile resten av teksta, ja, på sett og vis med heile konseptet til Sagrusten. Kanskje har dei ønska ein boktittel med direkte gjenkjenning, men eg ser knapt marknadsføringsverdien av «Fyrste Mosebok» framfor «Opphavsboka».
Sagrusten er ikkje aleine om å formidle Opphavsboka i samtida. Den verdskjende psykologen Jordan Peterson har gjort det same. Den kjende forfattaren Marilynne Robinson likeeins. Saman med desse vil Sagrusten gjerne vise kor talande bodskapen i Bibelens første bok er for menneskelivet og for trua. Han gjer det på sin eigen måte, men det som er likt med Peterson, er bruken av arketypar i teksten. Omgrepet blei fylt av psykologen Carl G. Jung om sjelelege urbilde som fortellingane speglar, der personane «blir representantar for oss alle».
Forfattaren følgjer i nokon grad kronologien i tekstene, men med fridom, avhengig av kva han vil tematisere. Oppbygginga er derfor knytt til tolv tema på eitt ord («jorda», slekta», «Gud», «brørne» osb.). Gjennom dei ulike fortellingane og personane siktar han seg inn på ulike aktuelle tema som dei kan minne oss om.
Det gjeld forvaltaransvar og overforbruk i lys av skaping og syndefall, Noa og havet som stig i klimakrisa si tid, kunstig intelligens og bykulturens hovmod i Babel. Den tida sine sårbare nomadar blir aktualisert på vår kulturs overgrep mot tatarar og samar, og Josefs reise til Egypt på vår tids innvandrarar. Ikkje minst viser Sagrusten overføringsverdien av alt som Opphavsboka seier om dysfunksjonelle familiar og skadde relasjonar, aller mest kanskje i det han skriv om boka sine «brør».
Derimot fann eg ikkje aktualisering inn mot menneskeverdet i ei tid då barnet i mors liv er blitt enda meir utsett for sortering eller når kampen om aktiv dødshjelp strammar seg til. Eg er også usikker på om han treffer når han nærast lar Kain stå igjen som ein stakkar, eit litt uvitande offer, enda han så gjerne – i følgje Sagrusten – ville oppnå Guds gunst. At Karius og Baktus skal vere Egners samtidsmetafor for syndefallet fann eg også ganske haltande.
Forfattaren er litterært godt orientert og brukar både norske og internasjonale forfattarar aktivt. Knut Hamsun, Sigrid Undset og Jon Fosse kjem fram. Aller mest brukar han den jødiske litteraturforskaren og Bibel-dramatikaren Peter Pitzele, og poeten Ronald Stuart Thomas i Sagrustens eiga gjendikting.
Vi kan «ikkje redusere desse forteljingane til eit spørsmål om historisitet», seier forfattaren. Sant nok, men spørsmåla spring ikkje vekk av den grunn. For denne boka er det greitt nok at han gjer det så pass enkelt for seg. Sagrustens utgangspunkt er at boka er «meir i slekt med kunsten enn med vitskapen». Den som vil slåst med spørsmål om historisitet eller vitskap, må til andre kjelder og forfattarar.
Sagrusten skriv mindre om Opphavsboka sin grunnleggande bodskap om nåde og om frampeiket til Kristus enn Robinson gjer. Samtidig er han langt frå Petersons moralske lesing og mangel på forståing av nåden og evangeliet. Sjølv om Sagsrusten sitt prosjekt i stor grad handlar om å lese tekstene inn i den skapte verda vi alle er ein del av, kastar han evangeliets lys undervegs, som i fortellinga om Isak som ikkje blei ofra, og ikkje minst til slutt i omtalen Opphavsboka sin tale om både løva og lammet. Sånn sett spenner han ein boge til den samtidsvisjonen han tidlegare har skrive om Bibelens siste bok.
Rolf Kjøde