Samling om Bibel og bekjennelse

13.04.2005
Ragnvald Indrebø
(Ressurser)

I en kronikk i "Dagen" i sumar skreiv sokneprest Ove Hestvold om nokre samlingar av brev frå dødsdømde fangar i krigstida, og dei tankar desse hadde vekt hjå han. Han sluttar såleis: "For meg har arbeidet med disse brev, sammen med utallige andre vitnesbyrd i de siste årtier, bidratt til å forme denne overbevisning:

Det som truer kirkene over hele Europa, også vår egen, er ikke ateismen, heller ikke først og fremst det som mange nedsettende kallar kirkens ulykkelige ekteskap med staten. Trusselen er den kristelige fargete almenreligiøsitet. Den oppløser menighetene innenfra. Vi kan forsøke å etterspore årsakene, og vi må diskutere botemidlene. I hovedsak er det bare en måte å møte denne dødsfiende på, og det er ved en fornyet samling om sentrum, om Bibel og bekjennelse. Det må bli maktpåliggende for oss at ingen mennesker som står i vår kirke, skal behøve å være i tvil om hva kristendom er". (Understrekningene er gjorde her.)

Almenreligiøsiteten

Det er ingen tvil om at soknepresten her har peika på eit sers alvorleg faktum når det gjeld den religiøse stoda i folket vårt. Det er ein uklår folkereligiøsitet som får utslag t.d. på den måten at dei fleste born vert døypte og konfirmerte, at dei fleste vil vigjast i kyrkja og ha kyrkjeleg gravferd, og ein gjerne ynskjer det skal vera ei gudstjeneste i samband med større hendingar. Ein held på "religionen" og på kristne moralske grunnsetningar. Men elles kan ein leva livet utanom kyrkja og kristenlyden, og det sentrale i den kristne trua synest å ha lite å seia for ein både i livet og i døden. Står det strid om grunnleggjande kristne trudomsspørsmål, er ein helst å finna på den sida der kristendomen vert tolka "i tidens ånd". Ei markering av det som må vera hovudsak i bibel- og vedkjenningstru forkynning, dømer ein gjerne som mørk og ukjærleg dogmatisme.

Er det kristendomsopplæringa og forkynninga som har svikta? Eller er det "tidens ånd" som har verka sterkare, gjennom dei mange media som står til rådvelde i dag? Det kan vera både det eine og det andre. Men visst er det at desse tilhøva krev ei medviten samling om Bibel og vedkjenning og ein meir samla innsats for å markera det som er kjernen i kristendomen både i opplæringa og forkynninga og i skrift og tale elles.

Stat og kirke

Men dette er likevel herre ein grunn til at ei slik samling er naudsynleg. "Ekteskapet mellom stat og kyrkje" er ein annan. I og for seg trong ikkje dette hopehavet vera til meins, dersom staten hadde den rette vyrdnad for kyrkja sin vedkjenningskarakter og hennar sjølvstende i åndelege saker. Men i mange høve har denne føresetnaden vore svikta i den seinare tid.

Statsmaktene ser ut til å ha meir omsut for toleransen innan kyrkja enn for å halda oppe dei normer som gjeld både etter hennar eige vesen og etter grunnlov og kyrkjerett. Og dei har ført inn ordningar som nok vart fagna av ålmennreligiøsiteten, men krenkte det bibeltruande kyrkjefolket. I det heile ser det ut til at statsmaktene nok vil ha religion og moral, men er lite interessert i vedkjenningstru kristendom.

Her og trengst det at alle som veit kva kyrkja retteleg byggjer på og står ansvarleg for i folket, er vakne og spør kva stoda krev. Det krevst at dei står samla på Bibelen og vedkjenninga sin grunn og kan tala med ei røyst andsynes staten.

