Sist måndag vart mannen min påkøyrt

16.10.2023
Sofie Braut
Aktuell kommentar Refleksjon Betraktning Ulykker Liv Livskriser Livssyn Liv og død Velferdssamfunn

Aktuelt

Sofie Braut

Det var lenge sidan eg i det heile har tenkt på uttrykket «mjuk trafikant».

Denne morgonen, som så mange andre, kryssa han vegen på sykkel i eit fotgjengarfelt midt i fredelege Klepp. Bilisten som kom bakfrå, hadde neppe vakna heilt, og var nok i tillegg lovleg tung på labben.

Mykje går bra, men noko smell rett inn tilværet. Rett inn i ein måndagsmorgon.

For det er små feilmarginar rundt tryggleiken vår. Livet verkar så oversiktleg, ryddig og «i hakk», heilt til ei lita feilvurdering frå ein tilfeldig medtrafikant, for eksempel, skiplar det sjølvsagde. Brått ringjer realitetane i alarmklokkene.

Ein må gjerne vera den mest organiserte personen av alle, framståande ekspert på forholdsreglar av alle slag og alltid i forkant. Eg kjenner folk, folk eg til dels også beundrar, som har ein forbløffande evne til å vera i forkant på alle ting.

Men når det gjeld det aller mest grunnleggjande, er det like forbløffande korleis livet synest å dela ut sjansekort med «rykk tilbake til start» eller «deres hus og hoteller brenner». Dei som har spelt Monopol, vil vita kva eg siktar til.

Eventuell evne til å vera i forkant har eit høgst avgrensa bruksområde.

For brått står eg der og gapar ved eit søkkehol som liksom opnar seg akkurat der eg trudde underlaget var fast som fjell. Det er rart slik, livet.

Men kva gjer eg med den kunnskapen eg har om kor skjørt livet er, og kor tynn han er, sølvtråden som kvardagen min heng og dinglar i?

Når klokkene ringjer for meg, skal eg då handtera og kvittera ut mest mogleg profesjonelt for å koma meg vidare? Eller dyrka ein konstant ver-varsam-for-du-veit-ikkje-kva som-ventar-deg- mentalitet?

Og kva med trua vår når noko smell? Byr ho oss ei operativt annleis innstilling, eller reagerer eg som kristen om lag som alle andre? Nokre vegrar seg for å seia at ein kristen alltid har det beste i vente. Det blir liksom for brutalt.

«Anten vi då lever eller døyr, høyrer vi Herren til» er Paulus sin kontante konklusjon i Romarbrevet 14. Det held kanskje hardt å gjera hans ord til våre. Men er det ikkje konturane av håpet, dette, berre vi lar det slå naglane djupt ned i kvardagen og erfaringane våre?

Skrifta byd oss dessutan den visdomen som kjem frå å telja dagane våre. Kva kuleramme eller perlesnor er det snakk om her eigentleg? Med kva slags talkunst kan vi halda rekning med dagane våre, når ingen eingong kjenner til morgondagen?

Her kan vi lytta etter eit ekko frå det gamle «memento mori», som dei kviskra i øyret på suksessrike hærførarar i det gamle Roma. «Hugs at du skal døy».

Er dette den grunnleggjande grammatikken for den som vil vera audmjuk?

Det er fort å tenkja at det er eit for barskt blikk på livet. Det er som om vi bed om eit aldri så lite unntak her vi ligg i Noreg i 2023, med utsikt frå historia sitt beste soldekk. Påminningar om død passar alltid betre ein annan dag, passar sikkert også betre for folk i Ukraina og Uganda.

Men for å trekka fram eit anna visdomsord frå den gode boka, «å ta vare på hjarta framfor alt» handlar truleg ikkje om å dyrka eigen komfort og alltid vera fremst i køen i verdas beste helsevesen.

Å ta vare på hjarta er å leva med innsikt i kor lite vi greier oss sjølv når alt kjem til alt. Konturane av livet er trekte opp med stipla linjer. Vi treng han som har gitt oss livet.

Innsikta frå måndags morgon er kanskje banal, men livsviktig likevel: Det er så lite som skil eitt liv frå eit heilt anna. Eine augneblinken står ein frustrert over at nettet hakkar og lyden frå det viktige møtet haltar. I neste no lyttar eg etter lyden frå eit hjarte.

Kvardagen har eit eksplosivt potensial, om ein kan seia det slik.

Og mannen min? Han er litt betre frå smellen for kvar dag. Snart er han på sykkelen som før, snart ligg livet der igjen, djupt og gåtefullt, som ein fjord lukkar seg over noko som nettopp raste uti.

Eg er usikker på om målet er at alt skal i heilt normalt gjenge att.

Sofie Braut

(Tidlegare publisert i Dagen 08.09.23)