Skiljelinja går …

30.07.2023
Ottar Mikael Myrseth
Aktuell kommentar Katolsk tro Katolsk kirke Protestantisme Konservativ teologi Liberal teologi Læreforskjeller Læretradisjon Lære Nattverdforståelse Nattverdlære Økumenikk Gudsforhold Gudstjenesteliv Gudsnærvær Gudstro Gudsforståelse Gudsfrykt

Aktuelt

Ottar Mikal Myrseth

Dagen-spaltene har i det siste hatt fleire ytringar om korvidt katolikkar er kristne. Dei gamle forestillingane om at katolikkar ikkje trur på Bibelen men på jomfru Maria, går att. Tida er moden for oppdatering for nokon kvar.

Om dei liberale protestantane trur meir på Bibelen enn dei sekulariserte katolikkane, kan nok diskuterast. Men det er knapt nok her dei viktige skiljelinjene går i våre dagars kyrkjeliv. Ein treng ikkje leite lenge for å sjå at avstanden mellom ytre høgre og ytre venstre i fleire kyrkjesamfunn er større enn avstanden mellom kyrkjer av ulik konfesjon. Skiljelinjene går gjennom og ikkje mellom kyrkjene.

Ekumenisk arbeid vert vanskeleg i eit slikt terreng. Men det er viktig å ta stilling når ein skal finne ut «hokken ska’n godblonke tel» (Einar Skjæraasen). Jesus er enno tydelegare når han seier at «den som ikkje samlar med meg, han spreier».

Lat meg introdusere ein hjelpetanke til å sjå kvar skiljelinjene går:

Ei amerikansk undersøkjing for få år sidan viste at ein påfallande liten del av katolikkar trudde på Kristi verkelege nærver i nattverden. Trua svikta på eit felt som meir enn noko kjennemerker ein katolsk kristen. Då er det alvorleg fare på ferde, og eit omfattande undervisningsprogram om sakramenta vart igongsett. Men det spørs om ikkje her ligg ein nøkkel til vår tid:

Moderne menneske har slutta å tru på Gud og dermed på Guds nærver i livet og i liturgien, i sakramentet og i samfunnet. Det siv også inn mellom dei truande. Dermed stilnar tilbedinga, bøna opphøyrer, å gå i kyrkja for Guds skuld vert irrelevant og å tru at Gud vil meg noko vert uinteressant. Gud er ikkje lenger korkje nidkjær eller nær, korkje skræmande eller fascinerande. Berre irrelevant. Vi greier oss godt på eiga hand.

Dette viser seg med prestar som slentrar gjennom gudstenestefeiringa, som degraderer sakramentale handlingar til stasj i kvardagen, som erstattar Gudsordet med terapeutiske råd osb. Det viser seg når våre behov vert hovudfokus i kristne forsamlingar og plattformen vert ei underhaldningsscene. I kyrkja vert altaret ein museumsgjenstand eller eit bokstativ. Kven bryr seg då om det er Guds eller pastorens ord ein høyrer, om det er Kristus eller kjeks ein vert servert?

Fantasien til å framskaffe kunstige, sjølvskapte erstatningar for ‘the real thing’ er forunderleg stor. Gud kjem ut av fokus. Skiljelinja går mellom dei som trur Gud er på ferde og dei som ikkje trur det.

Ottar Mikael Myrseth

biskop i Den nordisk-katolske kyrkja

(Tidlegare publisert i Dagen)