Pris hans navn
Tillegg til Salmebok for Det evangelisk-lutherske kirksamfunn
Juni 2016
DELK-forlaget
For å setje dette litt i historisk perspektiv: For underskrivne, som fekk den gleda å vere med på arbeidet med salmeboka av 1995, var det ei spesiell oppleving å verte kjend med Johnsens salmebok, som då skulle få avløysing. Det var ei tosidig oppleving. For det fyrste var det utruleg at noko som for ein utanforståande syntest så gammalvore, kunne ha overlevd så lenge. For det andre var det fascinerande å møte så mykje av ein salmetradisjon som var sterkt redusert i salmebøkene åt Den norske kyrkja, eg tenkjer då på den ortodokse og pietistiske salmen, særleg frå tysk og dansk. Og at det framleies var eit ynske om å ta vare på så mykje av dette, men i ei meir samtidig form. Samstundes må det nemnast at salmeboka tok inn ein del nytt stoff, mykje som var kjent frå Norsk salmebok (NoS 1985 og 2013).
Med den nye tilleggssalmeboka fullfører DELK det som nærmast må vere ein revolusjon i høve til det som var før 1995. Det er naturleg å tenkje seg at dette også har med eit generasjonsskifte å gjere. Vi møter i boka eit stort tal salmar som kjem frå kjende diktarar som Svein Ellingsen og Eyvind Skeie, men også frå andre nyskapande diktarar, også slikt som er originalt i høve til NoS. Frå den verdsvide kyrkja er det mykje nytt og moderne tilfang, også der sumt som ikkje har fått plass i NoS. Vi merkar oss dei mange svenske salmane som står på originalspråket. Dei ulike stilartane er med, her er dei viseprega salmane og refrengsongane.
Interessant er det ikkje minst at det liturgiske har fått ein viktig plass. Litaniet, både i Luthers form og i den ortodokse med musikk av Bortnianskij, står under “Livet med Gud”, medan det også er ein bolk med “Bibelske og liturgiske” songar. Vekselsongen av Davidssalmane er altså på plass i DELK. Eit døme på spennvidda i boka er at tilmed Thomas Aquinas’ “Tantum ergo sacramentum” er med, under “Nådemidlene og kirkelige handlinger” (norsk tekst: “Lat oss bøye kne og love Herren for hans sakrament”).
Vi skal ikkje her gje oss inn på nokon analyse av dei einskilde salmane og seie noko om kvaliteten og om kva som burde, og ikkje burde, vore med. Det er nok å seie at salmeboka inneheld eit rikt og godt utval av salmar, som fortener å verte prøvd. Kva som vert ståande, kan vi ikkje døme om no. Eit syrgjeleg faktum er det rett nok, at ikkje alt det beste vert ståande. Noko av det beste kan verte ståande ubrukt, for di dei som vel ut kva forsamlinga skal syngje, ikkje har sans for det beste, eller ikkje vågar å ta det fram. Slik kan mangt godt døy bort. Måtte det ikkje skje med dei nye salmebøkene åt DELK!