Apostelen Johannes skil seg på fleire område ut frå slik dei andre nytestamentlege forfattarane skriv. Det gjer han ikkje på ein måte som motseier det andre lærer, men på ein måte som utfyller og klargjer viktige teologiske sanningar. Han brukar ofte ein del ord og uttrykk som dei andre i svært liten grad nyttar. Det gjeld til dømes ordet «sanning». Det er eit uhyre sentralt ord og tema hjå Johannes.
Sjølv om apostelen brukar eit gresk ord, og med det knyter til gresk tanke og kultur, hentar han innhaldet i ordet frå Det gamle testamentet. Slik er det gjennomgåande i Det nye testamentet. Det er altså eit viktig prinsipp at vi les NT ut frå GT, og at vi fyller ord og uttrykk med innhaldet frå GT. Dette gjeld ikkje minst kva som ligg i omgrepet sanning.
Vi brukar ofte ordet sanning om at vi gjev ei korrekt opplysning, altså at det er sant som faktaopplysning. Det er viktig nok, men i Bibelen har det ei langt djupare betydning. Det dreier seg ikkje berre om at noko er korrekt, men det har ein bodskap og ei meining i seg. Det er ikkje berre ein ytre opplysning, men det ber i seg substans. Det kjem aller sterkast til uttrykk i at Jesus brukar det om seg sjølv, og seier at han er sanninga.
Sanninga er slik Jesus er. Han er trufast og påliteleg, han har skapt alt og held alle ting oppe, han står for det som er rett og gale, i han er frelse og evig liv. Det er sanninga om tilværet og mennesket.
Jesus talar også om at han er det sanne brødet og det sanne vintreet. Det betyr at han er det verkelege brødet, altså det som det er evig liv ved. Han er også det verkeleg vintreet, altså det vi kan vera ei grein på og med det bera frukt for æva. Alt som gjeld Jesus, er verkeleg og vi kan ha tillit til det. Han er trufast. I GT er dette særleg knytt til pakttruskapen, det at vi kan lita på Gud, hans vilje og frelse, i alle ting.
Når vi avviser Jesus og hans vilje, avviser vi sanninga, og med det det verkelege, det vi i alt kan stola på, det som i alt står fast. Vi går oss inn i ei livsløgn. Då kan vi framleis gje uttrykk for korrekte opplysningar, men dei kan avspegla noko som er løgn, fordi dei ikkje er i samsvar med Gud og hans vesen. Sanninga er altså djupast sett alltid berar av substans, bodskap og meining. Dette har vi to aktuelle døme på i norsk lovgjeving.
Dersom eg ser at vi i Noreg har ei friabortlov, talar eg sant i tydinga at eg gjev ei korrekt opplysning. Samstundes gjev eg uttrykk for ei løgn, fordi lova lyg om fosteret og menneskeverdet, om mennesket skapt i Guds bilete og Guds vilje med mennesket. Som fosterdrapslov er abortlova ei løgnlov. Ho er berar av ein bodskap som er i strid med sanninga, fordi det er i strid med Gud og hans vesen. Lova lyg.
Seier eg at vi i Noreg har ei kjønnslikegyldig ekteskapslov, talar eg sant i tydinga at eg gjev ei korrekt opplysning. Samstundes forkynner eg ei løgn, fordi lova er i strid med sanninga. Lova er ei løgnlov, fordi ho talar om eit ekteskap som ikkje finst. Lova lyg om mennesket skapt i Guds bilete som mann og kvinne, og med det om Guds skaparordning og ekteskapet mellom ein mann og ei kvinne. Lova er i strid med at mennesket er skapt i Guds bilete, og med det er ho i strid med Gud og hans vesen. Lova lyg.
Det er viktig at vi brukar bibelske ord, men det er like viktig at vi brukar dei i samsvar med den betydninga dei har i Skrifta. Ordet sanning er i denne samanhengen svært sentralt, fordi det som er i strid med sanninga, er over tid destruktivt. Sanninga er altså meir enn at noko er korrekt. Sanninga er berar av Gud og hans vesen, og alt som her på jorda og i våre liv samsvarar med det.
Johannes Kleppa
(Tidlegare publisert på Misjons Sareptas nettsted)