Forvillande bibelsyn

For det tredje finst det innanfor kyrkja sjølv ein teologi som veikjer tilliten til Bibelen som det autoritative Guds ord og dermed og gjer grunnlaget for vedkjenninga, kristendomsopplæringa og forkynninga utrygt. Det bibelsynet som denne teologien målber, verkar forvillande ute i folket og gjer sitt til å fremja almennreligiøsiteten.

Det trengst i sanning ei samling om Bibelen som den einaste, men og fullgode, guddomlege rettleiaren i alt som gjeld tru og liv. Det er den guddomlege sanning det står om, og alle som trur henne, må saman vitna for henne.

Kvifor samling

Men kvifor er det så om å gjera med ei samling? Dei som held Bibelen og vedkjenninga for å vera normgjevande for lære og forkynning, lærer og forkynner då kvar for seg i samsvar med desse normar så langt dei skjønar, og dei er kvar for seg viljuge til å strida for sanninga og verja den grunnen kyrkja byggjer på. Er ikkje det nok?

For det fyrste er det ikkje alle som er vakne nok. Visst ser dei den misjonerande og oppbyggjande oppgåva som alltid må ha fyrste romet i kyrkja. Men dei ser ikkje at det er grunn til å føra strid. Dei er ikkje merksame på at vedkjenningskyrkja alltid har måtta strida på ymse frontar, og at viljugskapen til å bera dei byrder som striden førde med seg, har sin store part av fortenesta når vi har ei vedkjenningskyrkje i dag.

Det er sant at det positive misjonerande og oppbyggjande arheidet fyrst og fremst må takast vare på. Men når det vert gjort åtak på det vi trur er sant og rett etter Guds ord, og når vi veit kva resonans slikt lett får i folket, kan vi ikkje dra oss unna striden, om vi aldri så gjerne berre ville få arbeida i fred. Og i denne striden må vi stå saman. Både fordi vi treng hjelp frå kvarandre til større klårleik over det vi eig i Bibel og vedkjenning, og til fastare truskap mot det, og fordi eit samla vitnemål vil ha større vekt.

Saman om hovudsaka

Det finst tilhøve innan det vedkjenningstru kyrkjefolket som vil valda vanskar for ei slik samling. Det finst innbyrdes usemje om visse spørsmål som i og for seg kan vera viktige, men likevel ikkje har med sentrum i kristentrua å gjera.

Vi kan tenkja på kyrkjesynet. Vel kan skilnaden her gå djupt. Men dersom ein kvar for seg ynskjer å byggja på Skrift og vedkjenning i dei spørsmål det her gjeld, og ikkje herre på tradisjonell tenking eller på opportunistiske synsmåtar, lyt ein tola at det finst ulike syn - berre ein prøver å skjøna kvarandre og viser vit i si framferd. Sakleg drøfting av det ein er usamd om, må det kunna vera om ein står saman om det som er hovudsak.

Vi kan og tenkja på det som har med dei meir ytre livs- og kultursformer å gjera. Her og kan det vera store ulikskapar. Men det treng ikkje hanga saman med ulik stode til det sentrale i trua. Lever ein på det same grunnlaget og forkynner den same frelsevegen, må ikkje ulike syn på dette området få verka kløyvande, som det ofte har gjort.

Det må ikkje kunna seiast at dei vedkjenningstru skil seg på mindre spørsmål såleis at dei ikkje kan semjast om ein måte å stå saman på om dei avgjerande ting.

FBB - ein eksponent for samling

På ein eller annan måte må ei slik samling ha ein eksponent. Diverre kan ein ikkje rekna med dei kyrkjelege organ. Det laut vera ein instans utanom både dei kyrkjelege og dei friviljuge kristelege organ.

"For Bibel og Bekjennelse" ser det som ei oppgåve å verka for den samlingstanken som er målboren her - med heile stoda i kyrkja vår no for auga. Korleis han praktisk skal realiserast, må drøftast nærare. Med dette er herre nemnt nokre grunnar til denne tanken må verta levande mellom oss.