Oslo treng ikkje ein teologisk liberal biskop

04.03.2025
Johannes Kleppa
Aktuell kommentar Biskop Evangeliet Evangelium Lov og evangelium Korset Bibelbruk Bibelforståelse Den norske kirke Kvinnelig prestetjeneste kvinnelige prester

Aktuelt

Oslo har fått ny biskop, Sunniva Gylver. Ho har fått stor mediedekning i ulike samanhengar, og ho er positivt motteken nær sagt over alt. Eg kjenner ikkje Gylver personleg, men ho står fram som ein hyggeleg og engasjert person, på ein litt uvanleg og original måte. Slik sett er det rett og naturleg at ho vert positivt omtalt, men det er teologien som skal avgjera om ein person er eigna som biskop eller ikkje. Det same gjeld for all forkynning og åndeleg leiarteneste. Analyserer ein Gylver sin teologi med tanke på den generelle teologiske profilen, frelsesspørsmålet og spørsmålet om kjønn og samliv, er det heilt tydeleg at ho er teologisk liberal.

Det har vorte sagt frå teologisk konservativt hald at Oslo treng henne som biskop, og det vert særleg framheva at ho maktar å snakka om Gud i det offentlege rommet, at ho er ein dyktig kommunikator, at ho er uredd og at ho er eit friskt pust inn i kyrkjeleiinga. Sjølv om dette er positivt, er det altså ikkje nok til at ho bør vera biskop og at Oslo treng henne. No ser eg bort frå spørsmålet om kvinnelege prestar, som Bibelen har forbod mot, og konsentrerer meg om det teologiske i lære og forkynning.

Den norske kyrkja treng ikkje liberale prestar og biskopar, heller ikkje i Oslo. Det treng heller ingen andre kyrkjesamfunn eller kristne organisasjonar og institusjonar. Det vi treng i alle kristne samanhengar, er bibelforplikta forkynnarar, lærarar og leiar som formidlar eit sant i evangelium. I ei luthersk kyrkje skal dette vera ei forkynning av lov og evangelium, slik at Ordet og forkynninga får vera nådemiddel til vekking, omvending og nytt liv.

Med tanke på spørsmålet om kjønn, samliv og ekteskap vert det sagt at her kan vi leva med ulike syn, fordi det ikkje rører ved evangeliet. Dette er i strid med slik Bibelen omtalar og definerer dette. Apostelen Paulus skriv til Timoteus at eit liv i synd, inkludert homofilt samliv, er i strid med «den sunne læra» etter «evangeliet om Guds sæle herlegdom» 1 Tim 1.9-11). Ein kan altså ikkje forkynna evangeliet rett i kombinasjon med vranglære om synd generelt og homofilt samliv spesielt.

Det at ein maktar å løfta Gud fram i det offentlege rommet, at ein er ein god kommunikator og at ein på det mellommenneskeleg området har mykje positivt å fara med, er bra, men det er ikkje nok kristent sett. Spørsmålet er kva Gud ein løfter fram og kva ein kommuniserer, særleg med tanke på det åndeleg og evige. Dette er det alle med oppgåver i kristen teneste skal prøvast på, og i særleg grad ein biskop.

I si første preike som biskop understreka Gylver at det var frå krossen ho henta kraft til si gjerning, og ho oppsummert det ho omtalte som «kjernen i evangeliet» i tre punkt:

«1. Vi bekjenner en korsfestet Gud, som har vært på de mørkeste steder: Vi er aldri alene.

2. Vi bekjenner en korsfestet Gud: Vi må aldri slutte å bry oss om verdens korsfestede.

3. Vi bekjenner en oppstanden Gud, som er sterkere enn ondskapen og dødskreftene – midt i alt som er.»

Les vi dette velvillig, kan vi seia at det det ikkje er noko gale i kvart av punkta, sjølv om uttrykket «verdens korsfestede» er problematisk. Det er likevel ikkje uttrykk for «kjernen i evangeliet». For Gylver synest problemet å starta i at ho tek utgangspunkt «i krossen», framfor i «ordet om krossen» (1 Kor 1.17f). Det er hendinga på Golgata kombinert med bodskapen som apostlane forkynner på basis av denne, som er Guds kraft til frelse, nytt liv og teneste. Det er når ein legg openberringa til grunn, at vi kjem ut med eit sant evangelium, ellers kan ein koma ut med kva som helst av sjølvlaga forståing av krossen.

Det den nye Oslo-biskopen presenterer som sjølve «kjernen i evangeliet», manglar nettopp kjernen. Ho har ikkje med at Jesus døydde på krossen for vår skuld, i vår stad. Ho har heller ikkje med at den prisen Jesus betalte på krossen var at han bar synda vår opp dit og sonte for denne. Han vart gjort til synd og til ei forbanning til vår frelse. Det var ei straffeliding for synda, og med det ein soningsdød. Når dette ikkje er med, er det ikkje ordet om krossen som lyder, og då er det ikkje uttrykk for kjernen i evangeliet.

Martin Luther sa at når ein skulle vurdera om det var evangeliet som vart forkynt, måtte ein lytta etter om det vart forkynt at Jesu død var for oss, i vår stad, og ein måtte lytta etter om prisen Jesus betalte, vart forkynt, altså straffelidinga under Guds dom og vreide. Dette er ein test som alle som forkynner Guds ord, skal prøvast på, og i særleg grad biskopar i ei evangelisk luthersk kyrkje.

Johannes Kleppa

(Tidligere publisert på Sareptas sider og i Dagen)