Samkjønna ekteskap – kvifor ikkje?

13.09.2023
Ottar Mikael Myrseth
Aktuell kommentar Ekteskap Ekteskapsforståelse Ekteskapsteologi Homofilt samliv Homoseksualitet Jesus Skapelsesteologi Sølibat Seksuell orientering Seksualetikk Seksualmoral

Aktuelt

Ottar Mikael Myrseth

Somme seier at ingen skade er skjedd om alle fritt får gifte seg med den dei vil. Står då ingenting på spel i spørsmålet om samkjønna ekteskap?

Det ligg ein farleg taktikk i tankegangen bak slagordet ‘rett til å elske den ein vil’. Han bygger på at der ikkje er gitte ordningar for det gode livet. Men at det er opp til oss å velje fritt.

Når Jesus underviser om ekteskapet, grip han tilbake til skapinga: «Har de ikkje lese at Skaparen frå opphavet skapte dei til mann og kvinne». Skaparen gjorde mann og kvinne for kvarandre, somme til å leve i ekteskap andre til å leve einsleg. (Matt 19). Ekteskapet mellom mann og kvinne er altså ei gudgjeven livsform. Alternativet er sølibat. Samkjønna ekteskap set den bibelske skapingsteologien til side.

Brot med desse gudgjevne skaparordningane, fører til synd. Sex utanfor ekteskapet er synd anten ein er gift eller lever einsleg, anten det skjer utan ekteskap, som innbrot i eit ekteskap eller utbrot frå eit ekteskap. Å bryte ekteskapet eller sølibatet er å bryte med Skaparen sin gode vilje.

Dermed er det tampen brenn på to stadar:

1. Grunnvollen for den vestlege kulturen ligg i kristendom generelt og kristen seksualmoral spesielt. Samkjønna ekteskap rokkar ved dette sentrale fundamentet kulturen vår er bygd på.

Frå starten av merka dei kristne seg ut med sin truskap i ekteskapet og sitt vern om familien. Dei braut med den almene etikken i antikken der både homosexuelle forhold og skilsmisse var normalt. Dei kristne har alt felles, utanom konene sine, skriv Tertullian. Slik vann dei både respekt og rekruttering.

Når kyrkja gir etter for slagordet om at all kjærleik er kjærleik og har rett til å bli levd ut, gir ho etter for ein ny ideologi. I ein situasjon der kristendom er i sterk tilbakegang, bidreg kyrkja til å setje kulturgrunnlaget vårt på spel, til samanbrot av familien og dermed grunnvollen i samfunnet. Ho overlet menneska til å greie seg sjølve i eit samfunn utan Guds velsigning. Det er dramatisk.

2. Samkjønna ekteskap rokkar også ved grunnstrukturen den kristne kyrkja kviler på: «Han er min brudgom, jeg er hans brud.» I Jesu forkynning er kjønnspolaritet eit gjennomgåande trekk. Han inviterer til det himmelske bryllaupet. I den heilage nattverden gir han oss ein jordisk smakebit av bryllaupsfesten.

Forkynning som underslår dette, er korkje bibelsk eller kristen. Ei slik kyrkje sviktar både seg sjølv og skeive kristne som har vald sølibats-livet, og ho undergrev forkynninga av eit liv i Kristus. Det er dramatisk.

Ottar Mikael Myrseth

(Tidlegare publisert i Dagen)