Samling i sentrum

13.04.2005
Einar Erikstein
(Ressurser)

Ein kan nok sume tider få ei kjensle av at FBB står i fare for å verta eit randfenomen i norsk kyrkjeliv, bli "marginalisert", falla utanfor sentrum i vår kyrkje.

Kva er det som gjev ei slik kjensle? Er det ikkje i høg grad inntrykket av dei mange som ikkje er med? Og her skal me nok vakte oss vel for å bruke Jesu ord på vår situasjon: "Vil også de gå bort"? (Joh 6,67). Men me meiner alvorleg at arbeidet for Bibel og bekjennelse skulle samle endå fleire både av prestar og lekfolk. For dette arbeidet er sentralt og går på sjølve fundamentet for vår kyrkje. Dét skulle vel samle mange?

Ja, men er det ikkje det som skjer i alt kyrkjeleg og kristeleg arbeid innom vår kyrkje, vil sume seia. Og sanneleg er me takksame for alt som fremjar Guds rike iblant oss og vitnar om Kristus som Frelsar.

Men kristendomen har dette serskilte med seg at han talar inn i vår eiga tid gjennom eit historisk ord. Og difor er det så viktig at samanhengen med historia, kontakten med grunnvollen, som Herrens apostlar la (Efes 2, 20) er der. Elles kan me koma til å byggja i lause lufta meir eller mindre.

Vel er det slik at heller ikkje skrifttruskapen er ein sjølvsagt ting utan fårar: Det var nokon som granska skriftene og trudde at dei hadde liv i det, men tok feil, då dei likevel ikkje akta på Han som skriftene vitna om (jfr. Joh 5,39f). Men likevel er det i truskapen mot Jesu ord at lovnaden om å vinna fram til sanninga, den heile sanninga, ligg (Joh 16,13). "Ad fontes", "til kjeldene" har FBB kalla nokre studiesamlingar for studentar. Det er grunn til å ynskje og be om at ei vekking må koma over oss i vår norske kyrkje, slik at me fornyar og foruyast i truskapen mot det som er oss overgjeve som fundamentet, og der me har lovnaden om å møta den triemige Gud, som vil at me skal vera trugne forvaltarar av det Han har oss overgjeve.

Og korleis kan me då anna enn å samlast kring Skrifta som Gud trer fram i for oss og besinne oss på nytt på vedkjenninga, som er vårt glade svar på det Gud har sagt oss i sitt ord?

Ein prest sa at han kunne ikkje fungere som prest utan å kunna stø seg til andre truande som ville hjelpe han til å halde fast ved ordinasjonslovnaden, som nett forpliktar oss til truskap mot Bibel og vedkjenning.

Kven treng ikkje til dette? Og då er me ikkje i "utkanten" av norsk kyrkjeliv, men i sentrum og samlar oss der.