På grunnvollen

13.04.2005
Einar Erikstein
(Ressurser)

På apostlane sin grunnvoll. Efes. 2,20

"Kjært barn har mange namn," det gjeld også for kyrkja, og det høyrer med til Guds Ords pedagogikk å omtale kyrkja på mange måtar: som ein bygning, som ein flokk eller som eit folk eller som Kristi lekam eller greiner på Ran som det sanne vintreet./p>

Spør me oss så i dag om det verkeleg er slik med oss? Og her vil me konsentrere oss om me som ein del av den nominelle kristne kyrkje på jord, også svarar til dette i sanning og altså er ein bygning som har sin grunnvoll der apostelen seier at grunnvollen er, det er Kristi apostlar./p>

Kan me "gå ned gjennom" laga i kyrkjebygningen og koma ned til grunnvollen?/p>

Det må vera eit stadig og brennande spørsmål til vår kyrkje: Er me på grunnvollen? Er me rett på grunnvollen?/p>

Dette kan ikkje bety at me treng "rasere" det som er bygd gjennom tidene. Me gleder oss over det våre fedrar i oldkyrkja har tilført kyrkjebygningen med dei oldkyrkjelege og økumeniske symbol: apostolikum, nikenum etc. og desse symbola er retningsgjevande for vår kristne tanke og vart gudstenesteliv./p>

Og er ikkje reformatorane, serleg Luther, ein vesentleg del av kyrkja si lære-oppbygging, og det på ein måte som vitnar for heile kyrkja, over alle konfesjonsrammer?/p>

Men til biletet høyrer også kyrkjelege "utbygg" som ikkje har det rette tilhøve til grunnvollen. Desse må atter og atter justerast ut frå grunnvollen, om dei skal representere ei legitim påbygging./p>

Vincent av Lerin forma alt i 434 mottoet: "Det som alle stader, til alle tider og av alle har vore trudd," det skal ein halda seg til./p>

Og dette var også Luthers strid og lidenskap å koma ned til fundamentet og rette på kyrkjebygningen, reformere han, der han ikkje stod rett på grunnvollen./p>

Så avteiknar det seg ei dobbel oppgåve: Me må sikte oss ned til grunnvollen, og me må byggje rett vidare. Gjer me ikkje det fyrste, så har me ingen lovnad om å vera Kristi kyrkje i det heile teke. Forsømer me det andre, er me ikkje opne for Kristi rettleiing for rett kyrkjevokster i dag./p>

Reformasjonen byrja med eit botsrop og heldt fram med personleg og eksistensiell søking både etter kyrkja sin rette grunnvoll og etter svaret på spørsmålet: korleis byggjer med Kristi kyrkje i dag? Det var vekkingstider i kyrkja. Måtte dei koma att! Gud forbarme oss. /p>